hareid_il_logo_135.png









 

16.01 Veien til ullevall!

nm.jpg
Oppsettet for første kvalifiseringsrunde har nå blitt satt opp. Etter forrige sesongs 7.plass er Hareid kvalifisert til første kvalifiseringsrunde i NM. Sist Hareid var med I NM var tilbake i 2013 då dei møtte Brattvåg. Der vart det dessverre eit 2-0 tap. I år skal Hareid få bryne seg på nok eit 3.divisjonslag. Spjelkavik står då på motsatt banehalvdel. Ein kamp som blir minst like tøff som mot Brattvåg i 2013.

Når det gjeld dei andre laga frå Sunnmøre, så ser oppsettet slik ut:
Spjelkavik-Hareid
Volda-Stryn
Bergsøy-Skarbøvik
Emblem-Rollon
Kampane skal spelast 21.mars.

11.01 Oppkøyringa til ny sesong i full gong!

Etter ein lang desember månad med masse god mat og kanskje litt lite trening var det enedeleg klart for årets første fotballøkt utandørs for alle laga i Hareid IL Fotball. Dei aller fleste laga starta opp forrige veke, mens dei som ville unne seg ein ekstra lang ferie starta opp denne veka.
A-laget starta opp torsdag 4.januar. Frå i fjor er det tre stykker som har gitt signal om at dei ikkje vil fortsette neste sesong pga ulike årsaker. Henrik Grimstad har signert for SK Herd og vi vil med det takke han for innsatsen i Hareid IL og vi ønsker han lykke til i Herd. Torgeir Skeide og Ruben Kenneth Brandal har trappa ned og gitt signal om at dei vil prioritere andre ting dette året. Vi håpar sjølvsagt at dei vil sakne å spele fotball slik at dei blir å sjå ved sesongstarten i april :)
Av nye spelarar har vi fått inn Andreas Nesset jr og William Valde Bigset, begge kom frå Hødd. William har tidligare spelt for Hareid, men forrige sesong valde han å prøve seg i Hødd. Vi er glade for at begge har lyst å prøve seg i Hareid den komande sesongen. Ola Kalvø Vattøy blir også med i oppkjøringa i år. Han har dei siste åra berre spelt for Hareid i perioden juni-august grunna skulegang i Molde.
Vi kan også nemne at Anders Hjelle Øiestad blir assistent keepertrenar ilag med Vagn Scheide Mork som har hovedansvaret. Med den duoen kan vi konkludere med at det blir lite innslupne mål komande sesong ;)

19.12. Ein gledens dag!