hareid_il_logo_135.png









 

HANDBALL

Treningstider

Tirsdagar:

16.00 - 17.00: 1. -4. klasse (mini).
Trenar: Sunniva Seljeseth, Linn Håberg Dimmen, Lydia Worren og Sarah Vasstrand Hodge.

19-00 - 21.00: Damelaget.
Trenar: Stasys Galdikas

Onsdagar:

18.00-19.00: J11.
Trenar: Linda Godø Kostaris

19.00-20.30: Gutar.
Trenar: Linda Godø Kostaris

19.00-20.30: J13.
Trenar: Rune Børjesson

20.30-22.00: J16.
Trenar: Maria Juul Hansen og Kjell Arve Østrem

Torsdagar:

19.30 - 21.00: Damelaget
Trenar: Stasys Galdikas
Fram-samling
12122528_1244429505583077_7185395956335316698_.jpg
Vi er stolte over at spelar på damelaget, trenar, og sportsleg leiar på aldersbestemte lag, Linda Kostaris, denne helga skal på FRAM-samling i regi av Håndballforbundet. FRAM er eit prosjekt der visjonen er å få fleire kvinnelige trenarar, dommarar og leiarar med i toppidrettsmiljøa.

HAreidhallen stengt

Neste veke (veke 42) er Hareidhallen stengt grunna Hareidsstemna. Det vert difor ikkje trening for dei aldersbestemte laga.

Hareid IL Handball Damelag har alternativ trening denne veka.

intervju i vikebladet i høve sesongstart

Her finn du artikkelen som Vikebladet har skrive om sesongstart for Damelaget.

http://www.vikebladet.no/frapapir/article11551020.ece

Turnering i ulsteinvik

Jente 14 skal delta på turnering i Ulsteinvik laurdag 19. september. Turneringa startar klokka 10.00 og er ferdig klokka 18.00.

Hareid j14 skal spele desse kampane i Sal B:
11.25 mot Langevåg gul
12.25 mot Hødd
13.25 mot Valder

HAreid - bergsøy 2

Damelaget spelte sin fyste kamp denne sesongen mot Bergsøy 2 søndag 13.september. Det vart ein jamn kamp, og til pause var stillinga 8-10 til Bergsøy 2.

I 2. omgong kjempa Hareid tappert, og det vart scoringar på kontringar og straffer. Dessverre vart Bergsøy 2 for sterke for Hareidslaget, og kampen enda 18-23.

Sesongkort damelagskampar

I år vil det vere mogleg å kjøpe sesongkort til 250 kr. Du sparar då 110 kr.

Alle som spelar handball i Hareid IL på aldersbestemte lag kan hente sitt sesongkort i kiosken gratis.

Lisens og forsikring til nhf:

Informasjon om lisens og forsikring til Norges Håndballforbund finn du her:

https://www.handball.no/regioner/nhf-sentralt/praktisk-info-1/lisens-og-forsikring/


Min Idrett: https://minidrett.nif.no/

Sesongen 2015/2016 er snart i gong!

Terminliste for 15/16-sesongen for Hareid IL Handball Damelag finn du her:

https://www.handball.no/system/kamper/lag/?lagid=722842

Fyrste kamp for Damelaget er søndag 13. september klokka 17.00. Motstandar er Bergsøy 2.

Hending på Facebook finn du her:
https://www.facebook.com/events/458217151053723/

Det har vorte nokre endringar i Damelaget til Hareid og det blir spanande og fylgje dei denne sesongen.

Vi håpar på godt oppmøte og støtte på heimekampane!
VI VANN UMBRO CHALLENGE!
Hareid IL Handball takkar for all støtte under Umbro Challenge. Med dykkar hjelp, vann vi utstyr for 50.000 kr.

Pengane har gått til nye drakter for aldersbestemte lag, bortedrakter til damelaget, nye handballar, handballsekkar, taktikktavler, fløyter, pumper og så vidare. Dette kjem godt med for alle som spelar handball i Hareid IL.

Tusen takk!

Her er det Vikebladet skriv om saka:
http://www.vikebladet.no/sport/article11267241.ece

FINALE I UMBRO CHALLENGE

Hareid IL Handball er i FINALEN om å vinne utstyr for 50.000 kr. Dette er pengar som vi sårt treng, og som barn og unge på Hareid får glede av. Gå inn og lik biletet av oss. Det er berre ei stemme per person. På førehand tusen takk for støtta og hjelpa!

https://www.facebook.com/UmbroNorge/app_156228071222865
miniturnering
11150519_1136635129695849_6876165761484397599_.jpg

Denne flotte gjengen deltok i dag for fyrste gong på miniturnering. Kjempeinnsats av jentene!

Umbro challenge

Hareid IL Handball er med i Umbro Challenge og treng di støtte! Premien er utstyr for 50.000 kr, noko som hadde kome godt med for Handballgruppa! Alt du treng å gjere for å vise di støtte, er å gå inn på linken under, finne biletet av Hareid Damelag (under mest populære) og trykke på "Liker". Det er berre mogleg å stemme ein gong per brukarkonto.

Vi set stor pris på di støtte! På førehand takk!

https://www.facebook.com/UmbroNorge?sk=app_156228071222865

11149243_10152811558156938_4876075953288248156.jpg
Park hotel cup

Helga 17.-19. april deltok Hareid Damelag på Park Hotel Cup på Voss. Damene fikk bryne seg på lag som hadde fleire 2. divisjonsspelarar. Hareid fikk godt utbytte av cupen, både sportsleg og sosialt, og kunne ta med seg bronsepokalen heim. Hareid slo Voss 2 med sluttresultatet 23-19. June Skeide Bergseth vart toppscorar i cupen med heile 34 mål! Gratulerer!

Toppscorar i cupen, June Skeide Bergseth (til venstre), og Susanne Bigset med pokalen.
Toppscorar i cupen, June Skeide Bergseth (til venstre), og Susanne Bigset med pokalen.
Park hotel cup på voss
Nokre bilete frå cupen på Voss.

Damelag 2

Damelag 2 trenar onsdagar 20.00-21.00, og er eit lavterskeltilbod for damer i alle aldrar som har lyst til å spele handball. Det er allereie mange som er med, både damer som har spelt handball før og damer som aldri har spelt handball før. Det viktigaste er at det er kjekt! Trenar er June Skeide Bergseth som spelar på damelag 1.
Vikebladet har laga ein artikkel om damelag 2, som du kan lese her:
http://www.vikebladet.no/sport/article10866525.ece
 

Terminliste

Terminlista 2014/15

ARRANGEMENT

MiTT VALG KURS

27.oktober

Påmeldinglink Mitt Valg Kurs 27.10. 

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL