hareid_il_logo_135.png









 

Hareid B-lag 1978

Karl Johan Holstad var oppmann for b-laget denne sesongen.

Som i 1977 enda Hareid på 3.-plass i den Søre-baserte reservelagsavdelinga bak Hødd og Ørsta.

Reservelagsspelarane deltok på a-laget sine treningar og treningskampar i perioden januar-mars. Då mars månad var slutt var a-lagsstallen utteken. Vi siterer den velformulerte årsmeldinga til Holstad: "På aprildag nummer to skulle det nyfødde B-laget ta sitt første sleivspark for sesongen. Brandal med Tryggen i spissen var utsett som offer. For å gjere ei lang historie kort - Brandal vart nedsabla med 1-0. Då b-laget tok til å spele eigne kampar, kom nokre juniorar med i b-stallen. Etter urpremieren varma b-laget opp med 6-2 over Brandal og 6-0 over Hjørungavåg."

Vårsesongen blir omtala som god, med sigrar, ein uavgjort og eitt tap. Haustsesongen var svakare med berre ein siger, i tillegg til to uavgjorte og og to tap.

Arve Rise spelte flest kampar (14). Bjarte Husøy og Odd Brandal vart toppscorarar (8).

ARRANGEMENT

MiTT VALG KURS

27.oktober

Påmeldinglink Mitt Valg Kurs 27.10. 

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 




   SPONSORAR