hareid_il_logo_135.png

02.10. Dykk i arkivet: Talentfulle Hareid-spelarar i 2006

2006 er ikkje så frykteleg lenge sidan, men karane på biletet har likevel forandra seg litt sidan den gongen. Vi ser frå venstre Robin Jackson Indreflø (f. 1989), Magnus Giske Snipsøyr (f. 1988), Marius Slettebakk (f. 1989) og Ruben-Kenneth Brandal (f. 1990). Biletet er tatt i høve ein seriekamp på Hareid stadion om hausten. Hareid vann 3-1 heime mot Hødd 2, og alle desse fire unggutane kom på bana. Indreflø er Hareid-spelar i år, og Brandal er i støtteapparatet. Slettebakk bur i Oslo og har lagt opp. Snipsøyr studerer i Danmark og spelar fotball for eit lokalt lag der.

30.12. Hareid-fotballen i 2006: Sjå 68 bilete

Det høyrest kanskje ikkje ut som 2006 er så lenge sidan. Men mykje har skjedd. Hareid har fått kunstgrasbane. Ferjesambandet Eiksund-Rjånes er lagt ned. No køyrer vi bil rett til Ørsta. Og vintertreningar på Hareid-grusen har ikkje dei som veks opp i dag ein gong høyrt om. I romjula fann vi eit fotoalbum på eit kott med bilete frå Hareid-fotballen i 2006. Nokre av dei har du sett før her på Hareid-sida og i jubileumsheftet. Men dei fleste har aldri blitt publiserte tidlegare. Trykk på biletet for å sjå alle 68.
PS. 2006 var eit godt år for Hareid-fotballen. A-laget tok bronse i 3.-divisjon. Gutelaget var nære gull, men tapte på målstreken mot AaFK. 13-årslaget tok sølv både inne og ute. Juniorlaget spelte uavgjort mot Hødd i tre av tre moglege kampar. Ballbingen på Hareid vart opna, og kunstgrasbana var under bygging (ferdig i 2007).

Sunn mat før kamp?

Kva som er den optimale kosten før ein fotballkamp er eit breidt tema. Her hiv Eiliv-Tore Howlid i seg ein pose potetgull på ferja før ein bortekamp mot Ørsta i 2006. Foto: Einar Orten Trovåg

Kva som er den optimale kosten før ein fotballkamp er eit breidt tema. Her hiv Eiliv-Tore Howlid i seg ein pose potetgull på ferja før ein bortekamp mot Ørsta i 2006. Foto: Einar Orten Trovåg

Målscorarar 2006

Målscorarbilete er eit kjent fenomen. Even Hansrud, Vagn Scheide Mork og Kim-Tore Husøy scora eitt mål kvar i 5-1-sigeren mot Valder på Hareid stadion i 2006. Ronny Jørgensen scora to, men var gått i dusjen. Så vidt vi veit er dette einaste gongen Vagn Scheide Mork har fått bli med på eit målscorar-bilete. Foto: Einar Orten Trovåg

Skotty sin første kamp

André Skotheim leia Hareid som hovudtrenar for første gong i ein treningskamp mot Hødd eit par dagar før jul i 2006. Hareid spelte for dagen i Brandal sine drakter, og Hødd vann knapt. Foto: Einar Orten Trovåg

ARRANGEMENT

Jentefotballens dag

------------------------------

HADARLEIKANE

10. Juni - Hareid stadion

____________________

Sparebank Møre Cup

1. September - Hareid Stadion

Påmeldingslink SBM Cup 2018

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

   SPONSORAR