hareid_il_logo_135.png









 
18.10. Hareid tapte 4-2 mot Emblem i serieavslutninga

Hareid klarte seg fint i siste del av 1. omgang og første del av 2. omgang, medan Emblem opna best og avslutta best. Derfor var det ikkje ufortent at Hareid tapte 4-2 i Emblemsbygda. Robin Jackson Indreflø og Venthan Ketheeswaran scora for Hareid.

12.10. Frå gull til null: Hareid - Rollon 1-4

Hareid klarte på ingen måte å følgje opp den flotte bortekampen mot Norborg sist veke. Til pause leia Rollon heile 4-0. Heldigvis skjerpa Hareid seg i 2. omgang og reduserte ved Ola Kalvø Vattøy, slik at totalinntrykket vart noko betre. Men lagets første tap på to månader og første heimetap på fire månader er uansett eit faktum.

28.09. Hareid - Skodje 2-2: Tredje 2-2-kamp på rad
Hareids Audun Øvrelid mot tekniske Sondre Beite - som ordna eitt poeng til bortelaget.
Hareids Audun Øvrelid mot tekniske Sondre Beite - som ordna eitt poeng til bortelaget.

Ein tett og spennande kamp på Hareid stadion enda 2-2. Skodje leia 1-0 til pause etter mål av Bjørnar Aure. Christer Adrian Mork og Robin Jackson Indreflø snudde kampen for Hareid eit kvarter før slutt, men ikkje lenge etter ordna Sondre Beite 2-2 for Skodje i ein kamp som begge laga kunne ha vunne.

21.09. Hareid - Ørsta 2-2: Klarte ikkje å avgjere
I sin første Hareid-kamp på seks rundar vart Ørjan Engen Grimstad kåra til heimelagets beste spelar av ein lokal jury. Her saman med fotballformann og speaker Stian Runne Brandal.
I sin første Hareid-kamp på seks rundar vart Ørjan Engen Grimstad kåra til heimelagets beste spelar av ein lokal jury. Her saman med fotballformann og speaker Stian Runne Brandal.

Det stod 2-2 til pause etter ein varierande 1. omgang av Hareid. Ola Kalvø Vattøy og Christer Adrian Mork (som vanleg) scora to flotte mål, men Ørsta utlikna to gonger etter rusk i forsvarsmaksineriet. I 2. omgang køyrte Hareid kampen og kom til fleire store sjansar, men det avgjerande målet kom aldri. 

12.09. Godøy - Hareid 2-2: Ikkje siger på Godøya i år heller...

Som venta vart det ein jamn kamp mellom Godøy (her ved Henning Dyb) og Hareid (Hiwa Alipoor).
Som venta vart det ein jamn kamp mellom Godøy (her ved Henning Dyb) og Hareid (Hiwa Alipoor).

Men denne gongen var Hareid nærare sigeren enn vanleg. Det stod 0-2 til pause etter scoringar av Christer Adrian Mork og Ola Kalvø Vattøy (som vanleg). Hareid var best i 1. omgang, medan Godøy styrte kampen etter pause. Likevel var det bittert med uavgjort ettersom Godøy sitt 2-2-mål kom på ei feilaktig straffe.

06.09. Hareid - ÅVK 3-1: Slitesiger i haustmørkret

Det er sluttsummen på kassalappen som tel, blir det sagt. Slik var det også for Hareid i dag. Første del av 1. omgang var ikkje god. ÅVK tok leiinga og kunne ha leia meir. Men Hareid kom sterkare etter kvart og jobba seg inn igjen i kampen. Hareid var spesielt gode mot slutten av 1. omgang og starten av 2. omgang. Då vart kampen snudd til 2-1. Så jamna det seg ut igjen, men Hareid jobba steingodt og la også på til 3-1.

29.08. Stordal - Hareid 0-3: Komfortabel og fortent siger

Christer Adrian Mork scora to mål, medan Ola Kalvø Vattøy noterte seg for to målgjevande pasningar.
Christer Adrian Mork scora to mål, medan Ola Kalvø Vattøy noterte seg for to målgjevande pasningar.

Oppgjeret mellom Stordal og Hareid var aldri nokon stor fotballkamp. Men Hareid var best og vann full fortent etter tre scoringar i siste del av 1. omgang. Måla kom ved Christer Adrian Mork (2) og Lars Andreas Dahlen Folkestad.

22.08. Hareid - MSIL 5-2: God 2. omgang gjorde susen

Heimelagets beste spelar Håvard Røyset saman med Håvard Røyset frå juryen.
Heimelagets beste spelar Håvard Røyset saman med Håvard Røyset frå juryen.

Eiliv-Tore Howlid var som for 13 år sidan sterk delaktig mot MSIL på heimebane. Men kampens store spelar var Ola Kalvø Vattøy, med eitt mål og to assist.

16.08. Valder - Hareid 3-1: Jobba godt, men ikkje kvasse nok

Emil Jensen og Eiliv-Tore Howlid kom begge på scoringslista.
Emil Jensen og Eiliv-Tore Howlid kom begge på scoringslista.

Hareid varta opp med heiderleg innsats på Valderøya, men det var ikkje ufortent at heimelaget vann. Dei scora i slutten av 1. omgang og rett etter pause. Eiliv-Tore Howlid reduserte for Hareid, som hadde eit bra trykk mot slutten. Men då alle mann var i angrep i overtida nytta Valder høvet til å punktere til 3-1. 

09.08. Hareid - Blindheim 3-3: Burde ha vunne

Lars Andreas Dahlen Folkestad, Joachim Røyset og Ørjan Engen Grimstad oppe på ein dødball.
Lars Andreas Dahlen Folkestad, Joachim Røyset og Ørjan Engen Grimstad oppe på ein dødball.

Hareid og Blindheim varta opp med ein underhaldande kamp på Hareid stadion fredag kveld. Mykje bra og gale skjedde begge vegar, men alt i alt var Hareid nærast sigeren. Joachim Røyset, Marius Rise og Ørjan Engen Grimstad scora for Hareid. Rise vart kåra til heimelagets beste spelar av ein lokal bygdejury.

31.07. A-laget tapte fortent mot Emblem

Pauseprat. Bak: Aadland, Howlid, CA Mork. Framme: Trenar Holstad, Ho. Alipoor, Hi. Alipoor, Røyset, Gardshol.
Pauseprat. Bak: Aadland, Howlid, CA Mork. Framme: Trenar Holstad, Ho. Alipoor, Hi. Alipoor, Røyset, Gardshol.

Eit noko redusert Hareid-lag tapte fortent 3-0 borte mot Emblem onsdag kveld.

27.06. Hareid - Emblem 6-2 (1-2): I sommarform!

Man of the match Ola Kalvø Vattøy saman med speaker og jurysekretær Ole Frank Bakken.
Man of the match Ola Kalvø Vattøy saman med speaker og jurysekretær Ole Frank Bakken.

Det er nesten synd 4.-divisjon tek ferie no. For etter ein jamn 1. omgang køyrde Hareid på og gav seg ikkje før det stod 6-2 i protokollen. Og det i skikkeleg sommarver framfor årets største publikum; 114 tilskodarar. Rett og slett ein kjempekveld på Hareid stadion. Måla vart scora av Ola Kalvø Vattøy (2), Christer Adrian Mork, Kim-Tore Husøy, Audun Øvrelid og Hiwa Alipoor.

20.06. Rollon - Hareid 3-4: SÅNN var det å vinne

Frå venstre: Ola Kalvø Vattøy (tomålsscorar), Hans Gisle Holstad (hovudtrenar), Nikolai Røyset (god kamp som venstreback) og broren Joachim (eitt mål).
Frå venstre: Ola Kalvø Vattøy (tomålsscorar), Hans Gisle Holstad (hovudtrenar), Nikolai Røyset (god kamp som venstreback) og broren Joachim (eitt mål).

Etter 13 minutt såg det svært mørkt ut. Då leia Rollon 2-0 etter to enkle mål. Men så kom Hareid i stort tempo. Etter 79 minutt leia Hareid 4-2. Ti minutt seinare reduserte Rollon, som deretter hadde eit bra press. Men Hareid rodde i land ein etterlengta og fortent siger.

14.06. Hareid - Norborg 1-4: Årsveste

Ola Kalvø Vattøy (bak) utlikna for Hareid i ein god periode for heimelaget i slutten av 1. omgang. Men etter pause fungerte lite for raudtrøyene.
Ola Kalvø Vattøy (bak) utlikna for Hareid i ein god periode for heimelaget i slutten av 1. omgang. Men etter pause fungerte lite for raudtrøyene.

Greitt nok at Hareid kunne ha vore heldigare, både med tanke på den stygge skaden til Martin Mork Breivik før pause, offside før 1-3 og Norborg sitt lite logiske FP-trekk før 1-4. Men etter ein OK 1. omgang var Hareid rett og slett ikkje gode nok etter pause. Norborg tok ein fullt fortent bortesiger mot eit Hareid-lag som leverte årsverste både resultat- og prestasjonsmessig.

06.06. Skodje - Hareid 2-1: Drillo-fotballen lever i beste velgåande

Skodjes 1-0-mål.
Skodjes 1-0-mål.

Oppgjeret mellom Hareid og Skodje vart som venta tett og jamt. 

30.05. Ørsta - Hareid 2-2: Tapte to poeng på overtid

Hans Gisle Holstad mana spelarane til vidare innsats under pausepraten, men for første gong i år tapte Hareid ein 2. omgang - og kampen enda 2-2.
Hans Gisle Holstad mana spelarane til vidare innsats under pausepraten, men for første gong i år tapte Hareid ein 2. omgang - og kampen enda 2-2.

Alle dei lokale nettsidene trudde Ørsta og Hareid skulle spele uavgjort, og slik gjekk det også. Men at Ørsta skulle få med seg poeng sat svært langt inne for deira del. Først eit par minutt på overtid kom 2-2. Surt for Hareid, som hadde store sjansar til 3-1 like før. Kim-Tore Husøy og Audun Øvrelid scora for Hareid i 1. omgang.

24.05. Hareid - Godøy 3-4: Udyktige og uheldige

Svenn Harald Nyvoll (nummer to frå høgre) scora like greitt alle fire Godøy-måla.
Svenn Harald Nyvoll (nummer to frå høgre) scora like greitt alle fire Godøy-måla.

Dette var dagen då det meste gjekk mot Hareid. Ørjan Engen Grimstad måtte kaste inn handkleet før kampstart. Godøy gjekk kjapt opp i 1-0. Så måtte også Kim-Tore Husøy gi seg. Eiliv-Tore Howlid utlikna, men Godøy scora to kjappe. I 2. omgang var Hareid lenge svært dominerande. Mål Ola Kalvø Vattøy og Christer Adrian Mork sørgja for 3-3, men Godøy kom meir med på slutten og fastsette sluttresultatet til 3-4. Svenn Harald Nyvoll scora alle Godøy-måla.

15.05. ÅVK - Hareid 2-6: Godt gjennomført kamp av Hareid

Ein nøgd Hareid-trenar Hans Gisle Holstad saman med tremålsscorar Georg Eikrem Olsen (til høgre) og Ola Kalvø Vattøy, som scora etter å ha spelt eitt minutt fotball i 2013.
Ein nøgd Hareid-trenar Hans Gisle Holstad saman med tremålsscorar Georg Eikrem Olsen (til høgre) og Ola Kalvø Vattøy, som scora etter å ha spelt eitt minutt fotball i 2013.

Det var neppe årsbeste spelemessig av Hareid. Men på eit blytungt underlag var det uansett sterkt å score seks gonger. ÅVK kom sjeldan til offensivt, så alt i alt var dette ein godt gjennomført kamp. Georg Eikrem Olsen (3), Christer Adrian Mork, Ola Kalvø Vattøy og Kim-Tore Husøy scora Hareid sine mål.

09.05. Hareid - Stordal 2-1: Den sat langt inne...

Christer Adrian Mork banka inn 1-1 like før pause. Marius Rise (til høgre) stod for den målgjevande headinga.
Christer Adrian Mork banka inn 1-1 like før pause. Marius Rise (til høgre) stod for den målgjevande headinga.

Hareid sleit med å få spelet på gli den første halvtimen. Kenneth Søvik sende bortelaget opp i leiinga etter ein sjeldan forsvarsmiss av Ørjan Engen Grimstad. Inn mot pause pressa Hareid og utlikna fortent ved Christer Adrian Mork etter 45 minutt. I 2. omgang var Hareid klart best, men sleit med å få hol på byllen. Først på overtid heada Kim-Tore Husøy inn sigersmålet. Hareid vann fortent etter stor domians dei siste 60 minutta, men Stordal skal ha honnør for god kjemping og taktisk godt spel. 

12Neste
ARRANGEMENT

MiTT VALG KURS

27.oktober

Påmeldinglink Mitt Valg Kurs 27.10. 

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 




   SPONSORAR