hareid_il_logo_135.png









 

1976

Jon Gjerde var trenar denne sesongen, med Odd Brandal som assistent. På spelarfronten skjer følgjande: Lars Pedersen er i det militære dette året. Stein Arve Rise og Lasse Flø får med seg halvparten av kampane. Erling Hareide og Jon Olav Slettebakk er med for fullt. Karsten Arild Holstad sluttar etter fleire sesongar, og Per Johan Rise er heller ikkje med. Nye i rekkene er Hans Gisle Holstad, Jon Jarle Holstad (tilbake frå det militære) og Bjarte Husøy. Ryggrada i laget er framleis med: Jon Gjerde, Leiv Arne Grimstad, Audun Grimstad, Gunnar Aursnes og Odd Brandal.

Treningskampane gav grunn til optimisme, mellom anna to gonger 2-2 mot Hødd. Men sjølv om Hareid hadde det spelemessige overtaket, vart det 1-0 tap på heimebane mot Aksla i første runde i serien. Hareid kom derimot grusomt tilbake i neste kamp. Taktikken vart følgt til punkt og prikke, og det gav 1-0-siger borte mot Brattvåg etter mål av Audun Grimstad. Etter ein siger og ein uavgjort dei to neste kampane låg Hareid på 3.-plass. Ting såg lyst ut, men 2-1 i målskiland vitna om lite målapetitt.

Dei neste kampane spelte Hareid uavgjort og tapte mot Langevåg. "Typisk nok" var det 3-1-siger mot topplaget Herd kampen etter. Ny siger i neste runde, då botnlaget Sæbø var nedsabla med 4-0. No var det berre tre poeng opp til serieleiar Herd. Men i siste runde før sommarpausa rota Hareid vekk ei 2-0-leiing og tapte mot Valder. Då vart pratet om opprykk lagt vekk.

Vårsesongen var altså god, men hausten var svært svak. Hareid vann ikkje ein einaste kamp. Fasiten var seks uavgjorte og tre tap. Laget enda som nummer 7 i tilagsserien. 20-21 i målskilnad vitna om eit godt forsvar og eit angrep som hadde mykje å gå på.

Hans Gisle Holstad og Gunnar Aursnes vart kåra til årets spelarar.

ARRANGEMENT

Årsmøte Fotballgruppa

Onsdag 21.11.18. Kl. 19.00

Klubbhuset

__________________________

Påmelding er open!

__________________________

MiTT VALG KURS

27.oktober

Melshorn Hotell

 

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR