hareid_il_logo_135.png









 

Juniorlaget 2001-2004

Jon Gjerde trena juniorane i 2001. Fleire av spelarane spelte på a-laget, noko ein del av dei faktisk hadde gjort i fleire år. Gjerde vurderte å trekke seg som trenar midtvegs, grunna misnøye med enkelte val. Men det skulle gå prestasjonsmessig bra denne sesongen: Det enda med bronsjeplass i 1. divisjon.

Sentrale spelarar: Thor Erik Andersen (keeper), Hallgeir Barstad, Andre Egset Nupen, Roy-Inge Brandal, Kristian Angelsen, Kim-Tore Husøy, Svein Inge Nesset, Peter Paus, Espen Beiermann, Tore Rantapelkonen, Lars-Roar Holstad og Even Hansrud.

Nesten ingen sentrale spelarar slutta etter 2001-sesongen. Derfor var det nok noko skuffande at juniorane enda på nedre halvdel i 2002. Ottar Pilskog og Vidar B. Røyset trente laget. Av guttespelarane fekk Svenn Erik Warholm ein del speletid.

I 2003 var a-laget i spelarnød. Derfor vart a-stallen slått saman med juniorstallen. 83-generasjonen med Nupen, Brandal, Beirmann etc. hadde no blitt for gamle til å spele juniorfotball, så det var det tidvis suksessrike guttelaget frå 2002 som utgjorde stamma i laget. Juniorlaget stillte i kvalikken i Sunnmørshallen (dette var det første året det vart spelt kvalifisering om vinteren, og serie som strakk seg utover heile sesongen), der dei nesten klarte å kome til 1. divisjon. Men hadde så skjedd, ville nok laget ha trekkt seg frå det. I 2. divisjon kom Hareid på 2. plass. Kristian Angelsen var lagleiar dei fleste kampane, medan a-lagstrenar Kenneth Moldskred, oppmann Olav Sindre og faktisk også førsteårsjunior og kaptein Svenn Erik Warholm leia laget under nokre kampar.

Spelarar: Stian Myrene (keeper), Svenn Erik Warholm, John Andre Bjåstad, Ola Marius Rise, Audun Pilskog, Gunnar J. Ringstad, Håkon Frøysa Hansen, Eric Michon (frå USA), Sebastian Grüner, Joachim Moldskred, Odd Magne Brandal, Hallgeir Barstad, Kjell Roger Skarshaug. Frå guttestallen var Joar Møller, Henrik Bolstad Banne, Carsten Grüner (keeper på denne tida), Einar Orten Trovåg, Magnus Snipsøyr, Kevin Seljeset, Erdal Aydin og Benjamin Reite med.

I 2004 prøvde ein seg på eigne juniortreningar for dei som ikkje kom med i a-stallen, samt dei beset guttespelarane. Men det viste seg at det kom for lite folk på treningane, og før utesesongen tok til var det slutt på det prosjektet. I kvalikken gjekk det skeis: 3 tap og berre ein siger. I starten av utesesongen sleit laget med å stille slagkraftige mannskap, og lagoppstillingane var ikkje så ulike guttelaget sine. Men etter kvart kom folk på plass, og også denne sesongen enda med 2. plass i 2. divisjon.

Trenar: Vidar B. Røyset. 
Assistent: Øystein Orten.
Oppmann: Olav Sindre Rise
Spelarar: Stian Myrene (keeper), Svenn Erik Warholm, John Andre Bjåstad , Ola Marius Rise, Audun Pilskog, Gunnar J. Ringstad, Håkon Frøysa Hansen, Joachim Moldskred, Odd Magne Brandal, Kjell Roger Skarshaug, Joar Møller, Einar Orten Trovåg, Henrik Bolstad Banne, Jonas Pedersen, Christer Haddal, Fredrik Seljeset Bøe, Carsten Grüner (no utespelar).

Frå guttestallen var Benjamin Reite, Erdal Aydin, Jon Arild Vatne, Magnus Snipsøyr, Kevin Seljeset, Marius Slettebakk, Nicolai Øyehol, Geir Børre Røyset og Robin Jackson Indreflø med.

Nytt av året (frå sommaren av), var at Hareid IL Fotball si nettside følgte juniorlaget. Joar Møller vart kåra til årets spelar, medan John Andre Bjåstad vart toppscorar. På dei to neste plassane på den pallen følgte Håkon Frøysa Hansen og Einar Orten Trovåg.

ARRANGEMENT

 

Jentefotballens dag

------------------------------

HADARLEIKANE

10. Juni - Hareid stadion

____________________

Sparebank Møre Cup

1. September - Hareid Stadion

Påmeldingslink SBM Cup 2018

 


Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 




   SPONSORAR