hareid_il_logo_135.png









 

24.03. A-LAGET: KAMPEN MOT TRÆFF GÅR UT

Hareid A skulle ha møtt Træff til treningskamp neste helg. Men sidan Træff har avansert i NM går kampen ut. Om ikkje ny motstandar kjem på plass satsar Hareid på ein internkamp neste laurdag, får vi opplyst. Hareids generalprøve går heime mot LGFK torsdag 7. april. Seriestart mot SIF på Siffen torsdagen etter.

07.02. HØDD 2 NESTE FOR HAREID A

Vagn Scheide Mork, Einar Magne Skeide og Knut Helge Hovden.
Vagn Scheide Mork, Einar Magne Skeide og Knut Helge Hovden.

Onsdagskamp for Hareid komande veke.

01.02. OBS: HAREID - EMBLEM FLYTTA FRAM

Hareid skulle eigentleg ha tatt imot Emblem til treningskamp torsdag, men no får vi vite at kampen er flytta fram til i morgon, tysdag, klokka 18.00. Bane: Hareidsmyrane stadion. Vel møtt til årets første heimekamp!

16.01. A-lAGET: TJØRVÅG I FØRSTE TRENINGSKAMP

Hareid-oppmann Kristan Angelsen.
Hareid-oppmann Kristan Angelsen.

- Treningskampane er no så og seie i boks, fortel Kristian Angelsen til Hareid-sida.

03.01. OPPSTART A-lAGET (MENN) 2015

Spelarmøte og deretter trening torsdag 8. januar klokka 18.00. Møt opp i andre etasje på klubbhuset.

Det blir truleg ei siste innetrening måndag 5. januar 20.55.

08.12. A-LAGET 2015

Oppstartsmøte for 2015-sesongen blir torsdag 8. januar klokka 18.00 i festsalen.

Fram til då blir det innetreningar (sjekk facebook-gruppa) måndag 15. desember, måndag 22. desember og truleg også måndag 5. januar.

14.07. A-laget: To treningskampar på plass
Frå ein treningskamp mellom Hareid og Tornado Måløy FK i vår.
Frå ein treningskamp mellom Hareid og Tornado Måløy FK i vår.

No har vi fått på plass to treningskampar før haustsesongen. Dei går mot Hovdebygda og Ørsta, begge borte på gras. Dato og tid ser du i høgremargen.

03.07. A-laget begynner på igjen måndag

Denne veka er det treningsfri. Så begynner treningane på igjen måndag neste veke. I heile juli blir det treningar måndagar og onsdagar klokka 18.30. Alle som ikkje er på ferie må kome. 

17.02. A-laget: Valder neste
Christer Adrian Mork før kampen mot Bergsøy. Rykta vil ha det til at "Farfar" stod over måndagstreninga grunna ein strekk han fekk mot slutten av Bergsøy-kampen.
Christer Adrian Mork før kampen mot Bergsøy. Rykta vil ha det til at "Farfar" stod over måndagstreninga grunna ein strekk han fekk mot slutten av Bergsøy-kampen.

Etter å ha hatt kampfri heilt til 15. februar blir no kampaktiviteten intensevert fram til treningsleiren i Tyrkia 16. mars. Neste kamp går borte mot Valder torsdag førstkomande. Det blir ei effektiv reise der vi tek 17-båten frå Hareid og er heime klokka 21.00.

10.02. Kampstart 14.00

Det er no bestemt at treningskampen mellom Hareid og Bergsøy på Hareidsmyrane stadion laurdag startar klokka 14.00. Dette blir Hareid a-lags første treningskamp i år. Meir førehandsinfo seinare i veka.

29.01. Hareid møter Tornado Måløy FK til generalprøve 12. april

Dermed har vi fått booka 10 treningskampar før seriestart. Vi møtte TMFK også i 2010 - då to gonger. Vi vann 1-0 på Hareid og spelte 4-4 på Eid. Denne gongen er Hareid heimelag. Sjekk heile oppsettet.

28.01. A-laget: Årets andre internkamp går torsdag

Det blir som sist skikkeleg opplegg med drakter og dommar. Ein fin sjanse for mange til å vise seg fram på stor bane. Kampen startar klokka 19.30 (oppmøte 19.15).

Men først er det vanleg trening onsdag 18.30.

25.01. A-laget: Spelarmøte klokka 18.55 måndag

Vi tek eit kjapt spelarmøte på 15-20 for å spikre delatakarlista til Tyrkia, samt lagar til adresselister. Trening som vanleg klokka 19.15.

14.01. Treningstidene til a-laget

Treningstidene for a-laget blir desse i vinter: Måndag 19.15, onsdag 18.30 og torsdag 19.30. Normalt sett er det Hans Gisle som har ansvar for treningane måndagar og torsdagar, med Vidar som assistent - medan Ruben tek onsdagstreningane (EOT hjelper til om han kan). Men det kan bli interne rulleringar, som det vart sist veke og også blir denne. Frå 1. februar går vi opp til fire aktivitetar i veka. Det betyr oftast treningskamp torsdag eller laurdag (eventuelt internkamp).

08.01. A-treninga i dag

går klokka 18.30. Vel møtt.

03.01. A-laget: Booka treningskampar så langt

Sjekk oversikta.

01.01. A-laget: Oppkøyringa startar måndag 6. januar

Meir info om tidspunkt når det lid på. Det blir uansett eit spelarmøte før treninga, og til det møtet må spelarane avklare om dei kan fare på treningsleir mellom 16. og 23. mars.

123456Neste
ARRANGEMENT

MiTT VALG KURS

27.oktober

Påmeldinglink Mitt Valg Kurs 27.10. 

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 




   SPONSORAR