hareid_il_logo_135.png









 

01.10. Litt inspirasjon i sesonginnspurten

Tre rundar står att av årets 4.-divisjon for menn. Hareid hadde verken før sesongen eller midtvegs i sesongen amibisjonar om opprykk, men no ligg det slik til at sjansane er der for å ta ein KM-tittel og klatre opp ein divisjon. Tøft blir det uansett. Langevåg-leiren uttala i dagens utgåve av Sunnmørsposten at dei mobiliserer max for å vinne avdelinga, og dei gulkledde ventar på at Hareid skal gjere eit feilskjer om ikkje lenge. Så spørst det om dei kan få hjelp av veslebror MSIL, som kjem på besøk til Hareidsmyrane stadion fredag førstkommande. 

Som litt inspirasjon i sesonginnspurten har vi scanna inn det Vikebladet Vestposten skreiv og fotograferte etter at Hareid rykte opp hausten 1991. 

Lagt ut: 1. oktober 2011

Springsteen, Pretty Woman og Danser med ulver

Det var populære ting i heimane til Hareid-spelarane i 1991, les vi i sesongheftet.

* Bruce Springsteen si plate "The River" var favoritten til både Kenneth Moldskred og Stig Andor Engen. Dag Harald Moldskred nemnte to The Boss-plater; "The River" og "Born In The USA". Rune L. Holstad og Svenn Sundgot heldt også ein knapp på "Born In The USA".

* Ronny Osnes, Frank Djupvik og Arne Åsland Riise hadde Pretty Woman som sin favorittfilm.

* Ronny Holstad Hansen, Per Ivar Meinseth og Vidar O. Røyseth likte best "Danser med ulver".

* Inga overrasking at Harald Åsland Riise lista opp Pink Floyd som sitt favorittband, eller at Kenneth Moldskred heldt ein knapp på alle dei fem Rocky-filmane som sine favorittfilmar.

ARRANGEMENT

 

Jentefotballens dag

------------------------------

HADARLEIKANE

10. Juni - Hareid stadion

____________________

Sparebank Møre Cup

1. September - Hareid Stadion

Påmeldingslink SBM Cup 2018

 


Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 




   SPONSORAR