hareid_il_logo_135.png









 
28.03. OFFISIELT LAGBILETE HAREID A-LAG 2015

Mistar Hareid 4 berebjelkar?

Kim-Tore Husøy har dei siste seks sesongane skapt mange minneverdige stunder for Hareid-fansen. Har vi sett Husøy i den raude nummer 5-drakta for siste gang, eller vel han å fornye samarbeidet med André Skotheim (til venstre), som heilt sikkert helst ser at Husøy spelar i raudt neste sesong. FOTO: Jan H. Djupvik

Kim-Tore Husøy har dei siste seks sesongane skapt mange minneverdige stunder for Hareid-fansen. Har vi sett Husøy i den raude nummer 5-drakta for siste gang, eller vel han å fornye samarbeidet med André Skotheim (til venstre), som heilt sikkert helst ser at Husøy spelar i raudt neste sesong. FOTO: Jan H. Djupvik

Trenarteamet til Hareid kan få seg lit av ei utfordring etter juleferien. Etter det nettsida kjenner til, skal både Kim Tore Husøy, Ørjan Engen Grimstad, Christian Mork og Ruben Kenneth Brandal vere i tenkeboksa når det gjeld å skifte klubb. Frå før veit vi at Remi Helleseth ikkje blir med neste sesong. Somme vil også ha det til at Per Ståle Nykrem og Martin Molnberg tel på knappane, men dette er vi tvilande til.

Julehelsing frå Einar Orten Trovåg

Leiar i Hareid IL Fotball (a-lagsstyret) gler seg som ein unge til fotballsesongen 2009 på Hareid. Men formannen har andre planar for året som kjem. Han er no i dialog med eit nasjonalt kvinneblad, der han er ønska som modell. Han har vore på audtion, og har gott nettsida ein kolleksjon for publisering på nettsida.

Leiar i Hareid IL Fotball (a-lagsstyret) gler seg som ein unge til fotballsesongen 2009 på Hareid. Men formannen har andre planar for året som kjem. Han er no i dialog med eit nasjonalt kvinneblad, der han er ønska som modell. Han har vore på audtion, og har gott nettsida ein kolleksjon for publisering på nettsida.

Einar Orten Trovåg kjem her med ei julehelsing til nettsida sine lesarar.

Gruppe C - Ingen mareritt for Skotty

Majonade-ekspertar? Eller gode fotballspelarar også? I romjula får vi sjå om laget ";-)" med Majonade-kompisane Steinar Nupen (bildet) og Tommy Torsvik i spissen har funne formelen til å vinne Grendacupen.

Majonade-ekspertar? Eller gode fotballspelarar også? I romjula får vi sjå om laget ";-)" med Majonade-kompisane Steinar Nupen (bildet) og Tommy Torsvik i spissen har funne formelen til å vinne Grendacupen.

Så er vi over på gruppe C. Der er André Skotheim og det stjernedominerte "Skottys Nightmare" store favorittar. Ikkje den heilt store gruppa dette, men det nykomponerte Majonde-inspirerte laget ";-)", vi kallar dei Blonkesmiley, tar nok 2. plassen utan nemneverdige problem.

Grendacup: EOT vurderer gruppe B

Nye gull for Espen Beiermann? På dette bildet viser Reina-mannen fram ein av dei fire gullpokalane han har vunne i Grendacupen. Vi trur Beiermann må nøye seg med  gråstein i år, men Reina tar nok sigeren i gruppe B.

Nye gull for Espen Beiermann? På dette bildet viser Reina-mannen fram ein av dei fire gullpokalane han har vunne i Grendacupen. Vi trur Beiermann må nøye seg med  gråstein i år, men Reina tar nok sigeren i gruppe B.

Gruppe B er definitivt ikkje dødens gruppe. Dei to antatt beste laga, "Sjukheit" og "Reina", må begge finne seg i å vere i outsidergruppa bak dei fremste favorittane. Men nok om favorittar og outsiderar i cupen. I dag skal det handle om gruppe B.

Kenneth Moldskred ny jr.trenar på Hødd

Kenneth Moldskred er enig med Hødd om å trene rekruttlaget i 2009-sesongen. Etter det vi kjenner til, vil dette dreie seg om Hødd2 i 3.divisjon samt jr.laget.

Moldskred har tidlegare trent Hareid, Herd, Fortuna (dame) og Aafk jr. Han er også med og trenar kretslag på Sunnmøre.

Skarbøvik vil hente Hareidsduo!

Ørjan Engen Grimstad (bildet) og Kim Tore Husøy er no ønska i 2.divisjonsklubben Skarbøvik.

Ørjan Engen Grimstad (bildet) og Kim Tore Husøy er no ønska i 2.divisjonsklubben Skarbøvik.

Skarbøvik, som imponerte voldsomt i første sesongen i 2.divisjon, vil no hente Ørjan Engen Grimstad og Kim Tore Husøy til sesongen 2009. Dette har komt fram i ein skriftleg henvdendelse frå klubbn i dag.

Hareid har gitt klarsignal til å snakke med desse to, noko vi trur Sif vil gjere ganske snart.

Det er mange klubbar som er på jakt etter spelarar frå vår klubb, og vi gir som alltid klarsignal til å kunne snakke med våre spelarar, sjølv om vi samtidig ønsker å understreke vårt sterke ønske om at alle spelarane våre blir i klubben.

Grendacupen 2008: Gruppene er trekt!

Einar Orten Trovåg, skal i følge nettsida sine kilder ha stor tru på at årets grendacupgull skal blir igjen på Gjerdetun i jula. Det store spørsmålet no, er om fotballformannen no tek på seg å gå igjennom puljene og kome med sine spådommar.

Einar Orten Trovåg, skal i følge nettsida sine kilder ha stor tru på at årets grendacupgull skal blir igjen på Gjerdetun i jula. Det store spørsmålet no, er om fotballformannen no tek på seg å gå igjennom puljene og kome med sine spådommar.

Arrangørkomiteen trekte i kveld gruppene for årets turnering. Om du klikkar deg vidare på denne sida får du sjå dei 4 puljene i herreklassa, samt dei endelige puljene i ungdom og dameklassa.

Annika Brandal utteken til Team Møre sin Englandstur!

annika.jpg

Annika Brandal er født i 1994, og har vist stort potensial siste tida. No er ho utteken til Team Møre 2009, der ferda går mot England 23.februar.

Vi gratulerer!!

Morten Moldskred likevel med på Grendacup!!!!!

Morten Moldskred skal delta på årets grendacup.

Morten Moldskred skal delta på årets grendacup.

Ein av tidenes absolutt beste spelarar på Grendacupen, Morten Moldskred er no påmeldt årets turnering. Moldskred er påmeldt på laget "Indre strid", som på papiret er eit fantastisk lag, som no seilar opp som årets store favorttar saman med Holemix.

Ein av dei største attraksjonane på grendacupen siste åra har vore Morten Moldskred. Det har den siste tida spøkt for om Moldskred i det heile tatt skulle vere med, sidan laget hans som har vore suveren siste åra har blitt splitta opp.

I siste liten i kveld kom likevel Andre Skotheim med eit lag, og det er ikkje kven som helst Skotheim har fått med seg.

Under lagnavnet "Indre strid" er følgande spelarar påmelde.

Andre Skotheim, Johs. Riise, Bernt Åge Ulfstein, Roar Riise, Kenneth Moldskred, Per Haddal, Erdal Aydin, Ørjan Engen Grimstad, Morten Moldskred, Mads Andre Værnes.

Frå arrangørane si side meldast det at dei håper på eit siste lag i herreklassa, slik totalt 20 herrelag er med i seniorklassa.

I ungdomsgruppa er det til no påmeldt 5 lag, der håper ein at det 6. kjem.

I dameklassa er det no påmeldt 2 lag, og vi veit det 3. er på vei inn. Her håper arangørane at f.eks tidlegare kjende fjes som Grete Risise, Erika Skarbø og Eva Janne Holstad dukkar opp. Men kor vidt dette skjer er veldig usikkert.

Fristen er no utsett til imorgon klokka 16.30. Trekninga skjer 18.00.

Hareid satsar på Måltips igjen

På a-lagsstyret sitt møte i desember vart det bestemt at eit titaka for å få inn pengar i klubbkassa i 2009 blir å starte opp igjen med "Måltips".
Du hugsar kanskje det populære tiltaket som vart "nedlagt" for eit par år sidan.
Konkurransen går ut på at du tippar kor mange mål Hareid scorar i 3. divisjon i 2009. Den beste tipparen får eit gåvekort med Sportssenteret Hareid til kroner 500 kroner. Den nest beste tipparen får eit sesongkort for sesongen 2010, det vil seie gratis inngang på alle Hareid sine 3. divisjonskampar på heimebane (eventuelt 2. divisjon).
I tillegg gir tipparen eit visst tal kroner per mål Hareid endar opp med til slutt i 3. divisjon. Til dømes dersom Hareid scorar 22 mål, og du har skrive under på at du betalar 10 kroner per mål, så betalar du 220 kroner ved sesongslutt.
   Måltips sparkast i gang allereie i romjula. Då vil styret legge til rette for at Hareid-patriotar som held seg andre stader i verda elles i året får vere med på leiken ved å signere målbrevet under Grendacupen.
Etter nyttår skal spelarane i a-stallen selge Måltips, og det er lov å tippe heilt fram til seriestart.
Håper at du støttar Hareid IL a-lag gjennom dette tiltaket.
Mvh¨

Styret

Moldskred i Ørsta

Moldskred i Ørsta
Kenneth Moldskred, Hareid-trenar frå 2003 til 2006, har trent Ørsta sitt a-lag veka som var. Det står på Ørsta si heimside. Moldskred er klubblaus etter at han ikkje fekk fornya tillit som trenar for AaFK junior. Han har tidlegare også trent fleire aldersbestemte lag i Hareid, pluss Herd og Fortuna.

Molnberg blir i Hareid

Molnberg blir i Hareid
Som tidlegare skrive kontakta 4. divisjonslaget Bergsøy 3. divisjonslaget Hareid med tanke på Martin A. Molnberg, årets Hareid-spelar.
Hareid sa at det var greit at fosnavågarane kontakta midstopparen, men som Molnberg sjølv skriv i gjesteboka til Bergsøy:
- Lykke til, men Hareid e klubben min.
Betre kan det vel ikkje seiast.

Frank Sverre har valgt Bergsøy

Frank Sverre Skorpen har vore ønska i fleire år på Hareid, men har nok en gong beslutta å forbli i Bergsøy, og ta fatt i ein ny sesong i 4.divisjon.

Skorpen har offentliggjort dette på gjesteboka til Bergsøy no i kveld, og begrunnar det med trenarvalget til Bergsøy og at det no er "go" i laget igjen.

Dermed forblir han Bergsøyspelar, og vi vil aldri få sjå han spele i Hareidsdrakt heller. No har han nok fått så mange sjansar til å bli med på eit stabilt topplag i 3.divisjon, at Hareid no legg denne interesse igjen i fortida, og kikar seg om etter andre alternativ.

Hareid si nettside har ikkje komt i kontakt med trenar Skotheim i kveld, og vi veit difor ikkje om han har fått svar frå Skorpen kvifor han ikkje var tilfreds med opplegget til Hareid.

A-laget: Fleire treningskampar avtalt.

Staben rundt a-laget til Hareid jobbar godt for tida, og no er fleire treningskampar for vinteren 09 spikra. Her er dei foreløpige kampane:

Onsdag 28. Januar: Hareid - Hødd A

Laurdag 14. Februar: Hareid - Langevåg

Laurdag 21.Januar: Bergsøy - Hareid

Laurdag 14. Mars: Hareid - Spjelkavik

Laurdag 21. Mars: Træff - Hareid

Bergsøy vil ha Martin Andreas Molnberg

Hareid har motteke førespørsel frå Bergsøy, om lovnad til å snakke med Martin Andreas Molnberg med tanke på sesongen 2009.

Det er trenar og dagleg leiar Lars Petter Rønnestad som har kontakta Hareid, og vi har gitt klarsignal til å ta ein telefon til Martin. Vi har understreka at vi ønsker å behalde Martin, då han er ein særdeles god fotballspelar. Og for å sitere årets spelar 2008 då han mottok denne prisen.

- Spelar eg fotball i 2009, blir det garantert på Hareid, sa Molnberg. Som også i denne takketalen sa at Hareid var den beste klubben han hadde vår i.

PS: Molnberg har tidlegare spelt på Bergsøy.

20 lag påmeldt til Grendacupen!

Det er no påmeldt 14 herrelag, 5 ungdomslag og 1 damelag til årets grendacup. Framleis nokre ldige plassar!!!

gå inn på www.hareidil.no -----------------------> grendacup

 

Skorpen er IKKJE klar for Hareid, enno.

franksverre.jpg

Det blir sagt på diverse forum at Frank Sverre Skorpen har signert for Hareid, noko som desverre ikkje stemmer. Dette til orientering.

Hareid har sagt frå om sitt sterke ønske å knytte seg til ein av Sunnmøres beste spissar, men Skorpen har ikkje sagt verken ja eller nei enno.

Vi kryssar fingrane for at svaret vert ja.

PS: Hareid er også i dialog med Andreas Kurset, Kim Vaageskar og Steffen Lilleås også, det er venta at desse signerer veldig snart.

Når det gjeld dei andre Hareid har vist interesse for, ligg no ballen hos dei sjølve. Dette gjeld: Preben Sætre, Oskar Gunnarstein, Steffen Kvalsund, Torgeir Sætre og Thomas Sætre Hauge.

Ny Hareid2 trening onsdag

Hareid 2 hadde si første trening forrige onsdag. No satsar dei på å få til ei ny trening, onsdag denne veka klokka 19.00 til ca. 20.15 på kunstgrasbana.
Alle som var med sist må kome igjen, og vi håper at også alle andre som vurderer dette tilbodet tar ein tur. Og kan du ikkje, gi beskjed om at du kan tenke deg å bli med på dette prosjektet.

Hareid tapte for Norborg - Hødd vann KM

Hareid spelte ein skuffande kamp, og var aldri i nærheita av å slå Norborg i kvartfinalen av inne-km. Laget frå Haram tok til slutt 3.plassen, imponerande!

Vinnarar vart eit ungt og godt Høddlag. Anført av Anders Vaagen og Kjetil Paulsen viste Hødd seg som eit meget godt lag. I finalen låg dei under 0-3 for Brattvåg, men kom sterkt tilbake og vann 4-3!

Vi gratulerer Hødd med tittelen!

1234...13Neste
ARRANGEMENT

Årsmøte Fotballgruppa

Onsdag 21.11.18. Kl. 19.00

Klubbhuset

__________________________

Påmelding er open!

__________________________

MiTT VALG KURS

27.oktober

Melshorn Hotell

 

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR