hareid_il_logo_135.png









 

2001

A-laget i høve ein vinterseriekamp mot Vestnes Varfjell i Sunnmørshallen.
A-laget i høve ein vinterseriekamp mot Vestnes Varfjell i Sunnmørshallen.

2001-sesongen vart den sesongen der det viktigaste var å halde plassen i 3 divisjon, og kanskje kjempe om ein plass i NM til neste sesong. Trenar Knut Jens Ertesvåg, som fekk laget opp i 3 divisjon, heldt fram som trenar. Spelarstallen var også omtrent den same som året før. Motivasjonen var på topp, og lysta til å prestere i 3 divisjon var heilt klart til stades. Treningane starta opp tidleg i januar med godt oppmøte og god vilje. Diverre stod ikkje treningsforholda i stil med viljen. Treningar måtte bli avlyst pga. dårlege tilretteleggingar av treningsfeltet. Dette tvinga troppa til å trene alternativt, noko som ikkje ville fungere over tid. Nok eit år spelte Hareid kampar i Sunnmørshallen, der forholda var perfekte. Der låg alt til rett for god fotball. Ertesvåg valte å la alle få prøve seg i treningskampane i Sunnmørshallen, dette for at spelarane skulle få føling med perfekt underlag. Dermed var resultata varierande. Sesongen starta heller dårlig for det unge og urutinerte mannskapet til Ertesvåg. I fyrste kamp vart det tap mot Volda på Hareid Stadion, der resultatet vart 2-1 til Volda. Kampen etter hadde laget dårleg tru på siger, dette fordi Ålesund sine nest beste var motstandarar. Men spelarane bretta opp armane og vann 1-0 etter skåring av Bjørge Worren. Dette viste at laget kunne hevde seg i 3 divisjon. Fram mot sommaren viste det seg at laget presterte mot antatt betre motstand, men klarte ikkje å gjenta bedrifta mot antatt dårlegare motstandarar. Dette hadde sikkert med at laget mangla ein del rutine, noko som siste kampen før sommaren også viser. I den kampen leia Hareid 6-2, men det enda 6-6. Når sommaren var komen hadde Hareid 18 poeng og plasserte seg midt på tabellen. Etter ferien viste det seg at spelarane ikkje hadde haldt vedlike kondisjonen under sommarpausen. Dette førte til eit urovekkande 3-0 tap mot Vigra i fyrste kampen etter ferien. Men spelarane klarte å få opp nivået utover i haustsesongen. På slutten av sesongen vart det kritisk då fleire reiste vekk i samband med skule og militæret. Dermed måtte det enda fleire unge til. Dei fleste trudde at laget kunne stå i fare for å rykke ned. Men dei unge spelarane bretta nok ein gang opp armane og sikra plassen med ganske god margin. Hareid enda til slutt på ein 8. plass, med 31 poeng og ein målforskjell på 44-48. Ei plassering styret og spelarane var relativt nøgde med, sidan målet var å halde plassen i 3. divisjon. Remi Helleseth hadde flest kampar denne sesongen, med 24 affærer på samvitet. Toppskårar vart nok ein gong Bjørge Worren med 15 skåringar. Hakk i hel fylgde Remi Helleseth med 13 skåringar. Remi Helleseth vart også kåra til årets spelar av spelarane i troppa. Kaptein var Kenneth Moldskred (som seinare skulle ta over trenaransvaret i 2003-sesongen.) Denne sesongen det vart ikkje starta opp andrelag i 6. divisjon. Dette fordi a-laget trengde dei spelarane som var i troppa, og fokuset dette året var å halde fyrstelaget i 3. divisjon. I staden vart det starta opp eit juniorlag. Dette laget besto av unge spelarar frå a-laget og andre juniorar. Dette laget hevda seg sterkt og enda på brosjeplass i 1.divisjon for juniorar. A-lagsspelarar som var med på dette juniorlaget var Roy Inge Brandal, Svein Inge Nesset, Andre Nupen, Even Hansrud og Lars Roar Holstad.

ARRANGEMENT

Årsmøte Fotballgruppa

Onsdag 21.11.18. Kl. 19.00

Klubbhuset

__________________________

Påmelding er open!

__________________________

MiTT VALG KURS

27.oktober

Melshorn Hotell

 

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR