hareid_il_logo_135.png









 

19.05. HAREID - EMBLEM 4-0: HAREID OVERRASKAR BÅDE SEG SJØLVE OG ANDRE

Målscorarane frå venstre: Jon André Thue, Ruben-Kenneth Brandal, Thor-Ove Brekke.
Målscorarane frå venstre: Jon André Thue, Ruben-Kenneth Brandal, Thor-Ove Brekke.

Med formsterke Ruben-Kenneth Brandal i spissen tok Hareid ein ny krutsterk siger i 4.-divisjon. 

At Hareid kunne ha ein sjanse mot Emblem kunne vi nok på førehand ha hevda. Men at Emblem, som var ein så klar seriefavoritt for éin månad sidan, skulle blir sendt heim med 4-0-tap - det hadde vi ikkje drøymt om rundt middagsbordet eit par timar før kampstart. Klart det var marginar som gjekk Hareid sin veg denne gongen også. Men merk at keeper Sigve Overå Hide hadde få kvalifiserte redningar. Det må bety at avslutningane til Emblem ikkje var allverda. Og det skal også seiast at Hareid kunne ha scora fleire. Faktisk scora Hareid også fleire enn fire. Men det skal vi kome tilbake til seinare i referatet. Vi tek det frå børjan av.

Thue benka
Trenarane gjorde to forandringar på laget som slo Ørsta 2-0 sist veke. At Thor-Ove Brekke kom inn igjen som spiss for Eiliv-Tore Howlid var ikkje overraskande. Ei heller at Lars Roar Holstad skulle kome inn igjen i midtforsvaret. Men at det skulle gå utover Jon André Thue, som spelte ein god kamp mot Ørsta, hadde vel få venta. Uansett leverte Thue varene i dag også han. Men også det kjem vi tilbake til seinare.

To kjappe
Emblem kom best i gang med kampen og trefte tverrleggjaren frå berre eit par meter etter fire minutt. Hareid låg lågt i bana og såg litt småshaky ut innleiingsvis. Men det er rart kva ei scoring kan bety for ein kamp. Etter 15 minutt kom Runar Stranden rundt på høgresida og la inn. Ballen gjekk via ein Emblem-spelar og i mål. Hareid var altså både dyktige og heldige som tok leiinga på lagets første målsjanse.
   Hareid fekk tydelegvis sjølvtillit av scoringa. Seks minutt seinare kom 2-0. Både Thor-Ove Brekke og Ruben-Kenneth Brandal hadde gode involveringar i eit flott angrep. Brekke fann Brandal, som spelte seg forbi fleire spelarar, før han fann Brekke igjen, som scora frå kort hald. Scoringane såg ut til å gå utover humøret til bortespelarane, og det var lite gjestane fekk til resten av omgangen. Fem minutt før pause kunne dei kanskje ha redusert, men det brukbare skotet frå 16 meter gjekk over mål. Det kunne også ha stått 3-0 halvvegs. Thor-Ove Brekke hadde ei farleg heading over mål etter ein corner. Men strengt tatt var 2-0 til pause godt betalt for Hareid sin del.

Mykje hawaii-fotball
2. omgang var i grunnen ganske merkeleg. Emblem valde å stå høgt for å presse fram ei redusering. Men i staden for å vere kyniske og få ballen kjapt og gale framfor Hareid-målet, valde Emblem ofte å prøve å spele seg gjennom midten. Men der vann Hareid ballen gong etter gong. Og det gav Hareid fleire gode høvet til å ta kontringar. Det vart jo eit par gode kontringar av Hareid. Men vi sit med ei kjensle av at med betre presisjon kunne det blitt endå farlegare endå fleire gonger. Underforstått kunne det blitt fleire scoringar også.
   Hareid skapte omgangens første sjanse etter 51 minutt. Torgeir Skeide burde ha scora frå kort hald, men nøla for lenge og sløste vekk moglegheita. 61 minutt var spelt då Emblem brente ein stor sjanse på ei heading. Fire minutt seinare trudde mange at Hareid hadde gått opp i 3-0. Håvard Øvrelid (som kom inn for ein skadd Robin Jackson Indreflø i første omgang) kom seg gjennom på venstresida og skaut tilsynelatande (sett frå tribunen på sørvestsida) i stonga og ut. Men dei som stod nærast var heilt sikre på at ballen gjekk inn i eit hjul inne i målet og ut igjen.

