hareid_il_logo_135.png









 

Juniorlaget 2007

Hareid kunne ha hatt eit verkeleg godt juniorlag i 2007, men slik vart det aldri. Heile 1988-årgangen gav seg eller trappa ned i løpet av vinteren. Det gjald berebjelkar som Magnus Snipsøyr, Nicolai Øyehol, Kevin Seljeseth, Erdal Aydin og Benjamin Reite.

Det var problem med å få tak i trenar til laget, men til slutt tok Roar Riise på seg oppgåva. Han var også oppmann.

Hareid kom seg heilskinna gjennom kvaliken etter 2. plass i si gruppe. Men det var vanskeleg å få til treningar meir enn ein gong i veka, sidan dei beste var i a-stallen og stallen elles var tynn. Det var i all hovudsak den gode 1990-årgangen som utgjorde juniorlaget, som Ørjan Engen Grimstad, Ruben-Kenneth Brandal, Benjamin Slettebakk, Preben Nedrelid, Audun Orten Trovåg og Åge Møgster. Frå 89-generasjonen var Nikolai Røyset, Marius Slettebakk og Robin Jackson med vidare, i tillegg til ulsteinvikarane Martin Ingjerd og Daniel Nustad.

Hareid gjorde ofte ein god figur i vårkampane, men klarte ikkje å bikke dei til sin fordel. I siste kamp før sommaren var Volda mostandar på Hareid stadion. For å klare å stille lag lånte Hareid inn keeperen Daniel Reite frå Hjørungavåg. I tillegg var ein spelar med karantene med på benken. Det fekk Volda med seg. Hareid vann faktisk kampen, men mista poenga og fekk ei klekkeleg bok.

Roar Riise gav seg som trenar til sommaren. Inn kom guttetrenar Anders Mork (heldt også fram som guttetrenar), med Sondre Åkervik som oppmann. Etter første kamp fekk Hareid også bot for å ha nytta ulovlege spelarar, men dei fekk behalde poenga frå sigeren mot Bergsøy. Bråket la seg etter kampen, og haustsesongen vart ein stor opptur. Alle kampane på heimebane vart vunne, og småguttespelaren Christian Mork fekk prøve seg på nivået. Trass den gode hausten enda Hareid nok ein gong på sisteplass, men det lova godt for 2008.

ARRANGEMENT

 

Jentefotballens dag

------------------------------

HADARLEIKANE

10. Juni - Hareid stadion

____________________

Sparebank Møre Cup

1. September - Hareid Stadion

Påmeldingslink SBM Cup 2018

 


Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 




   SPONSORAR