hareid_il_logo_135.png









 

Juniorlaget 2010

(Kopi av årsmeldinga)

Ein krisesesong

Det har på mange måtar vore ein svak og ikkje minst frustrerande sesong for Hareid junior. Yngres-styret hadde ikkje på plass trenar då oppkøyringa burde ha starta tidleg i januar. Utover vinteren heldt Joachim Røyset og Kevin Aarvik Hestholm treningane i gong på eit vis med ei økt i veka. Kor mange som deltok på treningane varierte, men det viste seg i alle fall for at det var stor interesse for å ha juniorlag på Hareid i år.

Dagane gjekk, vekene gjekk, og det nærma seg seriestart med stormskritt. Men lite skjedde frå yngres si side med tanke på å skaffe trenarar og oppmenn. Ei veke før første kamp klarte Vagn Scheide Mork frå seniorstyret å få Ivar André Aadland til å ta på seg trenargjerninga. Det var i seinaste laget med tanke på å få resultat i serien, men frå då av vart det i alle fall eit skikkeleg tilbod til juniorspelarane, med ca. to treningar i veka pluss kamp. I dagane før serieopninga skal yngres ha lovd ”spelar-talsmann” Kevin Aarvik Hestholm at ein oppmann for laget så godt som var på plass, men det skjedde fint lite. Laget gjekk dermed til seriestart utan at noko anna enn ein trenar var på plass. Og det var spelarane sjølve som måtte ordna alt sjølv før den aktuelle bortekampen mot Tjørvåg. Etter kvart sa Einar Orten Trovåg seg villig til å hjelpe Ivar André Aadland på treningane når han vart heime, og Trovåg vart med no og då utover sesongen. Han hjelpte også til med ein del praktiske ting, spesielt i samarbeid med Hestholm. Under ein del kampar og nokre treningar var også gutetrenar Gunnar Aursnes ein viktig medhjelpar. Også han fungerte som ein slags oppmann ved visse høve. Totalt sett har det vore eit salig rot på styringssida rundt juniorlaget i år, og der er svært rart at yngres stort sett berre har stått og sett på kva som har skjedd. Det minste dei kunne gjort var å halde eit foreldremøte før sesongstart.

Når det gjeld det sportslege, så var naturleg nok ikkje føresetnadane dei beste, med tanke på at trenarane knapt visste kven nokon av spelarane var første seriekamp. Dette var ein sjuarkamp, og det vart røska med ein tilfeldig gjeng spelarar for å ta bussen utover. Tjørvåg vann 7-4. Deretter vart det spelt ytterlegare seks kampar før ferien, med fire poeng som fangst. I periodar glimta laget til, men grunna lite samhandling var det vanskeleg å få resultat.

Etter ferien vart det ein del betre. Det viste seg at fleire av dei unge spelarane frå gutelaget som fekk hospitere etter kvart vart modne i høve nivået. På fem kampar i haustsesongen vart det to sigrar og tre tap. Begge sigrane vart mot to av dei beste laga; MSIL og Ørsta. Det viser at det bur mykje i spelarane, og at det kunne blitt ein veldig god sesong om det hadde vore seriøs trening heile året. Sisteplass i 2.-divisjon er svært flaut for ein klubb som Hareid. Det bør bli topplassering i 2.-divisjon med ei seriøs satsing neste år.

12 kampar var i utgangspunktet altfor lite, men sett på ressursane rundt laget var det kanskje like greitt at det vart så få. Heldigvis har to gutespelarar (Fredrik Aursnes og Håkon Orten Trovåg), og fire juniorar (Joachim Røyset, Georg Rise Gaasø, Kevin Aarvik Hestholm og Tore Bjørge Mjønes) vore i a-stallen i år – og dermed fått eit tilfredsstillande fotballtilbod. Det bør elles nemnast at det er positivt at smågutespelarane Audun Øvrelid og Martin Breivik har fått prøvd seg litt på juniornivå i år.

* Toppscorar for juniorlaget vart i år Håkon Orten Trovåg med fem (eller seks?) mål.

* Ingen spelte alle 12 kampane, men Stian Brandal, Håkon Orten Trovåg, Kevin Aarvik Hestholm, Khasi og Joachim Røyset spelte 11.

* Fredrik Aursnes vart kåra til årets spelar.

* Joachim Røyset har vore kaptein for juniorlaget i år.

Av: Einar Orten Trovåg og Kevin Aarvik Hestholm

ARRANGEMENT

 

Jentefotballens dag

------------------------------

HADARLEIKANE

10. Juni - Hareid stadion

____________________

Sparebank Møre Cup

1. September - Hareid Stadion

Påmeldingslink SBM Cup 2018

 


Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 




   SPONSORAR