hareid_il_logo_135.png









 

1992

"The Last Waltz"

For ellevte og siste sesong så langt, spelte Hareid i 2. divisjon i 1992.
Hareid vart dømt nord og ned, men var faktisk ikkje så langt i frå å få ny kontrakt.

Det var meininga at trioen Harald H. Rise/Lars Pedersen/Arve Holstad skulle trene Hareid også denne sesongen, men dei måtte trekke seg frå det. Dermed satsa Hareid på to spelande trenarar; Harald Åslan Riise med Stig Engen som assistent. Dei fekk spelarar som Per Rune Tødenes, Torbjørn Rekdal og Marius Liavåg til klubben. I tillegg gjorde Tom Fredriksson og Magnus Holstad comeback.

Det begynte bra for Hareid, med 1-0-sigerar over Stranda og Skeid dei to første kampane. Men deretter gjekk det verre. Seinare i sesongen tapte Hareid 7-1 for Skeid, og 5-0 mot Stabæk. På det jamne slapp faktisk ikkje Hareid inn så mange mål, men laget evna heller ikkje å score så mange sjølv.

Med berre eit poeng på dei fem siste kampane, vart den totale poengsummen 19. Med tre poeng meir hadde Hareid sensasjonelt nok stått i divisjonen.

Dette er kanskje det året Hareid har møtt flest tradisjonsrike lag? Skeid, Kjelsås, Stabæk, Ullern og Frigg er alle relativt godt meritterte lag i Noreg.

 

Frå Svein Inge Nesset, Henrik Bolstad Banne og Stian Nedberge sitt prosjekt:

Den suksessfulle trenartrioen frå året før, Lars Pedersen, Arve Holstad og Harald H. Riise, takka for seg. Inn kom mangeårige Hareid-spelar og framtidig Hødd-spelar- og trenar Harald Aasland Riise. Han skulle i år fungere som spelande trenar for Hareid-laget, som skulle prøve å klore seg fast som nyopprykka lag i 2. divisjon. Riise hadde i mange år vore ein ressursperson i Hareidsmiljøet, både som sentral spelar, som kasserar for fotballgruppa og som ein av tre personar i ei ”gjeldsaneringsnemnd”. Denne nemnda tok på seg å slette den mangeårige store gjelda til fotballgruppa. I løpet av nokre veker i 1991 vart all gamal gjeld sanert, og tilbake stod fotballgruppa med fleire mangeårige sponsoravtalar med til dømes Kredittkassen, Sparebanken Møre og Vesta.

Laget frå 1991 blir forsterka med spelarar som Roger Hauknes, Per Rune Tødenes, Thorbjørn Rekdal og Marius Liavåg. I tillegg varslar Tom Fredriksson og Magnus Holstad comeback. Med desse forsterkningane kunne ein velje å sjå positivt på Hareid sin 11. sesong på det tredje høgste nivået i fotball i Noreg.

Likevel blir sesongen ein lang kamp med ryggen mot veggen. Laget er solide defensivt, men sprudlar ikkje akkurat når dei er på motstandaren sin banehalvdel. Laget scorar få mål, og det visar att på toppscorarstatistikkane: Dag Harald Moldskred blir toppscorar for Hareid med berre 10 mål, Tore Hareide på 9 mål og Magnus Holstad og Per Rune Tødenes kvar med 5 mål. I heile tolv av seriekampane maktar ikkje Hareid-laget å score mål! Likevel opnar laget med to 2-0-sigrar, ein av desse over Skeid på Hareid stadion. Eit Skeid-lag som før øvrig skulle gå hen og rykke direkte opp i eliteserien dei neste åra. 1992 må kanskje vere det året der flest ”kjende” og tradisjonsrike klubbar har vitja Hareid stadion. Vi nemner kjapt Skeid, Ullern, Stabæk, Frigg og Kjelsås. Men dei to opningskampane er diverre ikkje symptomatiske for resten av sesongen. Skeid vinn t.d. returkampen på Voldsløkka 7-1, og Hareid endar opp med 19 poeng og ein nest siste plass. Nedrykket er eit faktum.

ARRANGEMENT

MiTT VALG KURS

27.oktober

Påmeldinglink Mitt Valg Kurs 27.10. 

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 




   SPONSORAR