hareid_il_logo_135.png









 

Den store styrkeprøva 2017

google_earth-_styrkepr_va.jpg

Søndag 24. september er det igjen klart for Den Store Styrkeprøva.
I år er det 19. gongen vi arrangerer turmarsjen.
Frammøte på Eiksund i god tid før klokka 10:00 då starten går. Påmeldinga foregår der frå klokka 09:30.
Det vert full og halv distanse.
For halv distanse kan ein starte enten på Eiksund eller på Alskleiva. På Eiksund er det start samtidig som full distanse, medan det i Alskleiva er start klokka 12:00. Påmelding der ifrå klokka 11:30.

f_lgeskriv_den_store_styrkepr_va_2017.pdf
ruteskildring-_den_store_styrkepr_va.pdf

den store styrkeprøva 2015

styrkeprova_2015.jpg

Førehandsomtale av arrangementet i lokalavisa:

http://www.vikebladet.no/sport/article11603899.ece

resultat frå styrkeprøva 2015

20150927_125329.jpeg

Her kjem resultat-lista frå den store styrkeprøva 2015. Resultata er frå dei som har full distanse og resultata frå Alskleiva.

styrkeprova_2015_v3.pdf

KART til den store styrkeprøven 2016

styrkepr_va_2016.jpg

Vi legg ut eit kart for den store styrkeprøva, det vil i år ikkje bli levert ut kart ved starten.

Så raskt har ingen gått "Den store styrkeprøva" før.
eiksundsetra_i_sikte_nett.jpg

Som vanleg var Joar Moldskred den som kom seg først til Korshamna. I år var han rekordrask og brukte berre 2 timar og 6 minutt. Tidlegare har han gått/løpt på 2 timar og 12 minutt og 2 timar og 14 minutt. Halvvegs – i Alskleiva - hadde han brukt 49 minutt.
Martin Hauge Nilsen, som var debutant i denne marsjen, brukte 2 timar og 43 minutt. Under tre timar kom også Leif Rune Solås, på 2 timar og 55 minutt. På kvinnesida hadde Iris Grimstad og Birgit Baade Sunde best tid med 4 timar og 17 minutt.
Fjellmarsjen Den Store Styrkeprøva søndag hadde i år 34 deltakarar.
Av dei 34 gjekk 21 full distanse frå Eiksund til Korshamna. Dei øvrige runda av i Alskleiva.
Arrangøren Hareid IL Trim var uheldige med vêret i år. Etter ein lang periode med finevêr slo det om til regn – for så å klarne opp att dagen etter.
Styrkeprøva er i første rekke ein uhøgtidleg fjellmarsj, men arrangøren set i gang klokkene når startskotet går – og noterer tider for dei som vil nyte fjellturen som fartstrening.
Som vanleg vart det trekt ut fjellstrømpepar på startnumra – og i år vart desse vinnarar: Iris Grimstad, Rune Antonsen, Hallbjørn Sundgot, Marita S. Pedersen og Annette Myklebust.
Det var 16. gongen trimgruppa i Hareid IL arrangerte denne marsjen.

Styrkeprøva 2011

Artikkel frå Vikebladet i 2011

http://www.vikebladet.no/sport/article381953.ece

GEVINstar i styrkeprøva.

20150927_140814.jpg

Vi trekte ut 5 vinnarar til eit par sports-sokker under den store styrkeprøva. Alle fekk levert gevinstane under arrangementet. Dei 5 heldige var:

1. Lidvar Hovden
2. Tore Brandal
3. Matias Gjerde
4. Arild Foldal
5. Hogne Søholt

Den store styrkeprøva 2014.

Den store styrkeprøva vert i år den 21. september.

Den store styrkeprøva går frå Eiksund til Alskleiva og vidare til Korshamna. Dei fleste stopper på Alskleiva.

Starten går frå Eiksund klokka 10. Vi starter frå krysset oppom det gamle fergeleiet på gamlevegen.

Skyss til og frå må deltakarane ordne sjølve.

b_r_imag0517.jpg
ARRANGEMENT

MiTT VALG KURS

27.oktober

Påmeldinglink Mitt Valg Kurs 27.10. 

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL