hareid_il_logo_135.png









 

Resultat frå den store styrkeprøva 2016

Her kjem den endelege resultatlista frå den store styrkeprøva 2016.
Sidan lista er basert på startnummer, viser vi de tre beste her:
I midten Terje Åmelfot 2:10, til høgre Arnt Flatmo 2:17 og til venstre Ole Magnus Melchior 2:20.
Bileta er tekne av fjerdemann, Martin Hauge-Nilsen 2:24.
Vi ser at temperaturen i år var rekordhøg.

resultat_2016_alskleiva.pdf
resultat_2016_korshamna.pdf

Den store styrkeprøva 2016

styrkea.jpg

Den store styrkeprøva 2016 vert søndag 25. September.
Start i vegkrysset på Gamlevegen i Eiksund klokka 10:00.
Det er heil distanse til Korshamna og halv distanse til Alskleiva.
Påmelding ved start.
Startkontigent er kr. 100, kontant.

Vikebladet skriv om arrangementet,

hil_andremann.jpg
40 personar stilte opp og gjekk fjellmarsjen Den Store Styrkeprøva over fjella mellom Eiksund, Alskleiva og Korshamna søndag.

• Leiv Arne Grimstad  Publisert: ;26.09 2016 11:44

Dei aller fleste gjekk full distanse. Somme prøver å "perse" seg, andre tek det roleg.
Terje Åmelfot kom først til Korshamna. Han gjekk/sprang full distanse på 2 timar og 10 minutt. Den uoffisielle rekorden til Joar Moldskred er på 2.09.
Deltakarane kunne melde om gode forhold undervegs, men den kraftige fønvinden beit godt i Bukketroppene. Temperaturen i låglandet låg på over 20 grader. Uvanleg mykje til 25. september å vere.
Det var 18. gong trimgruppa i Hareid IL arrangerte marsjen, som i år også vart kunngjort i bladet kondis.no – noko som sikkert førte til at det kom ein del fleire racerar enn vanleg.
Sidan dette er eit trimtiltak, tek ikkje trimgruppa offisielle tider, men noterer likevel heile minutt på dei som deltek.
|

KART til den store styrkeprøven 2016

styrkepr_va_2016.jpg

Vi legg ut eit kart for den store styrkeprøva, det vil i år ikkje bli levert ut kart ved starten.

Høgdeprofiler til styrkeprøva

styrkepr_va-_h_gdeprofil.jpg

Høgdeprofiler for styrkeprøven

Kart til styrkeprøva

styrkepr_va-_3d.jpg

Kart for turen.

ARRANGEMENT

Årsmøte Fotballgruppa

Onsdag 21.11.18. Kl. 19.00

Klubbhuset

__________________________

Påmelding er open!

__________________________

MiTT VALG KURS

27.oktober

Melshorn Hotell

 

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL