hareid_il_logo_135.png









 

2008

Dag Gøran Brandal mot AaFK 2.

Dag Gøran Brandal mot AaFK 2.

Trass store skadeproblem hang Hareid med i toppen langt ut i sesongen. Men ein elendig slutt på året øydela hovudinntrykket.

Hareid gjorde i 2007 sin beste sesong sidan 1992, og satsa på å gjere det endå betre i 2008. André Skotheim heldt fram som trenar, ei oppgåve han delte likt med Geir Televik – fjorårets assistent.
Det såg bra ut for Hareid om vinteren, og fungerande fotballformann Ole Frank Bakken gjekk ut i avisa og snakka om opprykk. Rett nok flytta viktige Tore Ytre-Hauge til Australia, men ei rekke gode forsterkningar kom inn. Jon Erik Ertesvåg, Ole Magnus Melchior og Torgeir Rusten (via eit kort opphald i Ørsta) kom alle frå Hødd. Det same gjorde Daniel Hansen, som hadde eit kort opphald i Hareid i 2006. I tillegg vart stortalentet Christian Mork flytta opp i a-stallen. Det var stor interesse for å bli med i Hareid sin a-stall denne sesongen, og ca. 10 personar fekk ikkje bli med. Denne ”nedskjeringa” viste seg seinare å vere feil.

Problema starta i februar, då Ronny Jørgensen (toppscorar og årets spelar i 2007) rauk korsbandet. I staden for å ta nye steg i høve fjoråret, måtte han ta eit heilt år på sidelinja.

Hareid spelte mange treningskampar, med varierande resultat. Cupen vart ingen suksess, med tap mot Langevåg i ekstraomgangane i 1. kvalikrunde.  Sesongstarten vart akkurat like god som i 2007; tre sigrar på dei tre første. Veldig imponerande, sidan Hareid i april og mai mangla haugevis av sentrale spelarar grunna skadar. I fjerde seriekamp, borte mot FK Sykkylven, klarte Hareid knapt å stille 11 mann frå a-stallen. Og då kom årets første tap. Resten av vårsesongen klarte Hareid seg veldig bra. Berre to tap, begge mot Giske-lag (heime mot Valder og borte mot Godøy).

Hareid hang altså med i toppen midtvegs, veldig bra med tanke på alle skadane i stallen. Jon Erik Ertesvåg spelte ingen seriekampar for Hareid, og Torgeir Rusten var også ofte skadd. Om våren fekk Kim-Tore Husøy problem med leggane. Han kunne ikkje trene, men spelte likevel kampane (og då naturlegvis ikkje like bra som om han hadde trena). Som om ikkje det var nok, måtte Vagn Scheide gjennom ein kneoperasjon som sette han ut av heile haustsesongen. Men Audun Orten Trovåg vart henta tilbake frå Hødd på lån, og stod godt i Mork sitt fråver. Til sommaren flytta både Ole Magnus Melchior og Nikolai Røyset, dei to som hadde delt på å spele høgreback. Men Joachim Moldskred flytta heim, og Dag Gøran Brandal kom over frå Bergsøy. Daniel Nustad, ein av dei som vart ”sendt vekk” i sesongoppkøyringa, fekk kome tilbake igjen. Denne sommaren ønska også Thomas Sætre Hauge å melde overgang frå Bergsøy, men dei nekta han i å bytte klubb (Hauge kom til Hareid vinteren 09).

I første haustkamp var det faktisk Stian Myrene som vakta buret. Han var noko utrent, men skal ikkje ha skuld i at Hareid tapte 7-1 borte mot AaFK 2. 2-2 heime mot Blindheim i neste kamp var ikkje mykje å skryte av, men så slo Hareid til med å vinne tre strake kampar. Eigentleg slepte ikkje Trovåg inn mål i nokon av desse kampane, men linjedommar Bjarte Steinsbu godkjente eit mål som ikkje var inne i bortekampen mot Spjelkavik (3-1). Etter 1-0 heime mot FK Sykkylven vann Hareid 1-0 borte mot Langevåg. På det tidspunktet leia Hareid 3. divisjon. Avdelingssigeren var innanfor rekkevidde.

Men Hareid gjekk på ein kollaps av dei sjeldne. Berre eitt poeng vart plukka på dei seks siste kampane. Kvifor det skjedde veit vi ikkje. Men dei mange fråvera kan ha hatt ein del å seie, pluss at lufta nok gjekk ut då Hareid ikkje lenger kunne rykke opp. Til slutt enda Hareid på 6. plass. Isolert sett bra etter alt som skjedde gjennom sesongen, men den svake avslutninga øydela eit elles godt inntrykk.

Martin Andreas Molnberg vart kåra til årets spelar. Even Hansrud vart toppscorar i serien med 10 mål.

Det er verdt å merke seg at Hareid for første gang sidan 90-talet hadde ein landslagsspelar i rekkene. 15-åringen Christian Mork fekk spele for a-laget på dispensasjon, og starta alle kampane han var tilgjengeleg til sett vekk frå éin.

Tekst: Einar Orten Trovåg

ARRANGEMENT

MiTT VALG KURS

27.oktober

Påmeldinglink Mitt Valg Kurs 27.10. 

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 




   SPONSORAR