hareid_il_logo_135.png









 

10.10. OPPDATERT ADELSKALENDER HAREID 2

Eiliv-Tore Howlid er no den einaste som har representert Hareid 2 i alle dei åtte sesongane laget har stilt på 2000-talet. Men likevel har Howlid berre spelt 12 Hareid 2-kampar totalt.
Eiliv-Tore Howlid er no den einaste som har representert Hareid 2 i alle dei åtte sesongane laget har stilt på 2000-talet. Men likevel har Howlid berre spelt 12 Hareid 2-kampar totalt.

Einar Orten Trovåg ligg framleis på topp, sjølv om han ikkje spelte i år. Espen Beiermann spelte heller ikkje i år. Dermed nytta Benjamin Slettebakk sjansen til å gå opp på andreplassen på adelskalenderen. Elles ser vi at både Thanusan Tharumalingam, Honar Alipoor, Fredrik Andresen og Antoni Gardshol har passert 50 HIL 2-kampar i løpet av sesongen. Når det gjeld talet på mål, deler Peter Paus og Christer Adrian Mork framleis førsteplassen. Ingen av dei spelte for HIL 2 i år.

adelskalender_hareid_ii_2015_pdf.pdf
30.10. ADELSKALENDER HAREID 2
Eiliv-Tore Howlid er ein av to som har vore med alle sju sesongane, sjølv om det totale talet hans på HIL 2-kampar ikkje er imponerande.
Eiliv-Tore Howlid er ein av to som har vore med alle sju sesongane, sjølv om det totale talet hans på HIL 2-kampar ikkje er imponerande.

Adelskalenderen for Hareid 2 er no oppdatert. Laget har eksistert i sju sesongar, i år saman med Hjørungavåg IL. I alt 164 spelarar har vore på bana desse sju sesongane. To spelarar har vore med i større eller mindre grad desse sju sesongane; André Egset Nupen og Eiliv-Tore Howlid. Sistnemnde har faktisk berre 11 HIL 2-kampar totalt. På topp to er adelskalenderen uendra. Ivar André Aadland og Benjamin Slettebakk har gått inn på tredje- og fjerdeplass. Christer Adrian Mork og Peter Paus deler toppscorartittelen totalt med 44 mål kvar. Skal vi tippe at Per Ståle Nykrem, med 42 mål no, tek dei igjen neste år?

adelskalender_hareid_ii_e_2014.pdf
29.10. Oppdatert adelskalender Hareid 2

Då er adelskalenderen for Hareid 2 oppdatert. HIL 2 har stilt lag i det ordinære seriesystemet i seks sesongar og nytta totalt 142 spelarar. Tre spelarar har vore på bana for dette laget alle seks sesongane; Espen Beiermann, André Egset Nupen og Eiliv-Tore Howlid. Sistnemnde har forresten likevel berre spelt ni kampar for HIL 2. Etter fjorårssesongen var det Beiermann som toppa adelskalenderen. Ny mann på topp i år er Einar Orten Trovåg, som også har vore trenar og lagleiar i tre av dei seks HIL 2-sesongane. 

Adelskalender Hareid II 2013.pdf

Gjer vel i å seie frå om de ser feil.

Adelskalender Hareid 2 - 2000-2012

Adelskalender_Hareid_2_2000-2012_Oppdatert.xls

ARRANGEMENT

Årsmøte Fotballgruppa

Onsdag 21.11.18. Kl. 19.00

Klubbhuset

__________________________

Påmelding er open!

__________________________

MiTT VALG KURS

27.oktober

Melshorn Hotell

 

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR