hareid_il_logo_135.png









 

Hareid 2 - sesongen 2012

Bak frå venstre: Venthan Ketheeswaran, Benjamin Slettebakk, Magne Kjell Wingsternes, Christer Adrian Mork, John Anders Liaset, Espen Beiermann, Robin Emdal Fure, Ivar André Aadland, Tore Rantapelkonen, Antoni Gardshol. Framme: Georg Rise Gaasø, Hiwa Alipoor, Einar Orten Trovåg (spelande trenar), Fredrik Andresen, Per Inia Brekke, Thanusan Tharmumalingam, Per Ståle Nykrem, Frank Robert Moldskred.
Bak frå venstre: Venthan Ketheeswaran, Benjamin Slettebakk, Magne Kjell Wingsternes, Christer Adrian Mork, John Anders Liaset, Espen Beiermann, Robin Emdal Fure, Ivar André Aadland, Tore Rantapelkonen, Antoni Gardshol. Framme: Georg Rise Gaasø, Hiwa Alipoor, Einar Orten Trovåg (spelande trenar), Fredrik Andresen, Per Inia Brekke, Thanusan Tharmumalingam, Per Ståle Nykrem, Frank Robert Moldskred.

Etter eitt års pause kom lysta til å spele 6.-divisjonsfotball tilbake hos mange vinteren 2012. Frammøtet på treningane var godt, og sjølv om ein del sentrale spelarar var fråverande så tidleg vart det meldt på lag. 

Ansvarleg for Hareid 2 denne sesongen var som i 2009 Einar Orten Trovåg. Offisielt hadde han ingen medhjelparar.

Før sesongstart var treningane slått saman med juniorlaget. På den måten var ein sikra godt frammøte, noko som skulle halde seg gjennom bortimot heile sesongen.

Hareid 2 spelte også fem treningskampar før sesongstart, der mange juniorar fekk prøve seg. Resultata vart ikkje vektlagde, og HIL 2 bokførte tap mot både Haddal, Hasundgot og Hovdebygda/Volda 2. LGFK 2 vart slått, medan ein siste treningskamp på 2 x 30 minutt mot Flø enda 1-1.

Forventninga var ikkje dei heilt store før sesongstart. A-stallen var tynn og det var innleiingsvis lite å hente derifrå. Samtidig let ein del rutinerte spelarar vente på seg. 3-3 heime mot Moltu/Gjerdsvika i sesongopninga var ikkje rettvist ut frå spel og sjansar, men sidan Hareid kom tilbake på tampen (to straffemål ved Ivar André Aadland) var det vel greitt nok. Hareid nytta forresten tre keeperar denne kampen; Ali Khawari, Christer Adrian Mork og Antoni Gardshol. 

Mork var tilbake som spiss i bortekampen mot Sæbø. Også då stilte Hareid ungt, og 3-3 også der var akseptabelt.

Då Sunnylven kom på besøk i tredje runde var endeleg Per Ståle Nykrem på plass. Hareid vann 5-1. Og mot LGFK 2 i neste runde gjorde Espen Beiermann comeback. I 5-0-sigeren mot sandssokningane var også Eiliv-Tore Howlid, Ole André Kragset og Georg Eikrem Olsen med frå a-laget. HIL 2 begynte å få mange spelarar å velje i, og lukkast gradvis utover våren å spele inn eit noko lunde fast lag med ei god sentrallinje. 

Før storforma kom vann Hareid 2-1 mot Flø og tapte 8-0 heime mot Åmdal. Sistnemnde kamp sa ingenting om det skulle komme, og var vel meir som eit arbeidsuhell der alt gjekk gale å rekne. 

På dei fem siste vårkampane tok Hareid 13 av 15 moglege poeng, og vart 6.-divisjon Søres "vårvinnar" i høve poeng per kamp (laga hadde spelt eit ujamt tal kampar). Mellom anna revansjerte Hareid seg ved å slå Moltu/Gjerdsvika 7-0 og Åmdal 4-2 - begge kampane på bortebane.

Viktige spelarar for Hareid denne vårsesongen var spissen Christer Adrian Mork, hengespissen Per Ståle Nykrem, kantspelaren Hiwa Alipoor, midtbaneduoen Espen Beiermann og Ivar André Aadland, samt forsvararane Georg Rise Gaasø, Benjamin Slettebakk og Antoni Gardshol. Laget hadde ingen fast keeper, sjølv om Ali Khawari stod fleirtalet av kampane.

Mork og Gardshol vart flytta opp i a-stallen til hausten, og var derfor ikkje like involverte på andrelaget. Men sidan HIL 2 låg bra an på tabellen var oppslutninga rundt laget god. Ofte vart heile dommarkortet fylt ut, det vil seie 18 namn. 

I første haustkamp vart det 6-1-siger mot Haddal. Dermed kunne Hareid reise til Hellesylt for å spele det som truleg var ein seriefinale. Men kampen fekk ingen vinnar. Hareid leia faktisk 5-2 nokre minutt ut i 2. omgang. Dessverre vart Ivar André Aadland utvist, så Hareid spelte siste 35 minutta med ti mann. Dermed var laget på nokre måtar nøgde med å klare 5-5.

Enkelte begynte å snakke om avdelingsmeisterskap. Det ville Hareid klare dersom det vart siger i dei fem siste kampane. Hareid vann 2-0 både mot Flø  og LGFK 2. Men så kom feilskjeret; 2-1-tap heime mot Sæbø. At Tjørvåg vart slått 10-4 og Kvamsøy/ÅVK II 8-2 dei to siste kampane hjelpte ikkje då.

Hareid 2 vart nummer 2 i 6.-divisjon Søre, på målskilnad bak Sunnylven.

Då karane fekk summa seg litt var dei nok nøgde med sesongen. Men hadde same gjengen spelte kvar kamp gjennom heile sesongen hadde det nok blitt avdelingsmeisterskap, og dermed KM-finalar. Tvi, tvi.

Antoni Gardshol vart kåra til årets spelar. Christer Adrian Mork vart toppscorar både totalt og i serien.

ARRANGEMENT

 

Jentefotballens dag

------------------------------

HADARLEIKANE

10. Juni - Hareid stadion

____________________

Sparebank Møre Cup

1. September - Hareid Stadion

Påmeldingslink SBM Cup 2018

 


Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 




   SPONSORAR