hareid_il_logo_135.png









 

Hødd - Hareid 0-4

I 1981 spelte Hareid og Hødd i same avdeling i det som den gongen heitte 3.-divisjon. Hødd var storfavorittar på heimebane framfor lokalderbyet i 2. pinsedag, men ja, dei fekk seg nok ein støkk.

I magasinet "Hareid i skotet" frå 1984 har ein forfattar som vel å vere anonym skrive dette:

Det går an!

- Fotballen er rund, seiest det. Javel, men kom ikkje og fortel meg at han er SÅ rund! Rein utklassing var det. Og Hareid var (det SÅG eg!) fleire gonger nærare SJU mål enn Hødd eitt einaste eitt!...
Før kampen var der i Hødd-leiren ei stemning av "lett kamp" og parade-siger. Her skulle det demonstrerast at det var DIVISJON mellom frendar. Musikklaget Ulf sine feiande tonar opp mot fulsette tribuner før kampen stødde godt opp under forventningane i den lei - saman med råbygget til turisthotellet i himmelsjå attom og det halvferdige bossbrenningsanlegget borti Saunesmarka. Noko anna DET enn dei glanne stikkene som såvidt er komne inn på samfunnshotell-tomta i Hareid sentrum og dei rekningane for bosstenestene i nabokommunen hareidingane snart må bu seg på!
Jau, her var det duka dugeleg på i regionbestestova vår. MEN - så viste det seg, med same kampen var sett i gang, at Hareid-spelarane vart eit uventa herkje for Høddane:
- D e endel ta taktikken, det - høyrdes frå fleire på Høddane sitt parti: - Det jelde at Hareidingane fæ ta seg ut me same - dei hekje kondis til meir enn eit kvarter elle so - å då kanj Hødd bjynde neteljinga!-
Og litt seinare:
- Men hanj der dommaren, hanj SER helst meir enn anj skolde tru når hanj attpåtil e innja Blindheim! Ska hanj drive slik å blåse for småteng so rivanj opp heile spelet for Hødd - å på frispark innjover i straffefeltet der he hon mej Harei eit par kare so e for longe, so slikr må dommaren passe se for!
Og så:
- Ditta va hoffseid elle iallfallj angrep på kiper -! Måkje jere de slik at Hødd må til å ta ijen, bære!
Og etterkvart så hadde VI dei:
Hareid vart ikkje sprengde så snart likevel. Når ballen vart "løfta" over midtbana (eller spela inn frå vibgen så fekk dei opna heile banebreidda) sparde Hareid mykje pust og mange steg fram til angrepsposisjon. Hødd kom på helane (ja, det heiter faktisk noko slikt på moderne fotballspråk!) av denslags gamaldags fart og kraft.
Det er ikkje rett å seie at dei frå Hareid sitt lag FANN medspelarane kvar gong dei prøvde samspel - men dei var frampå så OFTE i denne kampen. Takka vere arbeidsvilje og innsats, at det såg igrunnen betre ut enn det verkeleg var dei gongane det klaffa.
OG SÅ KOM FØRSTE MÅLET.
Knapt nokon på tribunen der eg sat trudde skikkeleg på det då det kom. Eg sat slik til at at eg heldigvis SÅG at det MÅTTE kome - og hadde han Strande bomma då, ja så hadde eg pilarutt... (nei, sei resten du, Terje) Og då nr. 2 var skikkeleg inne, var det fleire som meinte at det var ikkje til å tru på DET heller: - No må dokke ta fra REGISTERET!, vart det ropa frå fleire Hødd-hald.
Vel, registeret vart nokså fort UTVIDA, iallefall: Høddarane vart HARDE og små-rå og triksete og tok mannen før ballen. Det vart reint utidig, vart det: Ei stund forsto eg jamvel betre kvifor dei i Ulstein er så opptekne av å kunne halde på fullt utbygd apotek (som t.o.m. står langt fram i gata!) medan vi på Hareid ser ut til å greie oss med berre eit handkjøpsutsal -
Men alt i alt slo denne utidigheita tilbake på Hødd - som i ein periode vart stoppa av domarfløyta nesten kvar gong dei hivde seg fram-i og ville råve fatt i ballen og tru seg kome i gang med noko.
Hareid sine TO mål kom nett i perioden då Hødd la om til hardare takter mann mot mann. Domaren frå Blindheim var såmenn ein sjåande kar med mannsmot - og SÅG og BLES til det heilt tilslutt sto 4-0 til Hareid.
AT de skulle timast meg å få oppleve det! -

ARRANGEMENT

MiTT VALG KURS

27.oktober

Påmeldinglink Mitt Valg Kurs 27.10. 

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 




   SPONSORAR