hareid_il_logo_135.png









 

1999

99-sesongen vart ein opptur for a-laget. Nye krefter kom til på trenarfronten, og også på spelarfronten. Trenarar for sesongen vart Arne Klepp og storskåraren Bjørge Worren. Sistnmente skulle vere spelande trenar. Fleire unge talent vart tatt opp på a-laget denne sesongen, og dei hevda seg godt. Det var klart at opprykk var målet for sesongen. Det klarte ikkje Hareid. Men det skulle ikkje bli mange år i 4 divisjon med så gode rutinerte og unge talentfulle spelarar. Treningane starta bra i januar, med bra intensitet. Men dei dabba av utover i februar. Treningskampane som vart spelte bar også preg av dette. Resultata var veldig variable. Rundt påsketider var det bortimot krise i a-laget og styret. Etter fleire krisemøter kom styret og klubben endeleg fram til ei løysing. Treningane starta opp att for fult rett over påske, og eit nytt styre for a-lags-fotballen måtte på plass. Styret var på plass 2 veker før seriestart. Optimismen var ikkje på topp rett før seriestart med eit urutinert styre og ein spelarstall med eit syltynt treningsgrunnlag. Men Hareid skulle vise seg å overraske dei fleste. I fyrste kamp sendte dei tabellfavoritt Sunnylven heim til Hellesylt med eit 5 – 1 tap i sekken. Framgongen heldt fram. Etter 11 kampar utan tap og halvspelt serie leia Hareid tabellen. Men etter sommarferien skulle Hareid få det litt tøffare. Dei opna med tre strake tap, og dermed var dei ute av opprykkskampen. På slutten av sesongen fekk yngre spelarar prøvd seg. Ein med namn Svein Inge Nesset debuterte for a-laget borte mor Stordal i ein alder av 15 år. Noko som er ein av dei tidlegaste debutane i Hareid-historia. Nesset viste seg å skulle bli ein fast og viktig spelar på Hareid i åra framover. Til slutt enda Hareid på ein respektabel 4. plass, 18 poeng bak den suverene Vigra. Toppskåraren denne sesongen vart nok ein gong Bjørge Worren, med solide 34 mål. Same spelaren hadde også flest kampar: 29. Totalt sett var dette ein bra sesong for Hareid. Laget har mange unge ”svoltne” spelarar og ein del rutinerte. Så dette skulle lyde godt for framtida. Opprykk til 3 divisjon neste sesong var godt innanfor rekkevidde.

ARRANGEMENT

 

Jentefotballens dag

------------------------------

HADARLEIKANE

10. Juni - Hareid stadion

____________________

Sparebank Møre Cup

1. September - Hareid Stadion

Påmeldingslink SBM Cup 2018

 


Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 




   SPONSORAR