hareid_il_logo_135.png









 

1983

Etter fire gode sesongar med Hans Gisle Holstad, engasjerte Hareid i 1983 ein ny trenar. Namnet var Kjell Tynes, og var henta frå Aalesund. Stallen var som i åra før ivrig etter å kome i gang, og starta med five-a-side berre nokre veker etter sesongslutt. Etter at Hareid hadde begynt å trene ute på grusen vart laget råka av mykje dårlig vêr og elendige banetilhøve. Det resulterte i at laget i påska reiste på treningsleir til Danmark, der dei fekk trene på flotte grasbaner i fin temperatur. Sosialt var treningsopphaldet ein stor suksess. Dette året spelte Hareid heile 13 treningskampar, og det som var bemerkelsesverdig var at heile sju av dei vart spelt på gras. Treningskampane gjekk bra og laget var godt budd på sesongstart.

Første seriekamp i denne sesongen var borte mot erkefienden Langevåg. Etter ein tafatt og keisam opningskamp var Hareid berre mellomnøgd med 0-0 og poengdeling. Status etter vårsesongen var fire sigrar, fire uavgjorte og tre tap. Når det gjaldt cup-eventyret sat Langevåg kjeppar i hjulet for det. Langevåg vann kampen 2-1, og dermed var Hareid ute av cupen. Den tradisjonelle treningsveka var dette året omgjort til ei langhelg i Stryn. Der trena laget harde økter to gonger for dagen. Laget deltok også i nokre turneringar, med blanda suksess. Laget vart mellom anna nummer to i ei turnering i Vik, der dei tapte for heimelaget i finalen.

Etter den gode vårsesongen og den gode sommarferien var det knytt store forventningar til haustsesongen. Men slik gjekk det dessverre ikkje. Laget sleit med skade på sentrale spelarar stort sett gjennom heile haustsesongen, og det vart nokre unødvendige tap etterkvart. Hareid hadde som mål å gjere det betre enn året før. Den målsetjinga klarte dei diverre ikkje, og laget enda til slutt på ein småskuffande 7.-plass.

Dette var debutesesongen til dei lovande ungfolane Roar Riise, Arne Åsland Riise og Magnus Holstad. Idar Vattøy med bakgrunn i Hødd og Haddal vart også ein fin tilvekst.

ARRANGEMENT

MiTT VALG KURS

27.oktober

Påmeldinglink Mitt Valg Kurs 27.10. 

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 




   SPONSORAR