hareid_il_logo_135.png









 

DAMELAGET 2012 (FRÅ Årsmeldinga)

Heva seg i høve 2011-sesongen.

 

DAMELAGET 2013 (FRÅ ÅRSMELDINGA)

Ein svak sesong mot bra motstand.

Damelaget 2011 (frå årsmeldinga)

Ei utgåve av Hareid damelag i 2011.
Ei utgåve av Hareid damelag i 2011.

Planen til yngres avdeling var at Hareid skulle ha eit junior jentelag i 2011. Men då den tiltenkte trenaren trekte seg gjekk det i vasken. I februar ein gong kom ideen om å starte opp eit damelag i sjuarserien i staden. Det viste seg å vere litt interesse, og det vart heldt oppstartsmøte og nokre treningar. Men treningsoppmøtet vart svakare og svakare, og trass fleire forsøk fann vi ingen til å trene laget. Så det var ikkje få gonger at vi var nære ved å trekke laget. Men så, litt ”ut av intet”, tok Wenche Jøsok på seg å trene laget samtidig som fleire nye spelarar slutta seg til laget. Dette var rett før den oppsette seriestarten, og trass lite treningsgrunnlag gjekk damene til seriestart med godt mot.

Det vart ein del stygge tap, spesielt i starten av sesongen. Men etter kvart som fleire og fleire fann dette breiddetilbodet interessant, begynte det også å gå betre i kampane. Det vart til slutt fjerdeplass av fem lag; ni tap, to uavgjorte og éin siger.

Laget har ikkje hatt nokon lagleiar denne sesongen, men styret har hjelpt til etter beste evne med å gjennomført kampane. Per Inia tok på seg å dømme fire av dei seks heimekampane, og hjelpte også litt til elles. Når det gjeld planlegging av treningar, få med folk på kamp, køyring etc. så er det spelarane som har organisert dette sjølv gjennom facebook. 

I tillegg til fleire jentespelarar som var med som hospitantar spelte desse på damelaget i år: Beathe Holstad, Iselin Eliassen Aske, Camilla Kleppe Nanseth, Monica Grimstad, Therese Indreflø, Ann-Katrin Røyset, Kristin Overvåg Leirbekk, Natalie Moldskred, Charlotte Kleppe, Renate Kristin Liaset, Cecilie Bjørlykke, Kristine Husøy, Veronica Kvalen Pilskog, Arnhild Bjerkvik, Beate Rise Gaasø, Sissel Indreflø, Hege J. Flakk og Sonja Bjørlykke.

Iselin Eliassen Aske vart toppscorar for laget i år. Therese Indreflø vart kåra til beste spelar.

ARRANGEMENT

MiTT VALG KURS

27.oktober

Påmeldinglink Mitt Valg Kurs 27.10. 

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 




   SPONSORAR