hareid_il_logo_135.png









 

20.07. Djupdykk i arkivet: A-laget i 1985

Det var stor forventingar til Hareid i landsdelsserien i 1985. Under leiing av Hans Gisle Holstad og Harald Møller hadde laget byksa oppover tabellen hausten 1984 og til slutt blitt nummer fire. Men i 1985 kom eit lite tilbakefall då Hareid vart nummer sju. Rett nok var det berre tre poeng opp til Fram/Skatval på andreplass. Namsos vann avdelinga suverent med 36 poeng (gammal poengordning). Hareid-toppscorar i 1985 var Einar Magne Skeide med 30 mål.

15.07. Hareid a-lag 1984

Via Andreas Moldskred i klubbhusstyret har vi fått nokre bilete som Fotograf Jønsson har tatt av ulike lag og personar i Hareid IL opp gjennom åra. Her kjem eit bilete av a-laget vi meiner på må vere tatt sommaren eller hausten 1984. Kjell Tynes starta sesongen som trenar, men slutta ut på våren. Harald Møller leia laget ein periode før han vart assistent under Hans Gisle Holstad, som altså då gjorde comeback (ikkje for siste gong). Holstad og Møller trena også laget i 1985, men den sesongen var ikkje Bjørn Roppen og Kristian Saunes med - så konklusjonen blir at dette biletet er frå 1984. Det året fekk Hareid forresten si til då beste plassering i divisjonssystemet; 4.-plass ei av avdelingane på nivå tre - åtte poeng bak vinnaren Aalesunds FK.

25.07. Djupdykk i arkivet: 1985-sesong på det jamne

I dag har vi scanna inn nokre avisutklipp frå 1985-sesongen. Denne gongen frå Vikebladet, som var den minst Hareid-patriotiske av dei to avisene på Hareidlandet på 80-talet (Vikebladet dekte begge kommunane med tyngdepunkt i Ulstein, Vestposten mest Hareid). Hans Gisle Holstad og Harald Møller fekk verkeleg sving på sakene då dei tok over Hareid sitt 3.-divisjonslag (noverande 2.-divisjon) midtvegs i 1984-sesongen. Målet for 1985 var å kjempe i toppen, men Hareid enda på ein litt skuffande 7.-plass.
 

ARRANGEMENT

MiTT VALG KURS

27.oktober

Påmeldinglink Mitt Valg Kurs 27.10. 

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 




   SPONSORAR