hareid_il_logo_135.png









 

1995

For sjette sesongen på rad bytta Hareid trenar. I 1995 fekk Bjørn Roppen det gjeve ansvaret, med Einar Pieroth som assistent. Målsetjinga var vidare framgang.

Hareid begynner treigt, og er for ujamne til å hevde seg heilt i toppen. Men det kjem seg etterkvart, og til slutt endar laget på 4. plass: Eit hakk betre enn sesongen i førevegn.

Bjørge Worren (ex Hødd og Volda) kom til Hareid denne sesongen, og vart toppscorar med 19 mål. Ei anna forsterkning var midstopparen Sigbjørn Skeide (ex Hødd). Dette var også året då Ole Petter Slettebakk debuterte.

Etter sesongen gjekk Vagn Scheide Mork og Georg Aursnes til Hødd for 110 000 kroner totalt. Hareid og Hødd vart ikkje sjølve einige, så saka vart sendt til NFF.

 

Frå Stian Nedberge, Henrik Bolstad Banne og Svein Inge Nesset sitt prosjekt:

Bjørn Roppen melde sine tenester føre denne sesongen, då som trenar. Med seg fekk han den gamle Hareidsspelaren Einar Pieroth som assistenttrenar. Målet for sesongen var å gjere ytterlegare framgong. Trekk vi denne målsetjinga over i konkrete tabellplasseringar, var altså målet bli betre enn fjorårets 5. plass, og såleis kome blant dei fire beste i 3. divisjon. Hareid fekk ein treg start på vårsesongen med to uavgjorte kampar, men enda med 4 sigrar, 4 uavgjorte og 3 tap ved sommarpausen. Hausten vart enda betre. Unggutane fekk sleppe meir til, og med friskt blod og pågangsmot enda statistikken for hausten med 6 sigrar, 2 uavgjorte og 3 tap. Ein slik andre halvdel av sesongen førte Hareid opp på ein 4. plass på tabellen, med 39 poeng. Hadde laget vore litt meir stabile i prestasjonane hadde nok plasseringa vorte enda betre.

Toppscorar dette året blir eks Hødd-, og Volda-spelar Bjørge Worren med 19 mål, med Georg Aursnes og Dag H. Moldskred på 10 mål kvar. Eit nytt ungt stortalent debuterar denne sesongen, midtbanespelaren Ole Petter Slettebakk. 7 obligatoriske kampar får han med seg i 1995. Framgongen til dei unge talenta går ikkje umerka hen på fotball- Sunnmøre. Etter sesongslutt melder storebror Hødd si interesse, og dåverande spiss Georg Aursnes og keeper Vagn Scheide Mork pakkar fotballskor og keeperhanskar og bytter Hareid Stadion og 3.divisjon med Høddvoll og 1. divisjon. Desse to er dei fyrste i ei rekke spelarar som prøver seg ei næraste åra: Espen Pilskog og brørne Ole Petter og Daniel Slettebakk prøvar alle tre seg i Hødd, med meir eller mindre suksess.

ARRANGEMENT

Årsmøte Fotballgruppa

Onsdag 21.11.18. Kl. 19.00

Klubbhuset

__________________________

Påmelding er open!

__________________________

MiTT VALG KURS

27.oktober

Melshorn Hotell

 

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR