hareid_il_logo_135.png









 

1986

Trenar Hans Gisle Holstad tok endeleg farvel med Hareid som a-trenar. Inn dørene kom Reidar Vågnes, som var henta frå Langevåg. Hjelpetrenar var Arne Klepp. Laget fekk ein ny giv og var spent på kva dei to nye trenarane kunne klare å oppnå med klubben. Målsetjinga frå året før vart ikkje endra på, og laget hadde no to år på seg for å nå den langsiktige målsetjinga – opprykk til 2.divisjon. Dei henta tilbake den gamle suksessoppskrifta frå åra før, der dei deltok på ein rekke five-a-side-turneringar. Laget spelte også mange treningskampar, men kvar gong dei skulle møte betre motstand vart kampen avlyst. Hareid var på nytt plassert i avdeling med lag frå Hordaland og Sogn og Fjordane.

Laget kom seg gjennom vårsesongen med 0 tap, men dessverre vart det litt for mange uavgjorte kampar. Heile 7 av 11 kampar enda uavgjort. Likevel var dei fleste godt fornøgd med prestasjonane så langt. Dei hadde vist at dei kunne spele jamt med alle, men måtte bli meir dyktige i avgjerande situasjonar.

Denne sommaren var treningsleir bytta med trenings- weekend som fant stad i Loen i Sogn og Fjordane. Her fekk dei ei god treningshelg, og det sosiale stod også i sentrum.

Allereie i første seriekamp på hausten måtte laget ut på ein lang busstur. Bussen stoppa ikkje før dei hadde nådd Bergen, der dei skulle møte Åsane. Hareid fekk i denne kampen bakoversveis, og heimelaget gav seg ikkje før dei hadde notert fire mål bak Hareid sin målmann. Starten på haustsesongen skulle vise seg å vere ein stor skuffelse. Etter kvart fekk laget meir sving på sakene og det enda med ein godkjent 5. plass. Målsetjinga dette året var heller ikkje nådd.

ARRANGEMENT

 

Jentefotballens dag

------------------------------

HADARLEIKANE

10. Juni - Hareid stadion

____________________

Sparebank Møre Cup

1. September - Hareid Stadion

Påmeldingslink SBM Cup 2018

 


Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 




   SPONSORAR