Brandal avgjorde
Midt i andre omgang var det ikkje godt å vite kva som ville skje med denne kampen. Emblem spelte, truleg bevisst, hazardiøst i forsvar for å få ei redusering. Hadde dei lukkast kunne det blitt spennande. Lars Roar Holstad heada utanfor etter 66 minutt. Med mål då kunne mykje vere gjort. Men vi måtte vente til det 75. minutt før vi følte oss 98 % sikre på sigeren. Emblem-forsvaret rygga og rygga medan Ruben-Kenneth Brandal førte ballen mot mål. Og til slutt scora banens klart bestemann sikkert. Vi kan ta med at Torgeir Skeide stod for den målgjevande pasninga, sjølv om nokon vil hevde det slette forsvarsspelet til bortelaget i dette tilfellet kan reknast som ein assist.
   Vi var inne på Jon André Thue, som neppe var heilt happy med at måtte starte ute. Med knappe ti minutt igjen av ordinær tid fekk Thue kome innpå. Omtrent 35 sekund seinare hadde han scora eit vakkert mål. Frå kanten av 16-meter tuppa vanylvingen ballen i lengste kryss. 4-0 og game over.

Emblem ute av form
Hareid skal ha mykje skryt for denne prestasjonen. Igjen held laget nullen, og igjen fekk vi i periodar sjå mykje bra angrepsspel. Dei rundt 100 tilskodarane kjem nok igjen neste gong, for å seie det slik. Likevel må vi sjølvsagt også nemne at Emblem ikkje var så gode som vi såg føre oss før kampen. Men dei blå og kvite har mange gode spelarar, så dei kjem heilt sikkert sterkt tilbake. Som så mange lag før dei er nok Emblem berre rett og slett inne ei blindgate.

Brandal dominerte stort
Skal vi trekke fram enkeltspelarar på dagens Hareid-lag kjem vi ikkje utanom Ruben-Kenneth Brandal. Han hadde sist runde 20-25 minutt der han verkeleg viste kvifor han har sju sesongar i Hødd bak seg. I dag var Brandal botnsolid begge vegar i første omgang, og også god i fleire periodar av andre omgang. Elles var det ein god og solid laginnsats. Det er sikkert fleire vi kunne ha skrive noko om. Men denne gongen gir vi pluss i margen til dei to andre midtbanespelarane; Skeide og Nevstad. Skeide var solid bakover og også involvert ein god del framover. Nevstad var ryddegut defensivt. Med ei solid midtbane blir det også lettare for forsvaret og keeperen å gjere resten av forsvarsjobben.

Alt i alt; vel blåst.

Ref.

Kampfakta
4.-divisjon runde 6, 19. mai 2016
Hareid - Emblem 4-0 (2-0)
Hareid stadion
Tilskodarar: 100
Mål: 1-0 Sjølvmål (15), 2-0 Brekke (21), 3-0 Brandal (75), 4-0 Thue (82).
Dommar: Oddbjørn Aam, Åmdal IL - 8 p (Endeleg ein dommar som klarer å kommunisere godt med spelarane. Godt dømt!)
Gule kort: Ingen (eller fekk Emblem eitt?)
Hareid (4-3-3): Sigve Overå Hide - Venthan Ketheeswaran, Lars Roar Holstad, Simon Holstad Grimstad, Nauris Driksna (Joar Møller 87) - Alexander Nevstad (Håvard Mork Breivik 84), Torgeir Skeide (Eiliv-Tore Howlid 87), Ruben-Kenneth Brandal (K) - Runar Stranden (Ole André Kragset 87), Thor-Ove Brekke (Jon André Thue 81), Robin Jackson Indreflø (Håvard Øvrelid 33).
*** Brandal, ** Skeide, * Nevstad

Andre resultat: Langevåg - Norborg 10-0 (ja, det er ikkje ein skrivefeil), SIF - FK Sykkylven 3-0, Valder - Godøy 1-1, Skodje - Stranda 4-3.

ARRANGEMENT

 

Jentefotballens dag

------------------------------

HADARLEIKANE

10. Juni - Hareid stadion

____________________

Sparebank Møre Cup

1. September - Hareid Stadion

Påmeldingslink SBM Cup 2018

 


Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 




   SPONSORAR