hareid_il_logo_135.png









 

Hareid B-lag 1977

Hareid sitt b-lag enda denne sesongen på tredjeplass i den Søre-baserte reservelagsavdelinga. Hødd og Ørsta vart så vidt for gode.

Oppmann Svein Elvanes skriv i årsmeldinga at sesongen var god, men det er mykje å gå på. "Mellom anna bør det kunne avviklast langt fleire treningskampar om våren enn dei 2 vi hadde i år. Ein måte å få dette til på er å la førstelagsaktuelle spelarar spele b-kampar i staden for å ta med 17-18 mann på dei treningskampane a-laget spelar".
Og vidare: "Så håper eg å kunne ønske alle vel møtt til ein ny sesong, ein sesong der det vert satsa meir seriøst på reservelaget enn åra før".

Hareid B deltok også i Hareidscupen, men tapte båe innleiingskampen og jumbofinalen på straffespark.

Odd og Svein Elvanes spelte flest kampar denne sesongen (15). Svein vart også toppscorar med 10 mål.

ARRANGEMENT

Årsmøte Fotballgruppa

Onsdag 21.11.18. Kl. 19.00

Klubbhuset

__________________________

Påmelding er open!

__________________________

MiTT VALG KURS

27.oktober

Melshorn Hotell

 

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR