hareid_il_logo_135.png









 

Flott turnhelg på Hareid

Treningshelg 6. og 7.november

Sjå bildeserie nedst i artikkelen :-)

Denne helga arrangerte turngruppa i Hareid idrettslag ”Open dag”
og treningshelg, for store og små. Vi hadde heile hallen til rådigheit
og fekk rigga opp alle turnapparata våre. Det myldra av aktivitet på airtrack,
i skranke, hopp, bom og på frittståandegolvet.
”Open dag” gjekk ut på at alle born i alderen 6-18 år fekk moglegheita til å
prøve ut turnapparat. Dette var ein kjempesuksess.
Frå Hareid turn deltok alle gruppene frå 1. klasse til og med ungdomsgruppa.
Det var satt opp treningstider for alle både laurdag og søndag.
Kjekt var det at Hødd tok del med sine apparatturnarar.
Turnarane syntes det var stas å trene i lag, og vart inspirerte av kvarandre.
Det å ha alle apparata samla på ein og same plassen gir eit godt læringsutbyte,
og det ga barna sterkt uttrykk for. Dette kom fram gjennom treningsglede og
fornøgde jenter og gutar som strålte av meistring.
Takk til alle flinke trenarar som stilte opp heile helga og brukte tid og
krefter på å gi barna gode turnopplevingar! Takk til foreldre som stilte på dugnad,
og som køyrde og rigga utstyr! Resultatet vart ei flott og lærerik helg, vel verdt alt strevet!!

Mvh. Foreldre i Turngruppa, Hareid IL

ARRANGEMENT

Årsmøte Fotballgruppa

Onsdag 21.11.18. Kl. 19.00

Klubbhuset

__________________________

Påmelding er open!

__________________________

MiTT VALG KURS

27.oktober

Melshorn Hotell

 

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL