hareid_il_logo_135.png









 

Nytt djupdykk i arkivet: Hareids første krinsmeistrar

DIPLOM2.PNG

Andreas Moldskred i klubbhusstyret har nok ein gong scanna inn ein av KM-diplomane til Hareid, sidan ramma skal reparerast. Denne gongen har vi fått diplomen for krinsmeisterskapen i 1948. Det var faktisk Hareid sin første KM-tittel, og den kom i 3.-divisjon.

Men ikkje utan dramatikk. Hareid vann si 3.-divionsavdeling, men måtte møte Stranda og Guard i kampar om spel i 2.-divisjon. Hareid slo Guard 1-0, men tapte mot Stranda - som vann kvaliken og rykte opp.

Men kvaliken hadde ikkje noko med KM-tittelen å gjere. Den skulle Hareid, AaFK B, Stranda og Guard kjempe om. Guard kvalifiserte seg til finalen med siger mot AaFK B. Hareid skulle møte Stranda, men Stranda møtte ikkje opp, og Hareid skulle møte Guard i KM-finalen. Men Guard trekte seg, og Hareid vart krinsmeistrar utan å spele ein kamp...

Hareid har forresten vunne 10 krinsmeisterskap for a-laget (herrar) utandørs:

Vinnar nivå 5, 2011
Vinnar nivå 5, 2000
Vinnar nivå 4, 1991
Vinnar nivå 4, 1979
Vinnar nivå 4, 1980
Vinnar nivå 5, 1972
Vinnar nivå 6, 1967
Vinnar 2.-divisjon 1955
Vinnar 3.-divisjon 1949
Vinnar 3.-divisjon 1948

ARRANGEMENT

MiTT VALG KURS

27.oktober

Påmeldinglink Mitt Valg Kurs 27.10. 

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 




   SPONSORAR