hareid_il_logo_135.png









 

21.10. Hareid - Langevåg 3-2: Hareid er suverene krinsmeistrar!

Bak frå venstre: Håkon Orten Trovåg, Martin Mork Breivik, Ole André Kragset, Georg Rise Gaasø, Ronny Jørgensen, Marius Rise, Eiliv-Tore Howlid, Fredrik Aursnes (opp på Benjamin Reite), Tore Johan Ytre-Hauge, Kim-Tore Husøy, Bjørge Worren, Svein Dag Slettebakk, Joar Møller. Framme: Anders Hjelle Øiestad, Georg Eikrem Olsen, Nikolai Røyset, Nikolay Sundgot, Vagn Scheide Mork, Einar Orten Trovåg, Joachim Moldskred, Lars Andreas Folkestad, Kristoffer Riise. Foto: Leiv Arne Grimstad/VV
Bak frå venstre: Håkon Orten Trovåg, Martin Mork Breivik, Ole André Kragset, Georg Rise Gaasø, Ronny Jørgensen, Marius Rise, Eiliv-Tore Howlid, Fredrik Aursnes (opp på Benjamin Reite), Tore Johan Ytre-Hauge, Kim-Tore Husøy, Bjørge Worren, Svein Dag Slettebakk, Joar Møller. Framme: Anders Hjelle Øiestad, Georg Eikrem Olsen, Nikolai Røyset, Nikolay Sundgot, Vagn Scheide Mork, Einar Orten Trovåg, Joachim Moldskred, Lars Andreas Folkestad, Kristoffer Riise. Foto: Leiv Arne Grimstad/VV

I eit nervedrama av ein kamp vann Hareid 3-2 mot Langevåg stadion fredag kveld. Etter 1. omgang såg det mørkt ut, men over 200 tilskodarar (noko som er sterkt i eit slikt ver) fekk sjå at Hareid sette inn eit ekstra gir og vann til slutt 3-2. Fredrik Aursnes, Kim-Tore Husøy og Marius Rise scora Hareid sine mål. Samtidig rota Valder vekk si leiing mot Ørsta, og dermed vart Hareid krinsmeistrar med fem poeng meir enn Spjelkavik på sølvplass. 

|

15.10. Statistikkhjørnet: Endå ein klubbrekord - jau faktisk to

Om lag halvparten av Hareid-supporterane på Aure i går.
Om lag halvparten av Hareid-supporterane på Aure i går.

Statistikkhjørnet etter 4-0-siger borte mot FK Sykkylven fredag.
* Tidlegare i år sette Hareid ein ny klubbrekord. Ni strake sigrar i serien hadde aldri skjedd før sidan oppstarten i 1946. No kan vi markere nok ein klubbrekord. Hareid har vunne seks strake seriekampar på bortebane, og etter å ha skumma over alle resultata i seriesamanheng sidan 1946 finn vi ikkje ei liknande rekke.
* Men totalt sett har Hareid vore (og blir) betre heime enn borte i år. Bortestatistikken i år vart 7-0-4, heimestatistikken ein runde før slutt lyd på 8-0-2.
* PS. Om årets første uavgjorte kamp kjem i siste runde så kan vi faktisk tåle det. I så tilfelle blir Hareid krinsmeistrar.
* Hareid har faktisk sett endå ein klubbrekord denne helga. 45 poeng er den høgste poengsummen Hareid har nådd ved spel i den øvste krinsserien - etter dei nye poengreglane av 1988. Hareid nådde 51 poeng i 4.-divisjon i 2000, men det var då nest høgste krinsserie. I 1991 vann Hareid den øvste krinsserien - med 41 poeng. Rekorden før denne helga var frå 2007. Hareid enda på ein sur 4.-plass det året, men fekk 43 poeng i 3.-divisjon - det som då var øvste krinsserie.
* Kim-Tore Husøy er tilbake på scoringslistene og er Hareid sin klare toppscorar i serien med 17 mål.
* Men Georg Eikrem Olsen er framleis Hareids toppscorar totalt - med 32 mål. Husøy har i den samanhengen 29 mål.
* Ronny Jørgensen scora sitt 95. Hareid-mål mot FKS.
* Tore Johan Ytre-Hauge spelte sin kamp nummer 149. 

14.10. FK Sykkylven - Hareid 0-4: Kontra FKS i senk før pause

Supporter Benjamin Slettebakk og målscorar Georg Eikrem Olsen på Sulesund.
Supporter Benjamin Slettebakk og målscorar Georg Eikrem Olsen på Sulesund.

Det var alt i alt ein kjempeartig tur til Aure fredag. Både for dei 18 spelarane, støtteapparatet og dei rundt 20 supporterane. Stemninga var god både på veg til kampen (sjølv om Ronny J. var heilt sikker på at det kom til å bli tap) og sjølvsagt på veg heim. Det var ein sterk 1. omgang som gjorde at Hareid kunne reise heim med heva hovud. Hareid kontra rett og slett FK Sykkylven i senk. Med fire mål halvvegs vart 2. omgang meir eller mindre ein transportetappe.

|

08.10. Statistikkhjørnet: Men rekord er det likevel

Sola skein ikkje i Hareidsmyrane i går. Vagn Scheide Mork stilte sjølvsagt i regndress.
Sola skein ikkje i Hareidsmyrane i går. Vagn Scheide Mork stilte sjølvsagt i regndress.

Statistikkhjørnet etter 2-1-tapet heime mot MSIL fredag.
* Det var altså tap mot MSIL. Men før det hadde Hareid vunne ni strake seriekampar. Og med det vart klubbrekorden frå 1967 (åtte strake seriesigrar) sletta.
* Vi noterer også årets andre heimetap, og årets sjette tap totalt.
* På 20 kampar har Hareid framleis ikkje klart å spele uavgjort. Luktar snart klubbrekord av det også. I 2009 spelte Hareid éin uavgjort kamp i serien.
* Hareid har vunne alle seriekampane dei har tatt leiinga i denne sesongen. I går scora motstandaren først, og det same skjedde mot Norborg, Godøy, Blindheim, Spjelkavik og Langevåg (alle desse kampane vart spelt i vårsesongen).
* Vi noterer Håkon Orten Trovåg sitt andre a-mål for Hareid. Også sist han scora kom han inn som innbytar heilt på tampen (Rollon).
* Håkon sin eldre bror, Audun Orten Trovåg (busett i Oslo), bør neppe vise seg meir i Hareidsmyrane i år. Han har sett to kampar denne sesongen, og for 2 x 50 kroner fekk han sjå Hareid tape heime mot Blindheim i vår og mot MSIL i går.
* Litt skuld må vi også legge på hjelpetrenar Svein Dag Slettebakk. Litt usikre på om dette var første kampen han ikkje var med på i år. Men han fekk i alle fall med seg ni strake sigrar før han i går stod over grunna reise. 
* Eiliv-Tore Howlid spelte sin 240. kamp for Hareid, Fredrik Aursnes sin 50. kamp og Kim-Tore Husøy sin 258. kamp (ligg på 19.-plass på adelskalenderen)

07.10. Hareid - MSIL 1-2: Kriga ut av stilen

For 11 år sidan scora Eiliv-Tore Howlid seks mål heime mot MSIL. I dag gjekk lite vegen for veteranen. Flyet hans frå Oslo vart forsinka, og dermed rakk ikkje Howlid kampen. Då han endeleg kom på bana leia MSIL alt 2-1.
For 11 år sidan scora Eiliv-Tore Howlid seks mål heime mot MSIL. I dag gjekk lite vegen for veteranen. Flyet hans frå Oslo vart forsinka, og dermed rakk ikkje Howlid kampen. Då han endeleg kom på bana leia MSIL alt 2-1.

MSIL måtte vinne, og det såg du på dei. Kampen var jamn, men Hareid var aldri i nærleiken av det nivået laget har vore på elles i haust. Det skal også MSIL ha sin del av æra for. Dei scora to kjappe mål ein halvtime før slutt. Håkon Orten Trovåg reduserte for Hareid på overtid.

29.09. Statistikkhjørnet: Ni forskjellige stopparpar

Årets niande midtstopparpar i serien. Og det 18. totalt i år.
Årets niande midtstopparpar i serien. Og det 18. totalt i år.

Hareid har gått frå den eine sigeren til den andre i haust, men kven som spelar midtstopparar ser ut til å ha lite å seie. På 19 seriekampar har heile ni forskjellige stopparduoar starta for Hareid.

|

29.09. Bilete frå HVII-Hareid

28.09. HVII - Hareid 1-4: Ungdommane avgjorde i slitesiger

Junioren Joachim Røyset scora 3-1- og 4-1-måla.
Junioren Joachim Røyset scora 3-1- og 4-1-måla.

Hareid vann fullt fortent 4-1 borte mot Hovdebygda/Volda II onsdag kveld. Heimelaget jobba hardt og var slett ingen kasteball, men utover i 2. omgang var nivåforskjellen mellom laga betydeleg. To ungdommar avgjorde kampen for Hareid i 2. omgang.

|

24.09. Statistikkhjørnet: Lengste sigersrekkje sidan 1967

Sist Hareid vann åtte seriekampar på rad var i 1967. Då scora Gunnar Aursnes 40 mål, noko som er klubbrekord.
Sist Hareid vann åtte seriekampar på rad var i 1967. Då scora Gunnar Aursnes 40 mål, noko som er klubbrekord.

Statistikkhjørnet etter 4-2-sigeren mot Spjelkavik fredag.
* Hareid har vunne 10 av dei 11 siste seriekampane - og 8 på rappen. At Hareid har vunne åtte strake seriekampar har ikkje skjedd sidan 1967. Då vann 6.-divisjon med klar margin, og slo i tur og orden Åmdal (6-1), Hundeidvik (10-2), Hundeidvik (6-3), Sæbø (11-1), Vartdal (3-0), Guard (7-1), Aksla (5-3) og Åmdal (12-0). I dei to kampane om KM-tittelen vann Hareid 3-2 og 6-5 mot Myklebust. Altså 10 strake kampar utan tap. Men dei to siste var ikkje seriekampar.
* Vi kan ta med at Gunnar Aursnes var Hareid sin toppscorar i 1967 med 40 nettkjenningar.
* Sonen Fredrik scora i går sitt niande seriemål for året. Georg Eikrem Olsen scora sitt 10, medan både Marius Rise og Tore Johan Ytre-Hauge scora sitt andre.
* Sist Hareid vann ein seriekamp utan at verken Ronny Jørgensen eller Kim-Tore Husøy signerte seg i målprotokellen var i femte runde, då Eikrem Olsen scora begge måla i 2-1-sigeren mot Valder.
* Joachim Røyset spelte sin 75. a-kamp mot Spjelkavik. 

23.09. Bilete frå Hareid - Spjelkavik

23.09. Hareid - Spjelkavik 4-2: Siger i nervedrama

Tore Johan Ytre-Hauge har nettopp sett inn 1-0 til Hareid, og blir gratulert av Joar Møller (13) i høgre biletkant. Kim-Tore Husøy i midten manar til vidare innsats. Til venstre for Husøy ser vi Ronny Jørgensen og Marius Rise.
Tore Johan Ytre-Hauge har nettopp sett inn 1-0 til Hareid, og blir gratulert av Joar Møller (13) i høgre biletkant. Kim-Tore Husøy i midten manar til vidare innsats. Til venstre for Husøy ser vi Ronny Jørgensen og Marius Rise.

Hareid gjekk til slutt sigrande ut av toppkampen mot Spjelkavik. Etter ein jamn 1. omgang med mange sjansar begge vegar vann Hareid til slutt fortent 4-2 etter ein sterk 2. omgang. Men dette nervedramaet kunne ha bikka begge vegar.

|

17.09. Statistikkhjørnet: Lengste sigersrekkje på 39 år

Fire av Hareid sine sentrale spelarar i år gjer seg klare for ein frisparkvariant mot Blindheim. Frå venstre; Husøy, Eikrem Olsen, Ytre-Hauge og Jørgensen.
Fire av Hareid sine sentrale spelarar i år gjer seg klare for ein frisparkvariant mot Blindheim. Frå venstre; Husøy, Eikrem Olsen, Ytre-Hauge og Jørgensen.

Statistikkhjørnet etter 3-1-sigeren mot Blindheim fredag.
* Hareid har vunne ni av dei ti siste seriekampane, og sju av dei sju siste. Vi har saumfart alle resultata i Hareid si historie dei 40 siste åra. Sist sesong Hareid vann sju seriekampar på rad var i 1972. Hareid var då ein svipptur nedom det som då heitte 5.-divisjon, og vann i tur og orden mot Blindheim, Gjerdsvika, Skodje, Hovdebygda, Ravn, Stordal og Stranda. Det har skjedd mange sesongar at Hareid har gått lange periodar utan tap, men sju strake sigrar har altså ikkje skjedd sidan 1972. Ingen av årets Hareid-spelarar var fødde då. Trenar Bjørge Worren var det så vidt...
* Hareid sin målskilnad på dei sju siste kampane er 32-5.
* Kim-Tore Husøy har scora i sju seriekampar på rad, og er Hareid sin toppscorar i serien med 15 nettkjenningar. Flest totalt har framleis Georg Eikrem Olsen (30), men Husøy pustar han i ryggen også på den statistikken (27).
* Totalt gjennom historia har Husøy 133 Hareid-mål. Han nærmar seg dermed Bjørge Worren (139).
* Vagn Scheide Mork er opp i 335 kampar. Spelar han dei fem siste i haust er han oppe i 340, og vil då tangere Arve Holstad på 7.-plass på adelskalenderen. 

16.09. Blindheim - Hareid 1-3: Det ordna seg til slutt

Kim-Tore Husøy med matchballen etter å ha scora ekte hattrick i 2. omgang mot Blindheim. Blindheim var ikkje så interesserte i å gi frå seg ballen, men vi fekk om ikkje låne han for å ta dette biletet.
Kim-Tore Husøy med matchballen etter å ha scora ekte hattrick i 2. omgang mot Blindheim. Blindheim var ikkje så interesserte i å gi frå seg ballen, men vi fekk om ikkje låne han for å ta dette biletet.

1. omgangen til Hareid var ei oppvising i høge skuldre, feilpasningar, dårleg kommunikasjon og lite løpsstyrke. Heldigvis fann Hareid tilbake den gode haustmelodien i 2. omgang, og snudde kampen etter tre nettkjenningar av formsterke Kim-Tore Husøy.

|

10.09. Statistikkhjørnet: Der det svikta i 2008

Ruben-Kenneth Brandal og Joachim Moldskred jubla etter 1-0-sigeren borte mot Langevåg som sende Hareid til topps i 3.-divisjon seks rundar før slutt i 2008. Men etter LIL-trimufen gjekk det berre ein veg...
Ruben-Kenneth Brandal og Joachim Moldskred jubla etter 1-0-sigeren borte mot Langevåg som sende Hareid til topps i <a href="http://3.-divisjon" target="_blank">3.-divisjon</a> seks rundar før slutt i 2008. Men etter LIL-trimufen gjekk det berre ein veg...

Seks rundar før slutt leiar Hareid 4.-divisjon. Sist Hareid toppa ein tabell var i 2008, seks rundar før slutt - altså som no. Då svikta det totalt for eit Hareid-lag som ikkje vann ein einaste av dei seks siste kampane.

|

09.09. Valder - Hareid 1-5: Kvar var du då Hareid gjekk på vatnet?

Hareid sine spelarar, leiarar og supporterar på snøggbåtkaia på Valderøya etter kampen. Stemninga var det ingenting å seie på. Bak frå venstre: Eiliv-Tore Howlid, Ørjan Røyset, Joachim Røyset, Fredrik Aursnes, Joachim Moldskred, Lars Andreas Folkestad, Ronny Jørgensen, Kevin Aarvik Hestholm, Anders Hjelle Øiestad. Framme: Per Inia Brekke, Tore Rantapelkonen, Nikolay Sundgot, Nikolai Røyset, Benjamin Reite, Håkon Orten Trovåg, Georg Rise Gaasø, Vagn Scheide Mork, Ulf Hansrud, Bjørge Worren, Tore Johan Ytre-Hauge, Svein Dag Slettebakk, Knut Helge Hovden, Kim-Tore Husøy og Joar Møller. Foto: EOT
Hareid sine spelarar, leiarar og supporterar på snøggbåtkaia på Valderøya etter kampen. Stemninga var det ingenting å seie på. Bak frå venstre: Eiliv-Tore Howlid, Ørjan Røyset, Joachim Røyset, Fredrik Aursnes, Joachim Moldskred, Lars Andreas Folkestad, Ronny Jørgensen, Kevin Aarvik Hestholm, Anders Hjelle Øiestad. Framme: Per Inia Brekke, Tore Rantapelkonen, Nikolay Sundgot, Nikolai Røyset, Benjamin Reite, Håkon Orten Trovåg, Georg Rise Gaasø, Vagn Scheide Mork, Ulf Hansrud, Bjørge Worren, Tore Johan Ytre-Hauge, Svein Dag Slettebakk, Knut Helge Hovden, Kim-Tore Husøy og Joar Møller. Foto: EOT

Impossible is nothing. Alle i Hareid-leiren hadde nok på førehand takka ja til eitt poeng borte mot serieleiar Valder om dei fekk bestemme utfallet før kampen vart spelt. Men det var det ingen grunn til å gjere. Eit Hareid-lag som i haust meir eller mindre har gått på vatnet slo til igjen og knuste heimelaget 5-1. 

|

04.09. 6-1-målet blir kreditert som sjølvmål

Dermed vart fordelinga av m&aring;la mot God&oslash;y slik; Ytre-Hauge (1), Hus&oslash;y (2), J&oslash;rgensen (4), Rise (1), sj&oslash;lvm&aring;l.
Dermed vart fordelinga av måla mot Godøy slik; Ytre-Hauge (1), Husøy (2), Jørgensen (4), Rise (1), sjølvmål.

Kim-Tore Husøy vart sett opp som målscorar av 6-1-målet mot Godøy i går. Men Husøy vil ikkje ha målet, og statistikk- og heiderskomiteen er einige. Målet må reknast som eit sjølvmål av Godøy-keeperen Kristian Stenerud.

Statistikkhjørnet kjem seinare i dag.

04.09. Statistikkhjørnet: Største siger på 11 år

Ronny J&oslash;rgensen hadde seks seriem&aring;l f&oslash;r God&oslash;y-kampen. No har han ti. Totalt har Ronny 93 Hareid-m&aring;l.
Ronny Jørgensen hadde seks seriemål før Godøy-kampen. No har han ti. Totalt har Ronny 93 Hareid-mål.

Statistikkhjørnet etter 9-1-sigeren mot Godøy laurdag.
* Hareid har vunne dei fem siste kampane, og sju av dei åtte siste. Målskilnad på dei fem siste er smått imponerande 23-3.
* Laurdagens siger var den største på 11 år. Hausten 2000 vann Hareid 18-2 mot MSIL i 4.-divisjon. Vinteren 2008 vann Hareid 8-0 i ein treningskamp mot Åram/VanKam, men 9-1 er betre en 8-0...
* Sist Hareid scora ni mål i ein kamp var i 2005. Då vann Hareid 9-4 heime mot AaFK 2 i 3.-divisjon.
* Sidan Georg Eikrem Olsen var så gåvmild og "gav vekk" fleire mål mot Godøy har både Ronny Jørgensen og Kim-Tore Husøy gått forbi han på toppscorarlista i serien. Ronny og Kim-Tore har no begge 10 mål. Georg har 9.
* Tore Johan Ytre-Hauge og Marius Rise scora sine første seriemål for året.
* Totalt har 10 ulike personar (+ ein Godøy-spelar) scora mål i serien for Hareid i år. Til ferien var det berre Jørgensen, Husøy, Aursnes og Olsen som stod med seriemål for Hareid.
* Hareid står med sju sigrar, null uavgjorte og eitt tap på heimebane i år.
* Lars Henrik Hasund fekk sitt første raude kort for året, og må stå over mot Valder neste runde. 

03.09. Hareid - Godøy 9-1: Nådelause etter pause

Hareid sine målscorarar, frå venstre: Tore Johan Ytre-Hauge, Kim-Tore Husøy, Ronny Jørgensen og Marius Rise.
Hareid sine målscorarar, frå venstre: Tore Johan Ytre-Hauge, Kim-Tore Husøy, Ronny Jørgensen og Marius Rise.

Hareid leia 3-1 til pause, men må takke keeper Vagn Scheide Mork for at stillinga til dømes ikkje var 3-4 halvvegs. Eitt minutt etter kvilen scora Ronny Jørgensen sitt tredje for dagen, og dermed gjekk lufta ut av Godøy. Resten av kampen handla om kor stor sigeren til slutt skulle bli.

|

28.08. Statistikkhjørnet: Talet på målscorarar er dobla

Georg Eikrem Olsen scora sitt 30. m&aring;l for sesongen mot Rollon, inkludert alle turneringar.
Georg Eikrem Olsen scora sitt 30. mål for sesongen mot Rollon, inkludert alle turneringar.

Statistikkhjørnet etter 6-1-sigeren borte mot Rollon fredag.
* Hareid har vunne dei fire siste seriekampane, med ein målskilnad på 14-2. Laget har også vunne seks av dei sju siste. 
* Hareid tok seks poeng mot Rollon i år, med ein målskilnad på 9-3.
* Etter halvspelt sesong hadde berre fire spelarar scora for Hareid; Georg Eikrem Olsen (8), Fredrik Aursnes (5) og Kim-Tore Husøy (4). Etter tre haustkampar er talet på målscorar alt dobla. Både Joar Møller, Georg Rise Gaasø, Joachim Røyset og Håkon Orten Trovåg har signert seg i målprotokollen. Mot Rollon scora Trovåg sitt første Hareid-mål (på 42 kampar). Både Møller og Gaasø scora også sine første seriemål, men begge hadde frå før kvar sitt i treningskampar.
* Georg Eikrem Olsen scora sitt 9. seriemål og sitt 30. totalt i år mot Rollon. Olsen har spelt 30 kampar, og har dermed scora eitt i snitt per kamp. I serien vil Kim-Tore Husøy framleis vere med og kjempe om toppscoratittelen. Husøy har åtte seriemål, og har scora alle på dei seks siste kampane. 
* 6-1-sigeren i Larsgården var Hareid sin største siger i serien sidan 7-1-sigeren i Ørsta hausten 2007.
* Ole André Kragset fekk sitt tredje gule kort for året mot Rollon og må dermed stå over mot Godøy neste laurdag. 

27.08. Bilete frå Rollon - Hareid

Foto: EOT og Ørjan Røyset

1234Neste
ARRANGEMENT

MiTT VALG KURS

27.oktober

Påmeldinglink Mitt Valg Kurs 27.10. 

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 




   SPONSORAR