hareid_il_logo_135.png









 

1990 - det store overgangsåret

Overgangen til Bjørge Worren som aldri vart noko av.

Overgangen til Bjørge Worren som aldri vart noko av.

Om vi ser vekk frå Lasse Flø sin eine a-kamp i 1990, var ingen frå opprykksåret 1980 lenger med før denne sesongen. Dei siste som var igjen frå den gong gav seg etter den litt skuffande 1989-sesongen, det vil seie Lars Pedersen, Knut Strande, Mardon Hjelle (flytta etter kvart nordover og melde seg inn i Berlevåg) og Dag Audun Eliassen. I tillegg gjekk Einar Pieroth til Hødd, samtidig som Roar Riise trappa ned og Torstein Woldsund melde overgang til Volda.

Hareid kom derfor i ein situasjon der nye krefter måtte hentast inn utanfrå for å supplere eigenproduserte spelarar som Vidar O. Røyset, Bård Grimstad, Kjartan Mork, Harald Åsland Riise og Dag Harald Moldskred.

* Stig Engen kom tilbake til Hareid etter to år i Molde, og dermed var det lite å seie på keepersituasjonen.

* Jonny Kragset vart signert frå Åram. Det var mykje fram og tilbake før Hareid endeleg fekk han i hamn. Men juniorspelaren vart endeleg speleklar i slutten av april. ("Styret" rundt denne spelaren heldt fram også etter at Kragset gjekk frå Hareid, sidan han hadde spelt for Frigg hausten 1990 utan godkjenning frå Hareid).

* 1969-modellen Tore Olsen vart henta frå Hødd.

* Tore Hareide (f. 1966) vart henta tilbake frå Brandal. Erling Fjelly (f. 1968) kom same veg.

* Åge Elias Karlsen (f. 1966) vart signert frå Hjørungavåg. Derifrå kom også Arne Åsland Riise (f. 1965), som debuterte for Hareid tilbake i 1983.

* Bjørn Andersen (f. 1955) skulle i utgangspunktet berre vere trenar, men vart også spelar denne sesongen.

* Jon Arne Hagen (f. 1966) vart henta frå Lepsøy.

* Frode Hessen (f. 1964) kom frå Spjelkavik.

Bjørge Worren, som seinare skulle vere innom Hareid i fleire periodar som både spelar og trenar, var også på det nærast klar for overgang frå Hødd til Hareid før denne sesongen. Overgangspapiret låg klart, men så stranda det heile. Worren fortel:

- Eg fekk ikkje plass i Hødd sin a-stall denne sesongen, og Hareid var veldig ivrige på å få meg over. Eg spelte ein treningskamp for Hareid, og papira var signerte. Men så vakna Hødd igjen. Juniortrenar der ute, Arnfinn Ingjerd, sette i sving ein prosess som enda med at eg til slutt likevel kom med i Hødd sin a-stall.

Worren vart (offisielt) Hareid-spelar for første gong i 1995.

ARRANGEMENT

MiTT VALG KURS

27.oktober

Påmeldinglink Mitt Valg Kurs 27.10. 

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 




   SPONSORAR