hareid_il_logo_135.png









 

1991

For første gong på elleve år skulle Hareid spele i kretsserien. Det vart med ein sesong som trenar for Bjørn Andersen. I 1991 utgjorde dei tidlegare spelarane Harald H. Rise, Lars Pedersen og Arve Holstad ein trenartrio.

Ein del spelarar med erfaring frå Hødd kom over: Per Ivar Meinseth, Arthur Solvåg, Kjell Otto Lillebø, Nils Peter Skeide og Oddbjørn Dimmen. Desse vart sentrale brikker, men den som kanskje stal mest merksemd denne sesongen var Dag Harald "Dæjen" Moldskred, som vart laget sin toppscorar.

Hareid vann kretsserien (som no hadde fått namnet 3. divisjon, som vi
kjenner den i dag) med 45 poeng. Dei nærmaste utfordrarane, Langevåg, Ørsta og Spjelkavik, enda alle med 41 poeng. Sidan avdelingsvinnaren rykkte direkte opp i 2. divisjon, var Hareid klar for sin 11. sesong på det nivået.

Frå prosjektet til Henrik Bolstad Banne, Svein Inge Nesset og Stian Nedberge:

Som nyleg nedrykka lag kunne det i all skuffinga vere vanskeleg å motivere seg for spel på eit lågare nivå, og såleis underprestere. Dette skulle heldigvis ikkje hende med Hareid dette året. Bjørn Andersen pakka joggedressen og fløyta og takka for seg etter berre ein sesong. Inn kom tre personar som mellom seg hadde over 1100 (!) kampar for Hareid: Lars Pedersen, Harald H. Riise og Arve Holstad. Denne konstellasjonen var ikkje mindre enn spanande! Kunne desse ta Hareid opp til det nivået laget hadde høyrt heime på i så mange år før? Vel, godt hjelpte av nye spelarar med Hødd-bakgrunn som Per Ivar Meinseth, Arthur Solevåg, Kjell Otto Lillebø, Nils Peter Skeide og Oddbjørn Dimmen kunne ein velje å sjå optimistisk på den nye sesongen. Målsetjinga hjå laget var likevel ikkje meir konkret enn å gjere det best mogleg, og å kjempe i toppen. Oppkøyringa byrja, som i ´89, 2. januar, og laget køyrde 55 treningar før endeleg sesongen tok til. Vårsesongen enda med 6 sigrar,2 uavgjorte kampar og 3 tap. Haustsesongen vart enda betre, med 7 sigrar og 4 uavgjorte. Til alt overmål gjekk laget ubesigra dei 12 siste seriekampane. Imponerande! Dette, i tillegg til siger i nøkkelkampar (slo Langevåg og Ørsta, som enda på 2. og 3. plass) førte til ein rask retur til ”landsdelsserien”, som no heitte 2. divisjon. Hareid enda altså opp på topp av den nye 3. divisjon med 45 poeng, 4 føre Langevåg og Ørsta. I tillegg kom laget seg denne sesongen til 1. runde i NM-cupen, etter å ha slått ut Ørsta og Rival i høvesvis 1. og 2. kvalifikasjonsrunde. I 1. runde møtte Hareid erkerival Hødd på Hareid stadion, og ein kunne lukte fordums oppgjer mellom dei to laga frå då dei begge var i same divisjon. Det vart eit spanande oppgjer, der Hødd til slutt trakk det lengste strået og vann 3-1, etter å måtte gå ut i ekstraomgongar mot den ”stirige” veslebroren frå nordenden av øya.

Toppscorar dette året vart Dag Harald ”Dæjen” Moldskred, med 21 mål. Snu dei to siffera og du får antal mål til nr. 2 på lista, Tore Hareide med 12 mål. Fire spelarar spelte samtlege kampar denne sesongen, nemleg Stig Engen, Bård Grimstad, Knut Johan Haddal og Dag H. Moldskred. I tillegg kan vi ta med Hallbjørn Saunes og Harald Aasland Riise med 21 kampar kvar. Etter sesongen fekk 5 spelarar utmerkingar for spelte kampar. Dette gjaldt Harald Aasland Riise (200), Tore Hareide, Dag H. Moldskred, Vidar O. Røyseth og Bård Grimstad (alle 100).

ARRANGEMENT

MiTT VALG KURS

27.oktober

Påmeldinglink Mitt Valg Kurs 27.10. 

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 




   SPONSORAR