hareid_il_logo_135.png









 

07.07. Djupdykk i arkivet: A-laget i 1992

1992 var det siste året Hareid spelte i 2.-divisjon (tredje høgste nivå). Det var meininga at Harald H. Rise og assistentane Lars Pedersen og Arve Holstad skulle halde fram som trenarar etter opprykket i 1991, men grunna ein travel kvardag trekte dei seg i februar 1992. Harald Åsland Riise hadde eigentleg skrive under for Hødd hausten 1991 - som spelar. Men han sleit med skadar, og då Hareid gav han tilbod om å vere trenar for laget, spelande eller ei, så var han ikkje vond å be. Stig Andor Engen vart med som hjelpetrenarar. Både "Ås" og Engen skulle markere seg for Hødd seinare på 90-talet, men i 92 var dei altså spelande Hareid-trenarar. Det enda med nedrykk på direkten, sjølv om starten på sesongen var lovande.

Vi har scanna inn nokre bilete frå Vikebladet Vestposten i 1992.

Trenarkommentaren: "Vi er tilbake"

Skrive før sesongen i programbladet for 1992.

VI ER TILBAKE

Hareid sitt a-lag i herrefotball er tilbake der det høyrer heime. Etter kortast mogleg tid i 3.-divisjon rykte Hareid (etter ein utruleg spennande slutt og ein nervepirrande opprykkskamp mot Ørsta) opp i 2.-divisjon igjen.

Avdelinga vår er spekka med gode lag. Mange av Oslo-laga har som mål å rykke opp, og her oppe er det vel Volda som blir sett på som det beste laget. Det vil med andre ord blir mange spanande og sjåverdige oppgjer. Men vi har ikkje tenkt å gi ved dørene. Hareidslaget som rykte opp i fjor hadde innsats som varemerke, og årets lag skal ikkje stå tilbake for fjorårets på nokon måte. Når Stabæk, Skeid og Volda og dei andre laga kjem på besøk vil dei møte eit Hareid-lag som står på i hundre (og vel så det). Men her er vi avhengig av støtte frå publikum. Vi set vår lit til at publikum møter opp og gir laget den fortente støtta.

I fjor hadde Hareid etter mi meining den beste trenarløysinga i fylket. Dei tre trenarane utfylte kvarandre glimrande og gjorde sitt til at miljøet i og rundt laget var eineståande. Utan desse trur eg ikkje opprykket hadde vore mogleg. Når årets sesong starta vart desse nesten tvinga mot sin vilje til å halde fram. Pga familiesituasjon og liknande fekk vi denne løysinga. Men den nye løysinga fekk Hareid tilbake tidlegare støttespelarar som Roger Hauknes og Magnus Holstad, samtidig som Tom Fredriksson skreiv under kontrakt. 3-4 støttespelarar betyr meir for laget enn allverdas trenarar. Då er vi inne på spelarstallen. Det er synd for Hareid at berre 11 mann kan spele samtidig. Det betyr at mange gode spelarar må slite benken, og at nokon ikkje er der ein gong. Vi har vel vore nokså skåna for alvorlege skadar. Vi har hatt Vidar O. lenge vekke med skadar og skulegang, og rett før påske fekk vi Bård Grimstad ute i lengre tid. Men sånne ting må vi leve med og då er det godt å ha ein stor og solid spelarstall å ta av.

Av nye spelarar blir det elles interessant å sjå kva karar som Per Rune Tødenes og Torbjørn Rekdal (begge ex Larsnes) vil bidra med. Dessutan vil mange sperre augene når Marius Liavåg finn forma og lar beina få fart på seg. Det er ikkje mange forsvarar i denne divisjonen som vil matche farta hans.

Vi får også håpe at nokre av dei store talenta på guttenivå held fram den positive utviklinga, og blir a-lagsaktuelle dei næraste åra.

Med andre ord folkens; dette blir spennande, møt derfor opp og gi laget full støtte.

Til lukke med sesongen - både spelarar og publikum.

Harald Åsland Riise (trenar)
Stig Engen (hjelpetrenar)

ARRANGEMENT

 

Jentefotballens dag

------------------------------

HADARLEIKANE

10. Juni - Hareid stadion

____________________

Sparebank Møre Cup

1. September - Hareid Stadion

Påmeldingslink SBM Cup 2018

 


Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 




   SPONSORAR