hareid_il_logo_135.png









 

Juniorlaget i 2011: Heving igjen

Juniorlaget etter at plassen i 1.-divisjon vart sikra.
Juniorlaget etter at plassen i 1.-divisjon vart sikra.

Etter ein svak 2010-sesong var det klar nivåheving av Hareid-juniorane i 2011, som like greitt kvalifiserte seg til 1.-divisjon etter to års fråver.

Kim-Tore Husøy og Gunnar Aursnes trena laget i 2011, medan Ørjan Røyset var oppmann. Dei mønstra eit spennande lag, der fleire av spelarane var med i a-stallen (Fredrik Aursnes, Tore Bjørge Mjønes, Lars Andreas Dahlen Folkestad, Georg Rise Gaasø, Joachim Røyset, Håkon Orten Trovåg, Martin Mork Breivik, Audun K. Øvrelid). Utover i sesongen fekk laget også tilflyt frå gamle og nye spelarar, som Ole-Johnny Westerås, Alexander Vattøy, Alexander Jackson Indreflø, Martinus Røyset Bakken og Mikal Haanes.

Etter sigrar mot Langevåg og Åheim dei to første kvalikkampane ville Hareid vere sikra 1.-divisjonsspel med siger mot SIF på Hareid. Dessverre tapte Hareid 2-1, men laget ville likevel nå 1.-divisjon med siger mot Spjelkavik i siste kamp. Etter ein uhyre spennande match vann Hareid 2-1 etter ei sein scoring av Ådne Andersen. Då spelte Hareid med 10 mann etter at keeper Sjur Gjerde hadde blitt utvist. 

I 1.-divisjon gjekk det opp og ned. Sidan mange spelte fast på a-laget var lagoppstillinane litt varierande. Hareid spelte to gonger uavgjort mot AaFK og vann borte mot SIF, i tillegg til sigrar mot FK Sykkylven og Blindheim.

Hareid vart nummer seks i 1.-divisjon. Og det var ein god prestasjon.

ARRANGEMENT

MiTT VALG KURS

27.oktober

Påmeldinglink Mitt Valg Kurs 27.10. 

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 




   SPONSORAR