hareid_il_logo_135.png









 

08.11. Djupdykk i arkrivet: Hareid på tippekupongen

ARKIV_0003.JPG

Kor mange gonger Hareid har vore med på Norsk Tipping sin 12-ar vitast ikkje. Men som vi ser på kupongen over var vi der i alle fall i 1987. Høvet var ein 1. runde-kamp i cupen mellom Hareid og Hødd. For tipparane vart U det rette tippeteiknet. Det stod 1-1 til pause, men Hødd (som spelte eitt nivå høgare enn Hareid) vann 4-3 på straffesparkkonkurranse.

Med jamne mellomrom har Hareid vore på Norsk Tipping sin Langodd-kupong. Vi var der ikkje i år. I år var det vel berre Nordicbet som hadde odds på Hareid-kampar. Men i og med vi spelar i 3.-divisjon neste år reknar vi med at Hareid blir å finne på Langoddsen igjen.

8. november 2011

Brosjyre for reklamesal i 1987

20.07. Djupdykk i arkivet: 1987-sesongen del 3 av 3

I del 3 av 3 om 1987-sesongen tar vi føre oss det som skjedde etter sommarpausen og fram til avslutningsfesten etter serien var avslutta. Vi merkar oss at keeper Stig Andor Engen gjekk til Molde grunna dei gode prestasjonane hans i 1987. Ikkje verst, med tanke på at han ikkje begynte å satse på fotball før i 1985. Før det hadde Engen berre ei handfull kampar for Hjørungavåg på CV-en, skal vi tru Vestposten.

20.07. Djupdykk i arkivet: 1987-sesongen del 2 av 3

I del 2 av 3 ser vi på Hareid sin vårsesong i 1987. Hareid kjempa i toppen av det som då heitte 3.-divisjon, medan Hødd sleit tungt i 2.-divisjon - og enkelte begynte å snakke om at laga skulle byte divisjon. Det skjedde ikkje, men Hareid slo faktisk Hødd i 3.-divisjon i 1988.

20.07. Djupdykk i arkivet: 1987-sesongen del 1 av 3

Vi har igjen vore på ferde og gjort eit djupdykk i Vestposten sitt arkiv. I dag presenterer vi avisutklipp frå Hareid a-lag sin 1987-sesong. Det er til dags dato den beste sesongen Hareid har hatt nokon gong, berre tangert (og dog poengmessig forbetra) av 1988-sesongen. Hareid enda på 3.-plass på nivå 3 i Norge.

Sesongen var heilt spesiell av ein viss grunn. Fotballtinget hadde vedteke å gi tre poeng for siger og eitt for uavgjort, som i ein del andre europeiske land. Men: Enda kampen uavgjort gjekk han til straffesparkkonkurranse, og vinnaren fekk med seg eit ekstra poeng. Altså vann du kampen fekk du tre poeng, vann du straffekonken fekk du to, tapte du han fekk du eitt, og tapte du sjølve kampen fekk du null. Denne straffesparkordninga viste seg å vere lite gunstig for Reidar Vågnes sitt Hareid-lag, og ordninga vart jo også avskaffa før 1988-sesongen.

Men i del 1 av 3 ser vi Hareid si oppkøyring før 1987-sesongen.

ARRANGEMENT

Årsmøte Fotballgruppa

Onsdag 21.11.18. Kl. 19.00

Klubbhuset

__________________________

Påmelding er open!

__________________________

MiTT VALG KURS

27.oktober

Melshorn Hotell

 

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR