hareid_il_logo_135.png









 

Historikken 2011

Det ordna seg til slutt! Hareid feirar opprykk etter 3-2-siger mot Langevåg i siste serierunde. Bak frå venstre: Håkon Orten Trovåg, Martin Mork Breivik, Ole André Kragset, Georg Rise Gaasø, Ronny Jørgensen, Marius Rise, Eiliv-Tore Howlid, Benjamin Reite (med Fredrik Aursnes oppå seg), Tore Johan Ytre-Hauge, Kim-Tore Husøy, Joachim Røyset, Kim-Tore Husøy, Svein Dag Slettebakk, Joar Møller. Framme: Anders Hjelle Øiestad, Georg Eikrem Olsen, Nikolai Røyset, Nikolay Sundgot, Vagn Scheide Mork, Einar Orten Trovåg, Joachim Moldskred, Lars Andreas Folkestad, Kristoffer Riise.
Det ordna seg til slutt! Hareid feirar opprykk etter 3-2-siger mot Langevåg i siste serierunde. Bak frå venstre: Håkon Orten Trovåg, Martin Mork Breivik, Ole André Kragset, Georg Rise Gaasø, Ronny Jørgensen, Marius Rise, Eiliv-Tore Howlid, Benjamin Reite (med Fredrik Aursnes oppå seg), Tore Johan Ytre-Hauge, Kim-Tore Husøy, Joachim Røyset, Kim-Tore Husøy, Svein Dag Slettebakk, Joar Møller. Framme: Anders Hjelle Øiestad, Georg Eikrem Olsen, Nikolai Røyset, Nikolay Sundgot, Vagn Scheide Mork, Einar Orten Trovåg, Joachim Moldskred, Lars Andreas Folkestad, Kristoffer Riise.

A-laget 2011: Eit halvt steg bak og eitt fram

7.-plassen i 2010 førte til at Hareid var nede i nye 4.-divisjon i 2011. Målsetjinga var nøktern, å bygge opp eit nytt og yngre lag – og deretter rykke opp igjen om to eller tre sesongar. Hareid-leiinga var også rolege på overgangsmarknaden. Dei fleste av dei nye spelarane ”kom av seg sjølve”. Lars Henrik Hasund og Georg Eikrem Olsen frå Hasundgot hadde også tidlegare ymta fram på om å prøve seg i klubben, og då Eikrem Olsen flytta til Hjørungavåg vart dei to overgangane ein realitet. Lars Andreas Folkestad kom over frå Hødd sitt juniorlag etter å ha fått lite tillit der. Ole André Kragset (med fortid i Hødd si juniorgruppe, ÅVK og i 2010 Stranda sitt andrelag) melde seg eit stykke ut på nyåret etter å ha flytta til Hareid kommune. Fleire spelarar frå gute- og juniorlaget hospiterte med a-laget. Nokre av dei hadde også gjort det i eitt eller fleire år.

Trenarane frå 2010 heldt fram; Bjørge Worren og Svein Dag Slettebakk. Det gjorde også dei aller fleste av dei sentrale spelarane frå hausten 2010 (berre Steffen Uldbæk og André Skotheim la opp, Jørund Johansen gjekk til Larsnes-Gursken FK). Dette skule føre til ein fin mix av unge og meir rutinerte spelarar i stallen. Det såg i det heile tatt ganske lyst ut.

Skadar på dei rutinerte

Men ein del uønskja ting oppstod. Even Hansrud rauk akillessen under Grendacupen, og måtte dermed stå over heile 2011-sesongen. Dag Gøran Brandal braut ankelen i ein treningskamp, og kom heller aldri tilbake på bana dette året. I tillegg slo Ronny Jørgensen opp ein gammal skade under sitt lange Gran Canaria-opphald (pappaperm) om vinteren. Lagets kaptein Tore Johan Ytre-Hauge gjekk også skadd gjennom nesten heile oppkøyringa. Det same gjorde Eiliv-Tore Howlid.

Scora mange, slepte inn mange

Treningskampane viste også blanda drops. Av 13 oppkøyringskampar (inkludert tre Hareid Group Vintercup-kampar) var det berre 4-2-sigeren mot Hødd 2 som var særleg å snakke om. Men i løpet av desse kampane fekk mange spelarar, ikkje minst dei unge, mykje speletid. At Kim-Tore Husøy og Georg Eikrem Olsen bøtta inn mål gjennom heile oppkøyringa var også noko positivt å ta med seg.

Men mange var skeptiske. NM-kampen borte mot Bergsøy (5-3-tap) før seriestart bekrefta mange sine mistankar. Hareid hadde mykje å fare med offensivt, men sleit defensivt med mange baklengsmål. Ei forklaring låg i at stallen var blotta for midtstopparar, og ymse backar og midtbanespelararar måtte omskolerast til å ta dei rollene.

Varierande vårsesong

Men ting begynte å dette på plass etter kvart. Hareid imponerte ikkje altfor mykje då det vart 2-1-siger mot Ørsta i serieopninga, men den rutinerte kapteinen Tore Johan Ytre-Hauge hadde akkurat komme på plass. Ronny Jørgensen var med frå tredje serierunde av. Hareid sin vårsesong var som venta varierande. Det var ofte få spelarar å velje mellom når laget skulle takast ut. At Kim-Tore Husøy fekk fire kampar karantene etter ein episode i andre seriekamp hjelpte ikkje akkurat på.

Nokre høgdepunkt vart det også i vårsesongen. Hareid viste seg som eit godt heimelag og tok mellom anna sterke sigrar mot Valder og Rollon på Hareid stadion. Borte var det verre. 5-2-tap mot Godøy, 4-1-tap mot Norborg og 7-3-tap mot Langevåg vitna ikkje akkurat om at Hareid var eit stabilt topplag. Etter dei sju første rundane var fasiten 3-0-4, og lokalavisa mente Hareid skulle passe seg om det ikkje skulle bli 5.-divisjonsspel i 2012. Heldigvis heldt Hareid hovudet kaldt på tampen av vårsesongen og slo botnlaga MSIL, Hovdebygda/Volda 2 og FK Sykkylven.

Fasiten etter vårsesongen var dermed 6-0-5, og Hareid låg 6.-plass midtvegs.

Røyset og Rise flytta heim

Positivt for konkurransen om plassane var det at Nikolai Røyset flytta heim, og var med frå slutten av vårsesongen av. Heim kom også Marius Rise, som var med heile haustsesongen. Eiliv-Tore Howlid spelte berre to kampar om våren, men var med på det meste etter sommarpausen. Berre Tore Bjørge Mjønes (studiar i Trondheim) forsvann frå stallen i løpet av sommaren.

Oppturen startar

Då Hareid opna haustsesongen med bortekamp mot Ørsta var både 11-aren og benken fylt opp med kvalitetsspelarar. Hareid vann kampen 2-0, og viste dermed at det skulle vere fullt mogleg å vinne kampar også utanfor kommunegrensene. Deretter følgde ein 3-1-siger heime mot Norborg, og vi ana at denne sesongen kunne komme til å bli ganske bra. Men den store omvendinga kom kanskje i bortekampen mot Rollon runden etterpå. Hareid mangla seks sentrale brikker, men vann likevel 6-1! ”Reservane” til Hareid viste at dei hadde tatt stor steg i løpet av året. Ronny Jørgensen var tilbake til neste kamp, og scora fire mål då Hareid massakrerte Godøy 9-1 på Hareid stadion.

Knuste serieleiaren

Då Hareid gjesta serieleiar Valder runden etter ville Hareid ta over tabelltoppen ved siger. Og Hareid leverte sin kanskje beste kamp for året og vann heile 5-1. Jørgensen og Husøy briljerte på topp, Fredrik Aursnes det same på høgrekanten. Og no viste forsvaret for alvor at lekkasjane i treningskampane og enkelte av vårkampane var eit tilbakelagt kapittel.

Ny klubbrekord

Hareid leia dermed 4.-divisjon seks kampar før slutt, og såg seg aldri tilbake. Tre nye sigrar følgde; 3-1 borte mot Blindheim (då lausna det verkeleg etter ein nervøs 1. omgang), 4-2-siger heime mot topplaget Spjelkavik (ikkje årets beste kamp, men kanskje den viktigaste) og 4-1 borte mot jumbolaget Hovdebygda/Volda 2. Hareid hadde no vunne ni strake seriekampar, noko som var ny klubbrekord.

Feila mot MSIL

Situasjonen tre rundar før slutt var grei; Hareid måtte vinne to kampar for å ta 1.-plassen i avdelinga (den einaste plassen som ville gi opprykk). Og sjølvsagt måtte det blir meir spennande enn nødvendig. Hareid vart nedkjempa av eit akutt nedrykkstruga MSIL-lag, som vann 2-1 på Hareidsmyrane stadion. Kampen viste at utan Ronny Jørgensen og Tore Johan Ytre-Hauge (begge skadde) så mangla Hareid den nødvendige roa i det oppbyggande spelet. Både Jørgensen og Ytre-Hauge måtte gi seg tidleg i bortekampen mot FK Sykkylven runden etter. Men då leia Hareid alt mykje. 4-0 vart det, og Hareid nytta heile 18 spelarar i løpet av kampen. Seks bortesigrar på rad i serien var forresten endå ein ny klubbrekord.

Opprykksdramaet

Dermed var saka grei før siste runde, då Hareid fekk besøk av topplaget Langevåg. Tok Hareid poeng ville det bli opprykk og KM-tittel. Men tapte Hareid, samtidig som Valder slo Ørsta heime, ville Valder ta 1.-plassen. Hareid var best gjennom nesten heile kampen, men det var Langevåg som tok leiinga etter eitt av deira få skikkelege forsøk. Samtidig gjekk det rykte om at Valder leia 1-0 mot Ørsta, og om ikkje spelarane var nervøse så var i alle fall dei over 200 tilskodarane (i eit skikkeleg dritver) det. Men til pause toppa Hareid framleis tabellen. For på Valderøya hadde Ørsta utlikna.

Hareid tok tidleg kommandoen etter pause, og utlikna kjapt ved eit flott skot av Fredrik Aursnes. Same mann slo corneren då Kim-Tore Husøy heada inn 2-1 seinare i omgangen. Det såg ut til å gå vegen, men mange fekk seg ein støkk då Langevåg utlikna på eit straffespark ingen forstod mykje av. Då var 2. omgang berre halvspelt. Hareid køyrde på, og flytta fyrtårnet Marius Rise opp som spiss då Ronny Jørgensen måtte kapitulere. Og nettopp Rise skulle bli den store helten for Hareid, då han i det 81. minutt krangla ballen over mållinja.

Vann med fem poengs margin

Hareid vann 3-2, og på Valderøya hadde faktisk Ørsta snudd til 2-1-siger. Dermed vann Hareid 4.-divisjon fem poeng framfor Spjelkavik og seks framfor Valder. Det som lenge såg ut til å bli ein sesong på det jamne kunne altså kronast med seriegull etter ein fantastisk haustsesong. Etter 2010-sesongen hadde Hareid tatt eit halvt steg bak med tanke på kva divisjon laget var i år. No hadde laget tatt eit heilt steg fram, og i 2012 skulle Hareid for første gong møte anna motstand enn sunnmørslag i seriespelet.

Dagen etter Langevåg-kampen vart det halde opprykksfest på Eljas-garden. God stemning, der trubaduren Ronald Øvrelid og stand up-komikaren Oddgeir Fjelle stod for god underhaldning.  

Fredrik Aursnes, enno ikkje fylt 16 år ved sesongens utløp, vart kåra til årets Hareid-spelar. Joachim Røyset fekk pokalen som årets unge spelar (to år etter at han vann den sist). Kim-Tore Husøy vart Hareids toppscorar i serien med 18 mål. Georg Eikrem Olsen (32) scora flest totalt.

PS. Hareid deltok i to turneringar denne sesongen, begge arrangert av Hareid IL. I Hareid Group Vintercup vart Hareid nummer to etter finaletap mot Langevåg. I Hareid Group Sommarcup (spelt med tabell) tok også Hareid sølvet, på målskilnad bak Langevåg. Dermed ekstra herleg å slå akkurat Langevåg i seriefinalen.  

Av: Einar Orten Trovåg

ARRANGEMENT

Årsmøte Fotballgruppa

Onsdag 21.11.18. Kl. 19.00

Klubbhuset

__________________________

Påmelding er open!

__________________________

MiTT VALG KURS

27.oktober

Melshorn Hotell

 

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR