hareid_il_logo_135.png









 

1980-talet

Hareids beste spelar nokon gong? Mange vil meine det. Lars Pedersen var sikkerheita sjølv i Hareid-forsvaret frå 70-talet og fram til han la opp etter 1989-sesongen. Her er Lars i ein kamp mot Hødd, klubben han sjølv spelte for i éin sesong (1984).

Hareids beste spelar nokon gong? Mange vil meine det. Lars Pedersen var sikkerheita sjølv i Hareid-forsvaret frå 70-talet og fram til han la opp etter 1989-sesongen. Her er Lars i ein kamp mot Hødd, klubben han sjølv spelte for i éin sesong (1984).

Ja dette tiåret er sjølve gullalderen til Hareid. Det var dette tiåret spelarane var stjerner, og heitte Lasse Flø, Dag Audun Eliassen, Lars Pedersen, Mardon Åsland Hjelle, Knut Strande, Einar Pieroth, Dennis Slettebakk, Harald Åsland Rise, Roar Riise, Anders Mork, Leifen Grimstad, Stig Engen, Einar Magne Skeide, Idar Vattøy, Harald H. Rise, Geir Holstad, Tom Fredriksson og så vidare. Hareid var i skotet, som tittelen på kassetten frå 1983 var.

Det var ei enorm entusiasme rundt laget denne tida. Firesifra tilskodartal var ikkje uvanleg. Ikkje minst var kampane mot Hødd populære. I 1980 vann Hareid faktisk 4-0 borte mot Hødd. I 1988 enda Hareid over Hødd i seriesystemet for første gong.

Vi kan seie at oppturen begynte i 1979 då Kisse Holstad tok over trenaransvaret. Hareid vann krinsserien (noverande 3.-divisjon) det året, men tapte kvaliken. Året etter var det ikkje kvaliksystem, og Hareid kvalifiserte seg for landsdelsserien for første gong. Der spelte Hareid resten av tiåret, stort sett med plasseringar over midten. Det vart 3.-plass både i 1987 og 1988. Dette tiåret kunne ein 7. plass vere ein nedtur står det i historikken. Det var også ambisjonar om å kome seg opp på landets nest høgaste nivå. Det var Hareid nær i 1988, men det skjedde aldri.

Kisse var ein svært sentral person i Hareidsfotballen på denne tida. Han trena laget frå 1979 til 1982, og etter eitt og eit halvt år med Kjell Tynes bak roret gjorde han comeback i 1984 og heldt fram ut 1985. Så trena Reidar Vågnes laget i 1986 og 1987, før Harald Møller hadde ansvaret i 1988 og 1989.

Les meir om kvar sesong i menyen til venstre.

ARRANGEMENT

Årsmøte Fotballgruppa

Onsdag 21.11.18. Kl. 19.00

Klubbhuset

__________________________

Påmelding er open!

__________________________

MiTT VALG KURS

27.oktober

Melshorn Hotell

 

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR