hareid_il_logo_135.png









 

2005

Hareid tilbake i toppen
Etter nokre år der Hareid hadde blitt rekna som eit botnlag, skulle sesongen 2005 definitivt skrinlegge den myta for denne gong.

Forandringar i støtteapparatet
Kenneth Moldskred gjekk på sin tredje sesong som hovudtrenar. Roar Riise gav seg som assistenttrenar, og inn kom Andre Skotheim. ”Skotty” skulle i likheit med Moldskred vere spelande trenar. Som oppmenn kom to ringrevar inn, nemleg Harald Møller og Stein Arve Rise. Men kva med materialforvaltar Knut Helge Hovden? Han tok vel ikkje nok ein ny sesong? Jau. Det gjorde han.

Nye spelarar
Tore Ytre-Hauge hadde gjort det godt for Åram/VanKam i 4. divisjon. Framfor denne sesongen meldte han overgang til Hareid, og det skulle vise seg at Ytre-Hauge skulle tackle nivået og vel så det. Bernt Åge Ulstein kom frå 5. divisjonsspel for Herd, men også Ulstein skulle få ein del speletid. Ragnar Røyset hadde spelt ein del altersbestemt fotball for Hareid tidlegare. No var han tilbake, god nok til 3. divisjonsspel.

To spelarar ute heile sesongen
Gunnar Johan Ringstad forlot Hareid til fordel for Brandal, og Per Steinar Otterdal reiste sin kos grunna jobb. Men sett vekk frå desse to var det ingen sentrale spelarar som forlot Hareid. Derimot var det to som ikkje fekk med seg ein einaste seriekamp, grunna langvarige skader. Den eine var Remi Helleseth, som fekk ein stor opptur i karriera si sesongen i førevegen. Den andre var Svein-Inge Nesset, som før dette knapt hadde stått over ein kamp sidan debuten han gjorde som 15-åring i 1999.

Færre juniorar slepp til
I 2003 var Hareid direkte avhengig av juniorspelarar. I 2004 var det også mange som fekk prøve seg. Men denne sesongen hadde Hareid sin stall blitt såpass sterk at færre ungdommar fekk sjansen. Joar Møller og Kjell Roger Skarshaug var så og seie faste, medan Svenn Erik Warholm og Erdal Aydin også fekk starte nokon få kampar. Men dagane då halve a-laget bestod av juniorar var over for denne gong.

Cupeventyret
Cupen hadde definitivt ikkje vore Hareid sin ting dei siste åra. Hareid avanserte til 1. runde i 1996, der det vart stopp mot Hødd. Men noko som kan likne på eit cupeventyr, fekk ikkje Hareidsdølingane oppleve før i 2005. I første kvalifiseringsrunde var Langevåg motstandar på Hareidgrusen. Langevåg viste seg å ikkje vere av gammalt godt merke denne sesongen, og Hareid vann 4-1. Andre kvalifiseringsrunde vart også lagt til Hareidgrusen, då med SIF på motsatt banehalvdel. Kampen vart eit drama av dei sjeldne. For allereie i 1. omgang vart Vagn Scheide Mork utvist. Med det gjekk Stian Myrene i mål, og Hareid hadde ei tung oppgåve framfor seg. Kim-Tore Husøy sendte Hareid i leiinga på straffespark, men ei redusering av SIF gav ekstraomgangar. Der scora Sturla Pilskog det einaste målet, og sensasjonelt nok vann Hareid mot avdelingsvinnaren frå den føregåande sesongen. Det vart snakka om at ein helst ville møte Hødd i 1. runde i NM, men trekninga gav eit enda artigare resultat: Tippeligalaget AaFK skulle kome til Hareid!

Comeback frå gammal ringrev
Alt låg i korta for at Stian Myrene, som var god mot SIF, skulle få stå mot AaFK, sidan Vagn Scheide Mork hadde karantene. Men i staden vart Stig Engen, no 46 år gammal, henta fram igjen. Engen var enno god og topptrent, men det hindra ikkje at mange synest at det vart for dumt. Myrene var jo tross alt reservekeeper, og når førstekeeperen av kva som helst slags grunn ikkje kan spele, så er det ikkje vanleg å hente fram igjen ein som stod for ti år sidan.

Folkefesten
Hareid rapporterte inn at det var i underkant av 700 menneske på Hareid Stadion 11. mai 2005. I ettertid er det vel ikkje til å kome utanom at det var løgn. Truleg var 1400 innom gjerda denne mai ettermiddagen, som på alle måtar vart ein stor folkefest. Rett nok tapte Hareid 4-0 mot Tippeligalaget, men opplevinga for alle involverte var vel likevel god.

Lars-Roar vendte tilbake
Lars-Roar Holstad hadde fått lite speletid på a-laget til Hødd dei to åra han var der. No hadde ulsteinvikarane mista trua på han, og det opna for retur til moderklubben. Og Holstad vart akkurat speleklar til kampen mot AaFK. Hareid stillte med dette laget i cupkampen: Stig Engen – Andre Egset Nupen, Kenneth Moldskred, Marius Rise, Joar Møller – Even Hansrud (Ragnar Røyset frå 70), Kim-Tore Husøy (kaptein), Tore Ytre-Hauge, Andre Skotheim (Kjell Roger Skarshaug frå 39) – Eiliv Tore Howlid, Lars-Roar Holstad (Stian Myrene frå 86. Stian gjekk i mål, og Stig fram som spiss).

Varierande, men god sesong
Generelt for sesongen 2005 kan vi seie at den var varierande. Men dei overraskande og stygge smellane, som 8-0-tapet mot Sykkylven i 2004, var luka vekk. Med tolv sigerar, to uavgjort og åtte tap enda det med ein 4. plass, som til då var det klart beste Hareid hadde prestert på denne sida av tusenårskiftet. Med 63 mål var det berre avdelingsvinnar AaFK 2 som scora meir enn Hareid denne sesongen, men så skal det også seiast at Hareid slapp inn to mål i snitt kvar kamp. Når vi er inne på baklengsmål. Hugsar du Oliveira, den innlånte AaFK-spelaren som var så god på frispark og langskot? Den første keeperen han overlista i Noreg, var faktisk Vagn Scheide Mork. Det var i kampen mellom eit sylskarpt AaFK 2 og Hareid på Color Line Stadion at han suste ballen i vinkelen på eit frispark. Litt av ein meritt å ta med seg, Vagn! AaFK 2 vann kampen 3-0.

Andre minne
Det er vel få som klarer å gløyme oppgjeret mellom Hareid og SIF på Hareid Stadion. Hareid leia 2-0, men så utviste dommaren feilaktig både Erdal Aydin og Marius Rise, samt ein SIF-spelar, og då snudde bortelaget kampen til 4-2 i sin favør. Av positive opplevingar hugsar vi vårkampen mot AaFK 2, som Hareid vann med hockeysiffera 9-4. Då herja Sturla Pilskog og Hallvar Møller! Men Pilskog og Møller var ikkje så lenge på Hareid denne sommaren, og Hareid var definitivt ikkje lenger avhengig av enkeltspelarar for å halde seg i divisjonen.

Suksessen Howlid
Eiliv-Tore Howlid var i ungdomstida offensiv midtbanespelar. Denne sesongen starta han som spiss, der han hadde ansvaret for å vinne duellane, medan Andre Skotheim meir skulle vere den jaktande og avsluttande spissen. Den jobben klarte Howlid bra, men det var først då han vart flytta bak som midstoppar at han verkelg begynte å vise klasse. Med si gode speleforståing utfyllte han Marius Rise godt, så Kenneth Moldskred fann det like greit å plassere seg sjølv på benken.

Rise årets spelar
2005 var året då heimesida til Hareid I.L. fotball for alvor begynte å ta form. Frå og med denne sesongen fekk dei besøkande mellom anna røyste på årets spelar, og responsen var eintydig. Det var midstopparen Marius Rise som fekk ei klar overvekt av røystene, og det er vanskeleg å seie seg ueinig.

Skotty viste gode takter
Andre Skotheim var skadeplaga, men når han var i spelbar tilstand glimta han til ved fleire høve. Den gamle ringreven visste enno kvar målet stod, og scora mellom anna to gonger i 3-0-sigeren mot Sykkylven, årets siste heimekamp.

Kortvarig effekt
Det var fantastisk å sjå at så mange møtte opp då Hareid møtte AaFK i cupen. Men då Volda kom på besøk neste heimekamp, var det dei vanlege 50, 60 som tok turen. Og slik heldt det fram. Det vart til slutt sett ned ein komite for å finne ut korleis ein skulle få fleire på kamp.

Frå Svein Inge Nesset, Henrik Bolstad Banne og Stian Nedberge sitt prosjekt:

2005-sesongen skulle bli ein opptur plasseringsmessig. Kenneth Moldskred tok nok eit år som trenar, og som hjelpetrenar fekk han ringreven Andre ”Skotty” Skotheim. Begge skulle vere spelande trenarar denne sesongen. Før denne sesongen vart det henta inn rutinerte spelarar, noko som førte til at mange av dei juniorane som hadde sett føre seg ein del speletid vart benka. Dette var fyrste året Hareid-laget ikkje bestod av 5-6 juniorar som var faste på fyrstelaget. Dei spelarane som kom inn i troppa var Tore Ytre-Hauge (Åram), Bernt Åge Ulstein (Herd), Ragnar Røyset og Lars Roar Holstad (Hødd). Dette var spelarar som skulle gjere eit godt inntrykk. Lars Roar Holstad, som forlot Hareid i oppkøyringa til 2003 sesongen, var no tilbake etter eit heller mislykka opphald i erkerivalen Hødd. Holstad var ein spelar som kunne bli viktig for Hareid denne sesongen. Ytre-Hauge skulle òg vise seg å bli ein god spelar denne sesongen. Før denne sesongen melde ein spelar overgang til Brandal; Gunnar Ringstad. Men dette kom ikkje til å ”skade” laget i noko særleg grad. To spelarar var skada gjennom denne sesongen, og fekk dermed ikkje muligheita til å spele nokre kampar denne. Spelarane var Svein Inge Nesset og Remi Helleseth. Med ei sterk og ganske rutinert tropp var Hareid tilbake i teten i 3. divisjon. Den store utfordringa denne sesongen var om laget ville takle å ha favorittstempelet på seg. Sesongoppkøyringa gjekk veldig bra utan dei stor skadane på spelarar eller vanskelege treningsforhold. Troppa var klar til å ta utfordringa med å vere ein av favorittane. Sidan laget klarte ein 6. plass forrige sesong, fekk dei i år muligheita å kvalifisere seg til NM. Dette var ei muligheit laget tok godt vare på. I fyrste kvalifiseringskamp var motstandar Langevåg, ein kamp som vart spelt på Hareid grusbane, noko som var ein klar fordel i favør heimelaget. Hareid vann til slutt kampen 4-1. I andre kvalifiseringskamp var motstandar Skarbøvik IF. Denne kampen vart som den fyrste spelt på Hareidsgrusen. Stemninga vart til å ta og føle på. For dette var ein kamp ingen ville tape. Vinnaren av denne kampen kvalifiserte seg nemleg til 1.runde i NM, og då kunne eit lite cupeventyr starte for ein liten klubb som Hareid. Sjølve kampen var full av dramatikk og ein måtte ut i ekstraomgangar for å få kåra ein vinnar. Hareid trakk det lengste strået og vann kampen 2-1 etter ekstraomgangar. Dermed var Hareid klar for fyrste runde i NM. Etter kampen var stemninga stor i Hareidgarderoba, der heiarop som ”jakk og coil” kunne høyrst over heile Hareid. No kunne Hareid ende opp med eit lag frå Tippeligaen som motstandar i 1. runde, og heimekamp var også innan rekkevidde. Trekninga var positiv, og Aalesund FK vart motstandar på Hareid Stadion. Kampen vart spelt 11. Mai, der 700 (offisielt) tok vegen for å sjå kampen. Det vart ikkje siger til Hareid, men laget gjennomførte ein god kamp. Sluttresultatet vart 4-0 til AaFK. Hareid presterte ein god sesong. Hareid enda til slutt på ein god og respektabel 4. plass etter tolv sigarar, 4 uavgjort og åtte tap. Årets toppskårar vart Even Hansrud med 23 skåringar. Årets spelar vart Marius Rise, som var ein viktig brikke i forsvaret. Etter framgangen frå forrige sesong var laget klare til å ta enda eit skritt mot toppen neste sesong.

ARRANGEMENT

Årsmøte Fotballgruppa

Onsdag 21.11.18. Kl. 19.00

Klubbhuset

__________________________

Påmelding er open!

__________________________

MiTT VALG KURS

27.oktober

Melshorn Hotell

 

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR