hareid_il_logo_135.png









 

Ting og tang som vart sagt og skrive i media i 2007

Hareid har god dekning. Laget har 3 målvakter, 7 forsvarsspelarar, 6 midtbanespelarar og 8 løparar.

Vestposten 14. april

Vi går for siger. Men då hjelp det ikkje å vere 95 % fokuserte. Berre 100 % er godt nok

André Skotheim til Vestposten 17. april, før cupkampen mot FK Sykkylven.

Keeperen Sølve Solberg blir i desse dagar speleklar for Hareid. Solberg er austlending, og har trena med Hareid  nesten eit år.

Vestposten 19. april

Ikkje Vagn, men forma. Tysdag skreiv vi at Vagn Scheide Mork dukkar opp når graset blir grønt. Det stemmer ikkje. Det er forma som kjem samtidig med våren. – Eg har vore i trening heile vinteren eg, kommenterer Hareid sin keeper og kaptein.

Vestposten 19. april

Leifen: - Overraskande siger?
Skotty: - Nei, for cupkampen tysdag var jamnare enn resultatet tilsa.

Vestposten. Hareid vann 1-0 borte mot FK Sykkylven i sesongopninga, etter å ha tapt 5-2 i cupen mot same lag tre dagar tidlegare.

Det mest imponerande var kanskje lagstrukturen med eit kompakt forsvar, ei godt jobbande midtbane og raske overgangar i angrepsfasen.

Leifen etter 1-0 mot Volda i 2. serierunde

Det vart ein sjansefattig duellkamp vi kom sigrande ut av. Svak dømming i dag, men det gjaldt begge lag.

Assistenttrenar Johs Riise til Vestposten etter 2-1 mot Langevåg i 3. serierunde.

Eg er litt overraska over at eg skulle kome så fort inn på laget.

Ørjan Engen Grimstad til Vestposten 10. mai, etter tre serierundar.

16 år gamle Ruben-Kenneth Brandal heldt nok ein gong fint nivå på sidebacken. Gode var også tomålsskorar Ronny Jørgensen, Kim-Tore Husøy og keeper Vagn Scheide Mork – i ein kamp der Hareid spelte mange høge ballar i retning oppspelspunktet Ronny Jørgensen.

Leifen etter 2-1 mot Spjelkavik i 5. serierunde

Statistikkførar. Einar Orten Trovåg har teke på seg å ajourføre sesongen når det gjeld resultat, antal kampar og skoringar.

Vestposten 26. april

Ruben har beina på jorda

Sondre Åkervik i Vestposten etter imponerande spel av Ruben-Kenneth Brandal i sesonginnleiinga.

Hareid-trenar André Skotheim skriv på Hareid IL si nettside at denne vårsesongen har vore hans mest minnerike så langt. Hareid toppar som kjent tabellen etter 5 kampar med 12 poeng. Skotheim fortel også at det er utruleg for han og assistent Televik å sjå spelarane ”blø for drakta” – slik dei har gjort hittil i år.

Vestposten

Den nye kunstgrasbana på Hareid bør heite Hareidsmyrane stadion.

Vestposten 31. mai

Eg synest det bør bli sett opp meir kvalifiserte domarar enn dette i slike kampar.

Hødd 2-trenar Per Rune Tødenes etter at laget hans slo Hareid 5-4 i Ulsteinvik.

Utruleg surt å miste sigeren når vi får 3-1 i 2. omgang.

Skotty til Sumpen etter 3-3 mot AaFK  4. juni.

Storslått opning

Vestposten etter at Hareidsmyrane stadion vart opna 15. juni.

No leiar vi serien, og det er moro

Skotty til Vestposten etter 3-1-siger heime mot Ørsta 15. juni.

Kjekkast å vinne, men uavgjort er vel greitt?

Skotty til Sumpen etter 1-1 mot Volda i første haustkamp.

Vi spelar ingen god kamp.

Johs til Vestposten etter 2-0-siger borte mot Spjelkavik.

Stian Myrene tilbake i Hareid-drakta.

Vestposten 21. august

Comebacket i Hødd gjer at Geir Televik må trekke seg som assistent for Hareid.

Vestposten 23. august

Ronny røva alt.

Vestpostens Sondre Åkervik etter at Ronny Jørgensen scora tre og hadde tre målgivande i 7-1-sigeren mot Ørsta i 17. serierunde.

No skal vi vinne resten av kampane.

Ronny til Vestposten etter same kamp.

Ein relativt enkel siger.

Kim-Tore Husøy til Vestposten og Sumpen etter 5-2 mot Valder i 19. serierunde.

Ronny røva alt.

Hareid-sida etter sesongen, etter at oppteljinga viste at Ronny Jørgensen var toppscorar i 3.-divisjon.

ARRANGEMENT

 

Jentefotballens dag

------------------------------

HADARLEIKANE

10. Juni - Hareid stadion

____________________

Sparebank Møre Cup

1. September - Hareid Stadion

Påmeldingslink SBM Cup 2018

 


Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 




   SPONSORAR