hareid_il_logo_135.png









 

20.12. LAGFOTO ALDERSBESTEMT 2016

Om tre dagar fyller fotballgruppa 70 år. I det høvet har gruppa gitt ut eit eige jubileumshefte, som sikkert mange allereien har sett og lest. Nokre av sidene i heftet var sett av til lagbilete frå aldersbestemt fotball. Og sidan nokre av desse bileta vart ein gode del mørkare på trykk enn dei eigentleg skulle vere, så kjem bileta ein gong til her. Namna på alle spelarane og alle leiarane står i heftet.

16.12. HAREID G16 MANGLAR KEEPER. ER DU DEN RETTE?

i208158_1473582138945.jpg

29.11. 33 SPELARAR MØTTE TIL OPPSTARTSMØTE FOR G16 OG JUNIOR

Fredrik Andresen.
Fredrik Andresen.

Det vart i dag (tysdag) halde felles spelarmøte for G16 og junior 2017. Med i alle fall fire-fem som grunna sjukdom eller anna ikkje møtte, ser vi at det er eit potensial på nærare 40 spelarar i desse aldersgruppene komande sesong.

28.11. HAREID MED FORNYA SATSING PÅ JUNIORGENERASJONEN (NB. HUGS SPELARMØTE FOR JUNIOR OG G16 PÅ HUS TYSDAG 18.00)

Kim-Tore Husøy, her frå ein kamp mot Rollon i 2011.
Kim-Tore Husøy, her frå ein kamp mot Rollon i 2011.

Med Kim-Tore Husøy tilbake som trenar slår Hareid IL Fotball til med ei fornya satsing på juniorfotballen i klubben.

28.11. GODE PRESTASJONAR I "FUTSAL-CUP"

Grunna tekniske problem fekk vi dessverre ikkje oppdatert Hareid-sida i helga. Men kort oppsummert:
* SMG13 gjekk vidare frå både gruppespelet og mellomspelet i futsal-cup, men rauk til slutt ut mot Hødd i kvartfinalen (3-2-tap). Uansett godt jobba av det unge Hareid-laget.
* G16 derimot slo Hødd 1 i kvartfinalen, etter å ha tatt seg greitt vidare frå både gruppspelet og mellomspelet. I semifinalen vart det derimot 3-2-tap mot Ørskog/Stordal. Uansett ei god turnering av Hareid-karane. 
* Tre Hareid-lag har forresten nådd semifinalen i futsal-cup i haust. Ikkje verst. (Det blir ikkje spelt bronsefinalar i desse turneringane.)
* Hareid arrangerte i helga futsal-kampar i G11-klassen.
** Les meir om alt dette på Hareid IL sin facebook-profil.

16.11. SPELARMØTE/OPPSTARTSMØTE G16 OG JUNIOR 2017

Møte blir halde anten måndag 28. november eller tysdag 29. november. Meir informasjon om dette kjem neste veke.

13.11. BITTERT FOR HAREID G15 i "FUTSAL-CUP" I SULAHALLEN

August Julian Brandal, her frå ein kamp mot AaFK tidlegare i år, vart Hareid sin mestscorande spelar med sju mål denne turneringa.
August Julian Brandal, her frå ein kamp mot AaFK tidlegare i år, vart Hareid sin mestscorande spelar med sju mål denne turneringa.

Medan J16 rauk ut i mellomspelet, tok G16 seg vidare frå dette stadiet etter 2-1 mot Stranda og 3-0 mot Hødd.

12.11. "FUTSAL-CUP": BEGGE HAREID-LAGA VIDARE TIL MELLOMSPELET SOM GRUPPETOARAR

* J16 vart nummer to i si gruppe med fire poeng. Anne-Liv Holstad har scora tre av Hareid sine seks mål. I mellomspelet søndag ventar Blindheim og FK Sykkylven. Livescore.
* G15 vart også nummer to i si gruppe, etter seks av ni moglege poeng. Både August Julian Brandal og Bendik August Engen har scora tre mål for Hareid. I mellomspelet søndag skal Hareid møte Hødd og Stranda. Livescore.
** Lykke til!

11.11. KLART FOR INNE-KM ("FUTSAL-CUP")

Jon Arne Apelseth og Henrik Holstad i ein G16-kamp mot Aalesund i haust.
Jon Arne Apelseth og Henrik Holstad i ein G16-kamp mot Aalesund i haust.

Hareid har gode tradisjonar for innefotball, og kan vise til krinsmeisterskap både med den gode gamle filtballen, og den meir nymotens futsalen. Sist KM-tittel kom på nyåret 2015 då SMG13 vart krinsmeistrar. (Forresten er vi usikre på om årets konsept blir rekna som KM eller ei. Turneringane i år blir kalla "futsal-cup"). Korleis det går i år står igjen å sjå. I alle tilfelle er det G15 og J16 som skal forsvare Hareids ære denne helga.

30.10. BRONSE TIL HAREID G15 I DAHLE-CUP

Vi gratulerer. Foto: KV

26.10. STERKT AV G16: SLO AALESUND 4-0

August Julian Brandal (biletet) scora tre mål mot AaFK, medan William valde Bigset scora eitt.
August Julian Brandal (biletet) scora tre mål mot AaFK, medan William valde Bigset scora eitt.

Hareid sitt gutelag spelte tysdag kveld omkamp mot Aalesund i 1.-divisjon. Tidlegare i haust tapte Hareid 1-0 mot dette laget. Men dommaren innrømte at ho gjorde ein så stor brølar at det hadde direkte konsekvens for kamputfallet. Derfor vart kampen spelt på nytt. Og resultatmessig gjekk det veldig bra: 4-0 til Hareid. G16 har igjen éin kamp på terminlista - mot Ørsta. Per i dag er det usikkert om og når denne blir spelt. Det kan bli neste veke. Til helga skal Hareid G16 på Dahle-cup.

30.09. FOTO: GUTEKAMP HAREID - EMBLEM (3-1)

Hareid spelte ein god kamp og vann fortent 3-1 mot Emblem i 1.-divisjon fredag kveld. Emblem var rett nok i periodar godt på høgde, og det vart spennande då dei reduserte til 2-1 mot slutten av 2. omgang. Då hadde Hareid også ei redning på strek. Men mot slutten av kampen heldt Hareid hovuda rolegast. Ei sein scoring sørgja for 3-1, medan Emblem fekk ei stor mengde kort, også eit raudt. Det siste minuttet vart det faktisk spel 11 mot 9. Hareid sine målscorarar var alle forsvarsspelarar; Tarje Dimmen Riise, Even Årsborg Bjåstad og Henrik Holstad. Bra jobba!

16.09. FOTOGALLERI: ULIKE FOTO FRÅ DENNE VEKA

Mellom anna frå kampen Austefjord - Hareid III (sjuar menn) og gutekampen mellom Hareid og Aalesund. AaFK vann sistnemnde 1-0 fredag kveld, men slik vi forstår det er ikkje siste ordet sagt i den saka, sidan dommaren innrømte at ho annulerte ei straffescoring av August Brandal på feil grunnlag. 

04.08. NORWAY CUP DAG 5 HELD FRAM: G16 UTE, SMJ14 TIL SEMIFINALE!

* I sin andre kamp i dag vann Hareid SMJ14 3-0 mot Oppegård i kvartfinalen i a-sluttspelet. Dermed blir dei det første jentelaget frå Hareid som når ein semifinale i eit a-sluttspel i verdas største fotballturnering. Gratulerer så mykje! Semifinalen går allereie i kveld, klokka 21.10, på Ekeberg. Lykke til!
* G16 II rauk ut i kvartfinalen i a-sluttspelet i ettermiddag. Motstandar var Tjørvåg. Etter at stillinga var 0-0 halvvegs kollapsa Hareid i 2. omgang. Tjørvåg vann 4-1, etter at Hareid også hadde fått utvist ein spelar. Sjølvsagt svært surt å avslutte ei elles god turnering på ein heller dårleg måte, men vi skal hugse at laget også har vist mykje bra i Oslo denne veka. Bra jobba!

04.08. G16 FØLGDE OPP: TIL KVARTFINALE I A-SLUTTSPELET

Det var venta at det skulle bli ein tøff 1/8-finale i G16-klassen mellom Hareid og tyske Harlingerland. Slik vart det slett ikkje. Hareid vann heile 7-0 etter å ha leia 4-0 til pause. No blir det kvartfinale mot Tjørvåg klokka 14.45. Kampen går på Ekeberg. Girri, girri!

03.08. NORWAY CUP DAG 4 (ONSDAG): TRE HAREID-lAG ER MED VIDARE TORSDAG

SMG14 på Norway Cup. Laget er eitt av våre tre som framleis er med i turneringa torsdag.
SMG14 på Norway Cup. Laget er eitt av våre tre som framleis er med i turneringa torsdag.

Det har vore ein Hareid-dag med både store triumfar og gedigne skuffelsar. Men tre av seks lag skal framleis vere med torsdag. Og det er jo ein bra prestasjon.

03.08. NORWAY CUP DAG 4 (ONSDAG), FØRSTE OPPDATERING: TO HAREID-LAG VIDARE, EITT UTE

* Første ute i dag var SMJ14. Dei hadde ingen problem med å slå Leirgulen 4-0 i 1/32-finalen i a-sluttspelet. Hanna Holstad Grimstad scora alle Hareid-måla. Allereie klokka 15.40 spelar Hareid 1/16-finale i denne klassen. Motstandar er Årvoll, og kampen blir spelt på Ekeberg.

1234...12Neste
ARRANGEMENT

MiTT VALG KURS

27.oktober

Påmeldinglink Mitt Valg Kurs 27.10. 

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 




   SPONSORAR