hareid_il_logo_135.png









 

Hareid b-lag 1984

Hareid spelte i den såkalla u-serien, og enda som nummer 5 bak Bergsøy, AaFK, Hødd og Tornado.

Oppmann denne sesongen var Leiv Arne Grimstad. I årsmeldinga seier han seg godt nøgd med året. Laget var ganske ungt, ofte med 5-6 juniorarar samtidig. På tampen fekk også guttespelar Ronny Hansen prøve seg.

Grimstad melder om fin kameratskap i laget, men ønskjer å skjerpe åtferden til ein del på laget sine reiser:
"Ein ting vi likevel må skjerpe er råkøyringa som foregår til enkelte av kampane. Dei unge kyllingane må forstå at vi litt eldre med familiar er litt nervøse av og til. I tillegg er det regelrette lovbrot."
Og vidare:
"Takk til Harald Møller for god trening, til Ester Andersson for strøken vask av draktene og til Riise-karane aom alltid velvillig har stilt transportmiddel til utekampane."

Nok ein gong vart Tom Fredriksson toppscorar (15 mål totalt).
Harald Åsland Riise spelte alle seriekampane + fire av fem treningskampar.

ARRANGEMENT

MiTT VALG KURS

27.oktober

Påmeldinglink Mitt Valg Kurs 27.10. 

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 




   SPONSORAR