hareid_il_logo_135.png









 

2000-talet

Tre av dei mest sentrale Hareid-spelarane dette tiåret, kanskje dei tre aller mest sentrale: Even Hansrud, Vagn Scheide Mork og Kim-Tore Husøy.
Tre av dei mest sentrale Hareid-spelarane dette tiåret, kanskje dei tre aller mest sentrale: Even Hansrud, Vagn Scheide Mork og Kim-Tore Husøy.

Sett under eitt har dette tiåret vore veldig bra. Opprykk i 2000, deretter ni strake sesongar i 3.-divisjon. Høgdepunkta var 2006 med bronsjeplass, og 2007, då Hareid gjorde sin poengmessig beste sesong på 16 år.

Verdt å merke seg er det at Hareid hadde det uvanleg stabilt på trenarsida dette tiåret. Tre sesongar med Knut Ertesvåg, fire med Kenneth Moldskred og tre med André Skotheim førte til det Hareid så sårt mangla på 90-talet; kontinuitet. Dette gjaldt for så vidt også spelarstallen. Med unntak av mellom 2002- og 2003-sesongane, då det var store endringar i stallen, er det mange av dei same som går igjen år etter år. Av spelarar som var med omtrent heile tiåret kan vi nemne Vagn Scheide Mork (2003 og utover), Kim-Tore Husøy (2002 og utover), Eiliv-Tore Howlid (stort sett heile tiåret, med unntak av eit studieopphald i Australia), Remi Helleseth (2000-2008), Marius Rise (2000-2008), Even Hansrud (stort sett heile tiåret) og Svein Inge Nesset (2000-2006+2009).

Eitt år hadde Hareid toppscoraren i 3.-divisjon. Det var då Ronny Jørgensen netta 17 gonger i 2007.

Toppscorarar og årets spelarar dette tiåret:

2009 – Kim-Tore Husøy - 9 mål (alle i serien)
2008 – Even Hansrud - 10 mål (serie) (Kim-Tore Husøy scora flest totalt; 13)
2007 – Ronny Jørgensen - 17 mål (serie) --> Toppscorar i 3. divisjon
2006 – Even Hansrud - 24 mål (toppscorar totalt), Ronny Jørgensen (toppscorar i serien, 15 mål, hadde 23 totalt)
2005 – Even Hansrud - 10 mål (i serien), også flest totalt; 13.
2004 – Remi Helleseth – 14 mål
2003 – Remi Helleseth – 10 mål
2002 – Remi Helleseth - 12 mål (serien)
2001 – Bjørge Worren - 15 mål (serien)
2000 – Bjørge Worren – 34 mål (!)

Årets spelar:
2009 - Steffen Sjåstad Uldbæk
2008 - Martin Andreas Molnberg
2007 - Ronny Jørgensen
2006 - Even Hansrud og Kim-Tore Husøy
2005 - Marius Rise
2004 - Kim-Tore Husøy
2003 - Vagn Scheide Mork
2002 - Sturla Pilskog
2001 - Remi Helleseth
2000 - Sigbjørn Skeide

ARRANGEMENT

Årsmøte Fotballgruppa

Onsdag 21.11.18. Kl. 19.00

Klubbhuset

__________________________

Påmelding er open!

__________________________

MiTT VALG KURS

27.oktober

Melshorn Hotell

 

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR