hareid_il_logo_135.png









 

1989

Det er aldri lett å følge opp ein god sesong. Så skjedde også med Hareid i 1989, etter den rekordgode 88-sesongen.

Vi siterer Leiv Arne Grimstad frå jubileumsboka:
"LUFTA GÅR UT. Etter denne kjempesesongen gjekk litt av lufta ut av laget, og det var tydeleg for alle at det ville bli vanskeleg å halde det same nivået vidare. Fleire av dei spelarane som hadde vore med på oppgangstidene tidleg i 80-åra, var under tilbaketrekking -- og rekrutteringa frå eigen stall var ikkje god nok."

Som året i førevegen tok Harald Møller på seg trenaransvaret. Sesongen var varierande, men med 24 poeng og 9. plass heldt i alle fall Hareid seg i divisjonen. I 1988 slapp Hareid knapt nok inn mål. Denne sesongen kunne by på nokre stygge tap: 1-5 og 0-4 mot Volda, 0-5 mot Verdal, og 0-5 og 0-6 mot Hødd (Hødd vann avdelinga, og rykte opp).

Dette var femte og siste sesongen Knut Strande var toppscorar for Hareid.

Frå Stian Nedberge, Henrik Bolstad Banne og Svein Inge Nesset sitt prosjekt:

I 1989 skulle Hareid følgje opp den sterke fjorårssesongen, og Harald Per Møller skulle nok ein gong leie laget dette året. Med seg fekk han Hans Gisle Holstad, som vart med fram til sommarferien. Mellom kvarandre hadde desse mange tiår med erfaring og kompetanse, så det skulle i alle fall ikkje stå på trenarane dette året. Målsetjinga vart tidleg sett. På eit fellesmøte før sesongstart kan vi lese at alle var samde om å minst gjere ein like god sesong som det føregåande året. Som vi veit enda det med ein 3. plass i dåverande 3. divisjon. Treningane tok til allereie i november/desember ´89, men den organiserte sesongoppkøyringa tok til 2. januar.  Laget deltok i mange treningskampar denne vinteren, tillegg til vinterserien (Sparebankcup) og Jubileums- cupen ”Best på Sunnmøre”. Dette vart kanskje for mange treningskampar på skiftande underlag, viste det seg utover sesongen; Skadar og slitasje skulle prege laget gjennom året. I NM vart laget slått ut av Bergsøy med eit pinleg 0-3-tap på Hareid stadion i 1.runde. Vårsesongen enda med ordinære 5 sigrar, 2 uavgjort og 4 tap, medan ein i den andre halvdelen av sesongen enda med 4 sigrar, 1 uavgjort og 6 tap. Ikkje akkurat topp 3-statistikk, med andre ord. Symptomatisk nok enda dei to kampane mot Hødd med 5-0 og 0-6-tap, som for øvrig rykte opp dette året. Ser ein bak statistikkane, ser ein kjapt at ein del av desse (i forhold til fjoråret) dårlege resultata kan forklarast, om ikkje unnskyldast. Utgangspunktet var dog det beste, med mykje folk på treningane under oppkøyringa og nye innmelde spelarar. Men snart kom skadande snikande, og sentrale spelarar vart ein etter ein flytta over på skadelista. Hareid a-lag kunne berre stille med same mannskap i to seriekampar, og dette var dei to første! Laget forstod snart i fellesskap at målsetjinga nok var noko høg i den situasjonen dei var hamna i, og konsentrerte seg om å slå dei laga som var rundt dei på tabellen. Dette klarte dei, og hamna til slutt på ein 9. plass med 24 poeng.  Den litt skuffande sesongen, sjølv om laget heldt seg i divisjonen, viste att på publikumstalet. 279 tilskodarar i snitt er ikkje veldig pent i forhold til dei 448 som i snitt besøkte Hareid stadion på heimekampane året før. Toppscorar vart nok ein gong Knut Strande, dette året med heile 28 mål. Arve Holstad følgde med 18 mål. Holstad var også einaste som spelte samtlege kampar i 1989. Lars Pedersen sette dette året ny klubbrekord med heile 439 kampar, og passerte såleis Einar Elvanes, som for øvrig spelte b-kampar for Hareid 48 år gamal! Seinare kom Lars Atle Flø til å gå forbi Pedersen på adelskalendaren og trone aleine med sine 471 kampar. Lars Pedersen vart forresten kåra til årets spelar i 1989.

Klubbhuset, som stod ferdigbygd seint i ´88, vart innvia fredag 31.03.89 med ein stilfull fest, der innbodne gjestar frå naboklubbar, kommunen og næringslivet fekk sjå det nye hovudkvarteret for idretten på Hareid. Det vart utdelt utmerkingar og heider til byggjenemnda og til dei med flest dugnadstimar. I tillegg vart nøkkelen til huset overlevert, som prov på at huset var overteke og i husstyret sine hender.

ARRANGEMENT

MiTT VALG KURS

27.oktober

Påmeldinglink Mitt Valg Kurs 27.10. 

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 




   SPONSORAR