hareid_il_logo_135.png









 

Juniorlaget 2009

Det vart ingen god sesongen for juniorlaget. Dei fire beste juniorane, Christian Mork, Ruben-Kenneth Brandal, Ørjan Engen Grimstad og Audun Orten Trovåg, spelte no for Hødd. Motivasjonen blant dei nest beste, altså dei som var igjen, var ikkje allverda.

Det tok tid før eit trenarteam kom på plass. Til slutt vart dyktige Svein Dag Slettebakk engjasert, med Joar Møller og Benjamin Slettebakk (spelande) som medhjelparar. Men trenarteamet rakk ikkje ei einaste trening før kvaliken starta, og Hareid gjekk for første gong gjennom kvalifiseringa utan poeng.

Juniorlaget bestod denne sesongen av mange guttespelarar, samt fleire førsteårs juniorspelarar. Christer Adrian Mork, Åge Møgster og Benjamin Slettebakk skulle utgjere rutinen, men dei to førstnemnte var mykje av og på. Treningsoppmøtet varierte også, og var faktisk best etter at kampsesongen var slutt (!).

Vårsesongen i 2.-divisjon var ganske bra, men etter sommarpausa vann Hareid berre ein einaste kamp og enda som nummer 7.

Det mest positive med denne sesongen var at mange unge spelarar, heilt ned i småguttealder, fekk mykje speletid. Så trass dei svake resultata vart ikkje sesongen oppfatta som mislykka.

ARRANGEMENT

 

Jentefotballens dag

------------------------------

HADARLEIKANE

10. Juni - Hareid stadion

____________________

Sparebank Møre Cup

1. September - Hareid Stadion

Påmeldingslink SBM Cup 2018

 


Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 




   SPONSORAR