hareid_il_logo_135.png









 

1980

Etter sigeren mot Herd som sikra opprykk til landsdelsserien: Bak frå venstre: Henrik Fjelly, Gunnar Aursnes, Per Øvrelid, Geir Holstad, Stig Bekkemellem, Mardon Hjelle, Harald H. Rise, Knut Strande, Villy Nesset, Harald Møller Glenn Thoresen, Terje Hareide, Hans Gisle Holstad.Framme: Egil Andersson, Odd Elvanes, Anders Mork, Dag Eliassen, Lars Pedersen Stig Arve Rise, Lars Atle Flø, Erling Hareide, Gunnar Hareide, Jon Olav Slettebakk, Leiv Arne Grimstad.

Etter sigeren mot Herd som sikra opprykk til landsdelsserien: Bak frå venstre: Henrik Fjelly, Gunnar Aursnes, Per Øvrelid, Geir Holstad, Stig Bekkemellem, Mardon Hjelle, Harald H. Rise, Knut Strande, Villy Nesset, Harald Møller Glenn Thoresen, Terje Hareide, Hans Gisle Holstad.
Framme: Egil Andersson, Odd Elvanes, Anders Mork, Dag Eliassen, Lars Pedersen Stig Arve Rise, Lars Atle Flø, Erling Hareide, Gunnar Hareide, Jon Olav Slettebakk, Leiv Arne Grimstad.

Sesongen for Hareid IL i 1980 starta slik som den gjorde i 79. Oppkjøringa starta allereie i november, men då var det kun frivillige treningar. Det verklege hardkjøret starta etter nyttår. Den første treningskampen vart spelt i byrjinga av mars, og var mot Hødd. Alt i alt vart det spelt 11 treningskampar før sesongstart. Hareid hadde brukt førsesongen godt og følte seg godt budd når første seriekamp skulle avviklast. Der vart Langevåg slått 3-0, og laget hadde fått ein god start på sesongen. Etter den gode starten på sesongen var det nok mange i klubben som håpte på eit lite cupeventyr, men allereie 4 dagar etter sesongopninga vart dei utslegne. Sjølve kampen slutta 0-0, men Valder, som var motstandar, trakk det lengste strået i straffesparkkonkurransen. Resten av vårsesongen gjekk svært bra for Hareid. Dei stoppa på tre tap, men noko som var litt urovekkande var at alle tapa kom på heimebana. Ferien vart godt brukt, og kan knapt kallast ferie. Hareid deltok for første gong på Selje Cup dette året. Det enda like godt med siger i cupen, etter at Aksla vart slått i finalen. Hareid deltok på fleire turneringar i Nordfjord denne sommaren. Haugen Cup har vore ein tradisjon for Hareid å delta på, men diverre for laget hadde dei hittil aldri vunne. Dei slo Eid IL etter straffespark og nok ein pokal vart sikra. Etter desse cupane reiste laget til Sørlandet på treningsleir. Treningsleiren bestod av knallharde økter og treningskampar mot lokale lag. Hareid IL stod godt rusta til haustsesongen.

Også haustsesongen starta veldig bra for Hareid. Før siste seriekamp låg Hareid à poeng med Langevåg, og det var knytt stor spenning til den siste seriekampen, som vart spelt mot Herd. Langevåg på si side skulle spele mot Stranda heime. Søndag den 28. september vil stå som ein merkedag får Hareid. Dei sette kursen mot Ålesund, og saman med dei hadde dei ”heile bygda” som skulle støtte laget sitt. Hareid låg under 1-0 etter pause, medan det i Langevåg var 0-0. Då var Langevåg serievinnarar. Men etter at dommaren blåste av 2.omgang, var resultatet snudd heilt på hovudet, og Hareid vant kampen 4-1. Dermed var Hareid klar for 3 divisjon (noverande 2. divisjon). Hareid kan også kalle seg uoffisielt fylkesmeistarar etter dei hadde slått vinnaren i Romsdal/Nordmøre-avdelinga. Der vart IL Bryn slått 3-2, etter to dobbeltkamper, ein heime og den andre borte.

ARRANGEMENT

 

Jentefotballens dag

------------------------------

HADARLEIKANE

10. Juni - Hareid stadion

____________________

Sparebank Møre Cup

1. September - Hareid Stadion

Påmeldingslink SBM Cup 2018

 


Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 




   SPONSORAR