hareid_il_logo_135.png









 

Hareid i.l klubbhus

eksteri_r_003.png
MYRAVEGEN 12, 6060 HAREID
Klubbhuset ligg like ved fotballstadion nært Hareid sentrum og vart teke i bruk av Hareid Idrettslag i 1988. Det har seinare vorte påbygt og modernisert, og er dessutan tilknytt Hareidhallen.
Huset består i hovudsak av garderobar, lagerrom, møterom, kontor, kiosk og selskapslokale. Lokala vert nytta av Hareid Idrettslag sine eigne grupper til trening, møter m.m. Selskapslokala vert også leigd ut til fest og møter i helgar og på vekedagar. I helgane vert selskapslokala mykje nytta både av private og lag/organisasjonar til samlingar og fest. På vekedagar leiger vi ut til offentlege eller private organisasjonar og firma. Hareid Rotary har hatt fast tilhaldstad her sidan klubbhuset vart teke i bruk. Lokala er utstyrt med nytt, avansert musikkanlegg for diskotek, projektor, video/TV, fastmontert projector for oppkopling til PC/video/TV eller DVD-spelar og trådløys internettilgang.

Trådlaus breibandtilkopling og tilhøyrande utstyr kan fritt nyttast av alle leigetakarar. Husk spør etter innloggingsdata på førehand.
Moderne teleslynge for hørselshemma er også montert.
Vi leiger også ut møterom i 1. etasje for opp til 12 personar.
Alle inntekter av utleige er med på å finansiere drifta av klubbhuset.
Klubbhuset har eige styre underlagt hovudstyret i Hareid Idrettslag (H.I.L).
ARRANGEMENT

_________________________

__________________________

Les alt om Grendacupen her:

grendacupen.hareidil.no

__________________________

MiTT VALG KURS

27.oktober

Melshorn Hotell

 

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL
A