hareid_il_logo_135.png









 

2004

Nøgd med 2/3 av sesongen.
Hareid var i rivande utvikling, og kjempa lenge i toppen. Men ein for svak siste tredjedel av sesongen øydela for ei topplassering.

Moldskred heldt fram
Kenneth Moldskred og Roar Riise heldt fram som høvesvis hovud- og hjelpetrenar. Kristian Angelsen begynte sesongen som oppmann, men vart avløyst av Bjørn Vegard Bjåstad midtvegs. Og kva med materialforvaltar Knut Helge Hovden? Jau. Han gjekk på enda ein sesong.

”Forsterkingar” frå Hødd
Hødd skulle slanke stallen framfor denne sesongen, og det gjekk utover Dag Gøran Brandal og Robert Ulfstein. Då var Hareid raskt ute, og sikra seg begge to. Men problemet var berre at Brandal var langttidsskadd, og aldri fekk på seg den raude drakta. På si side fekk Ulfstein med nokre treningskampar og ein seriekamp, men då han fekk tilbod om jobb i Spania, var han ikkje vond å be, og med det fekk Hareid lita nytte av dei to forsterkingane.

Ingen sentrale ut
Alle dei sentrale spelarane frå 2003-sesongen var med også dette året. Hallvar Møller, Stian Andre Slotterøy og Sturla Pilskog var berre med rundt sommartider, men klarte sjølvsagt også å gjere seg bemerka denne sesongen. Opp frå juniorstallen kom Henrik Bolstad Banne og Joar Møller. Banne fekk med seg ein del kampar på høgrebacken, medan Møller, som først og fremst spelte seg inn fast i 2005, fekk litt speletid på midtbana på tampen av sesongen. Guttespelaren Erdal Aydin var ein ”hit” i oppkøyringa, men som med Møller var det først og fremst ikkje i år han skulle gjere seg mest bemerka.

Ny kaptein
Vagn Scheide Mork tok over kapteinsbindet etter Andre Egset Nupen. Det låg vel ikkje anna bak valet enn at Mork kom for seint til at kunne blitt valt i 2003. Med si erfaring og rutine var valet av Mork ganske så opplagt.

Topplaget Hareid
Før sommarpausa tok til kunne Hareid skilte med sju sigerar, ein uavgjort og fire tap. Det heldt lenge til ein 2. plass, og optimismen var så stor at det vart arrangert opprykksfest. Minnene strøymer på når vi snakkar om denne våren. Det såg lenge ut til at det skulle gå mot 0-0 i heimeoppgjeret mot Langevåg. Sistnemnte lag hadde eigen fanskare på denne tida, og begynte med allsongen ”Harei e fonøyd me uavgjott”. Men på overtid scora Hallvar Møller to gonger, og Hareid var utvilsamt nøgde med tre poeng. I bortekampen mot Spjelkavik låg Hareid under med to mål, men leiinga vart etter kvart utlikna. Og kampen skulle få ein rimeleg utenkeleg matchvinnar. Gunnar Johann Ringstad hadde vore skadeplaga i lang, lang tid, men hadde etter kvart fått bukt med kneskada, og vart framfor denne sesongen omskulert til venstreback. Og det var nettopp Ringstad som knota inn sigersmålet, 11. juni 2004.

Nye spelarar
Eiliv-Tore Howlid hadde spelt på Hareid så tidleg som i 1994, og gjorde seg sterkt markert. Men med åra forsvann han til Australia, før han dukka opp at sommaren 2004. Howlid sleit med lite speletid denne hausten, men innhoppa viste prov på at han kunne kome tilbake sterkare etterkvart. Ein annan mann som kom til Hareid denne sommaren var Per Steinar Otterdal. Han fekk speletid både på venstrebacken og på midtbana.

God start på haustsesongen
Etter sommarpausa vann Hareid tre strake kampar. 5-1-sigeren mot Hødd 2 på Høddvoll er neppe lett å gløyme. Fleire hundre tilskodarar såg Sturla Pilskog leike seg med forvirra høddarar, og det at Hødd stillte med Georg Aursnes og Cato Eiksund Rogne hjalp heller lite.

Stygge smellar øydela totalinntrykket
Hareid kunne hamna høgt oppe på tabellen denne sesongen. 6. plass var på ei side betre enn året i førevegen, men når Valder, som kapra 2. plassen, berre hadde tre poeng meir, er det nok litt surt å tenke på. For Hareid gjekk på nokre skikkeleg stygge tap i løpet av dei siste rundene. Sykkylven var arena for den verste, då heimelaget vann heile 8-0. Heime mot Bergsøy tapte Hareid tapte 3-0, medan for lengst nedrykksklare Brattvåg vart for sterke i siste serierunde. – Eg er nøgd med 2/3 av sesongen, kommenterte Kenneth Moldskred til media, og meir einig er det vel neppe mogeleg å bli.

Remi tilbake i form
Etter ein noko målmager 2003-sesong, kom Remi Helleseth tilbake i sitt livs form denne sesongen. Han bøtta inn mål etter mål, og scora mellom anna fire i 6-4-sigeren mot Godøy. Elles likna grunnstammen i laget veldig på den som var med i 2003. Vagn Scheide Mork, Andre Egset Nupen, Kenneth Moldskred, Marius Rise, Kim-Tore Husøy, Svein-Inge Nesset, Even Hansrud og Kjell Roger Skarshaug heldt det gåande, og på det jamne var dei fleste av desse betre enn året i førevegen. Og når Hallvar Møller og Sturla Pilskog var heime, ja då hadde laget til og med det lisje ekstra.

Frå Svein Inge Nesset, Stian Nedberge og Henrik Bolstad Banne sitt prosjekt:

04-sesongen vart ein fin opptur for Hareid-laget. Dei unge spelarane som klarte å halde plassen året før, hadde blitt eit år eldre og dermed fått litt meir erfaring på seniornivå. Optimismen var større enn året før. Hareid henta inn 3 ”forsterkningar” før sesongen starta. Desse var Frank Eide (Bergsøy), Kristian Moldskred (Orion) og Robert Ulfstein (Hødd). Det skulle vise seg at ingen av desse spelarane skulle prege Hareid-fotballen denne sesongen. Hareid lærte at dei måtte bli meir kritiske til kven dei hentar inn i stallen, og heller jobbe meir med dei mange talenta som er på vei opp og fram i yngres avdeling. Kenneth Moldskred heldt fram som hovudtrenar denne sesongen, med Roar Rise som hjelpetrenar. Moldskred hadde tru på at mannskapet han jobba med ville forsette framgangen frå fjorårssesongen.

Laget starta med fellestreningar i starten av desember, og Moldskred hadde plukka ut ein stall på 18 mann. Treningane var knallharde, noko som skulle til for at spelarane skulle ha det vetle ekstra i serien. Hareid spelte 8 treningskampar, der ingen av dei enda med siger. Tross dei dårlige resultata var det ingen som hadde dårleg tru inn mot seriestart. Det skal nemnast at laget laga utrulige 14 eller 15 straffespark i desse 8 kampane, noko som heilt sikkert kvalifiserar til ny klubbrekord.

Hareid opna mot divisjonsfavoritten Skarbøvik og tapte 4-1. Etter denne kampen kom resultata og sigrane. Status etter halvspelt serie var 4 tap, 1 uavgjort og 7 sigrar. Dette gjorde slik av Hareid kjempa i toppen av divisjonen. Alt låg til rette for ein bra haustesong. Fellestreningane starta opp 1 veke før fyrste haustkampen, men spelarane hadde heldt forma vedlike på eiga hand. I dei to fyrste kampane etter ferien fekk Hødd 2 og Valder merke at Hareid ville halde fram med å kjempe om divisjonssigeren. Det vart 5-1 siger over Hødd 2 på Høddvoll, og 5-0 over Valder på Hareid stadion. Men Hareid klarte ikkje å halde trykket oppe heile sesongen og enda til slutt på ein fin 6. plass med 35 poeng, og det berre 3 poeng frå andreplassen. Dermed hadde laget framgang denne sesongen også, og var klare for å jobbe knallhardt for å få framgangen til å fortsette. Flest kampar denne sesongen fekk Vagn Scheide Mork med 30 kampar, medan Svein Inge Nesset kom enda på andreplass med 29 kampar. Toppskårar vart nok ein sesong Remi Helleseth med 14 skåringar. Andreplassen tok Hallvard Møller med 10 skåringar på 13 kampar Tredjeplassen gjekk til Svein Inge Nesset, Kim Tore Husøy og Even Hansrud. Hareid har hatt ei formstigning for kvar sesong som går no. Dette har med at laget får stabilisert seg: Ikkje så mange gjekk inn eller ut av laget. Det at eit lag har den same trenar over fleire sesongar er også viktig. Derfor var det viktig at Moldskred skulle halde fram å få framgang i laget. Tre spelarar som fekk sine debutsesongar for Hareid denne sesongen var Henrik B. Banne, Joar Møller (fekk ein kamp 03) og Erdal Aydin.

ARRANGEMENT

MiTT VALG KURS

27.oktober

Påmeldinglink Mitt Valg Kurs 27.10. 

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 




   SPONSORAR