hareid_il_logo_135.png









 

Opprykket i 1980

For første gong var Hareid klare for 3.-divisjon, landsdelsserien på den tida. Men ikkje utan dramatikk. Vi siterer frå historia om 1980-sesongen i magasinet Hareidfotball 1991:

No låg vegen open mot 3.-divisjon. Det galdt berre å "halde tunga rett i munnen". I påfølgjande heimekamp mot Rollon var forma igjen på plass. Knut Strande scora 2 mål før pause (1 på straffe). Og i 2. omgang auka Mardon Hjelle og Dag Eliassen til 3-0 og 4-0, medan Rollon ikkje oppnådde ein einaste brukbar sjanse. Jon Olav Slettebakk fekk briljere som han ville på midtbanen, men elles var det eit jamnt og velspelande Hareidslag som trimuferte.
Hareid låg no 2 poeng føre Langevåg 2 kampar før slutt. Hareid hadde også 9 mål betre målforhold. Og alt i nest siste runde, mot VRF på Hareid stadion, kunne det vere avgjort. Mange mintest vårkampen, då Hareid slo VRF i Velledalen 4-1. Dette skulle gå fint.
"Typisk Hareid!", sa Hareidsdommaren Otto Holstad om kampen - etterpå. VRF var i poengnaud og kjempa med "kniven på strupa". Hareid hadde tross alt ein sjanse til. Det gjekk slik at VRF kjempa Hareid ut av stilen og vann 2-0. Det hjalp lite at Hareid hadde ballen mest. Geir Holstad blir framheva på eit blodfattog Hareidslag, som rett nok sakna Knut Strande - men-men. Samtidig vann Langevåg 3-1 over Spjelkavik - og før siste serieomgang var Hareid og Langevåg a-poeng, men Hareid hadde 5 mål å gå på.
I siste kamp skulle Hareid møte Herd i Ålesund. Langevåg skulle møte Stranda i Langevåg. Sjølv om Hareid hadde bortebane (det såg forøvrig ut for å vere ein ting som motiverte laget ekstra denne sesongen), så peika det til Hareid sin fordel at Herd låg i uinteressant tabellposisjon, medan Stranda stod i fare for å rykke ned og måtte "gi alt" mot Langevåg.
Og avslutningsrunda var eit kapittel for seg. Noko av det største Hareidsspelarane har opplevd på fotballbanen, vil vi tru. Ein imponerande (og edru) heiagjeng entra Aksla stadion for å hjelpe fram Hareid i ein kamp som fekk ein mykje sterkare nerve enn mange sette pris på. Sjølv om Hareid hadde eit spelemessig overtak i 1. omgang, var det Herd som gjekk til pause med 1-0.
Medan spelarane gjekk i garderoben til pause vart det meldt frå Langevåg at heimelaget der var i ferd med å kople grepet på Stranda. For Hareid var einaste utvegen å gå på banen i 2. omgang og vinne kampen. Det vil seie å score minst 2 mål - og kanskje fleire - mot det gjerrige Herd-laget.
Vakthavande på Aksla fortalde etterpå at ein hareidsdøling hadde ringt han i telefonen annakvart minutt gjennom heile kampen. Røysta var "grautfull" då han fekk vite at Herd leia 1-0.
7 minutt ut i 2. omgang kom det forløysande førstemålet. Leiv Arne Grimstad scora frå kort hald etter corner. Deretter var det Knut Strande sin tur til å heade 2-1 opp i vinkelen. Då var omgangen 15 minutt gamal. Og endeleg, 7 minutt før slutt, kom det målet som "avgjorde". Harald H. Rise får til ein fulltreffar. Det er 3-1 - og Lars Pedersen pyntar til 4-1 med eit skot frå 20 meter. Frå Langevåg kjem så meldinga om 2-0-siger over Stranda. "Ein ellevill heiagjeng storma banen etter kampen, og Hans Gisle Holstad vart kasta fleire gonger i veret av overlukkelege spelarar", skriv Vestposten. "Hareid leverte en gjennomført kamp hvor laget aldri henfalt til cupkjemping, men spilte sitt eget spill fra begynnelse til slutt" skriv Sunnmørsposten.
Dermed var Hareid eit 3.-divisjonslag! Og skulle få spele i "mulighetenes divisjon"!
Vi kan ikkje forlate denne kampen utan å nøste opp nokre godbitar. Hareidstrenar Hans Gisle Holstad påstod dette var hans største "fotball-opplevelse" trass i alt han hadde opplevd i Hødd-drakta. Då han kom ombord i "B/F Hjørungavåg" på veg heim til Hareid etter kampen, vart han møtt med trampeklapp og måtte som første hareidsdøling halde tale frå kioskdøra.
Jon Gjerde, som i karrieren hadde rykt opp frå både 6.-div, 5.-div, 3.-div og 2.-div, stod no på tribunen og brølte seg opp frå 4.-divisjon, fortalte avisene.
Medan Sigurd Grimstad, som forlet eit bryllaup for å få med seg kampen, stod i bunad og kappe og sa at "får Hareid eit mål til så let eg kappa gå". Hareid scora - og ein fargerik Sunnmørsbunad kom til syne... over Akslas grønne gress...
Hallbjørn Bigset ville slakte gjøkalven og be heile laget på galla i Bigset Vest etterpå...
Det vart ein høgtidsdag og ein mimrehaust!
Til slutt dei statistiske fakta 1980: Knut Strande vart toppscorar i serien med 14 mål. Harald H. Rise hadde 13, Mardon Hjelle 7 og Leiv Arne Grimstad 6. Lars Pedersen vart kåra til årets spelar - og desse fekk statuett for 100 kampar: Mardon Hjelle, Stein Rise, Gunnar Hareide og Harald H. Rise.


ARRANGEMENT

Årsmøte Fotballgruppa

Onsdag 21.11.18. Kl. 19.00

Klubbhuset

__________________________

Påmelding er open!

__________________________

MiTT VALG KURS

27.oktober

Melshorn Hotell

 

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR