hareid_il_logo_135.png









 

1987

Reidar Vågnes og Arne Klepp fekk også trenaransvaret for Hareid i 1987. Gullik Kjelstadli og Kurt Magne Berge kom over frå Bergsøy, medan Torstein Woldsund var henta frå Vartdal.

Det er verdt å merke seg at eit heilt nytt poengsystem vart brukt denne sesongen. Dersom ein kamp enda uavgjort, ville vinnaren bli kåra etter starffesparkkonkurranse. Den situasjonen kom Hareid opp i seks gongar (Berre to av dei enda med siger).

Med ein fangst på 41 poeng gjorde Hareid sin beste sesong nokon gong til då (Avdelingsvinnar Fyllingen enda opp med 55 poeng).

---

Dei to trenarane som hadde leia laget sitt til 5. plass i fjor fekk fornya tillit. Den organiserte treninga tok til i januar, og då gjekk det slag i slag fram til sesongstart. Laget deltok i ein rekkje småturneringar, og gjorde sine saker svært bra der. Dette året var det også eit nytt poengsystem. Det vart straffekonk dersom det var uavgjort ved full tid. Målsetjinga var som før: Å rykke opp til 2.divisjon, og vere det beste laget frå Sunnmøre. Allereie i fyrste seriekamp fekk Hareid smake på den nye seriesystemet. Etter 0-0 i ordinær tid mot Os, vann laget frå Bergen 2-0 på straffe. Laget gjorde det bra i vårsesongen med unntak av eit par kampar som dei tapte. Mellom anna var tapet mot Langevåg på bortebane eit skuffande resultat. Fasit etter vårsesongen var åtte sigrar og tre tap. Alt i alt ein god vårsesong.

Hareid valte å reise til Danmark på treningsleir som oppkjøring til haustsesongen. Det vart eit vellukka opphald, der dei fekk gode treningsforhold på gras. Laget spelte óg treningskampar mot Strømmen og Bærum, noko som var god kamptrening for laget.

Haustsesongen var litt dårligare poengmessig for Hareid enn vårsesongen. Men ein god sluttspurt gjorde at laget enda på ein historisk tredjeplass. Sjølv om målsetjinga ikkje var nådd, var laget godt fornøgd med sesongen. Det var ny poengrekord, sjølv etter den gamle ordninga, og laget var eit mykje meir stabilt lag.

ARRANGEMENT

Årsmøte Fotballgruppa

Onsdag 21.11.18. Kl. 19.00

Klubbhuset

__________________________

Påmelding er open!

__________________________

MiTT VALG KURS

27.oktober

Melshorn Hotell

 

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR